Arkivet: Prince i bokform
For litt sidan kom eg over I Would Die 4 U i ei hylle, boka den amerikanske forfattaren og musikkjournalisten Touré skreiv om Prince for nokre år sidan – det var i april 2013 eg skreiv om utgivinga på desse sidene.
Det er fleire gode grunnar til å hente fram igjen I Would Die 4 U no som forteljinga om Prince (1958–2016) av openberre grunnar er eit avslutta kapittel. Det er sjeldan ein les bøker om artistar som er så ambisiøst analytiske, og boka understøttar alt som vert tenkt mellom permane, med vurderingar av songar, konsertar og anna Prince føretok seg opp gjennom åra. Det dreier seg mykje om artistens komplekse handsaming av kjønn, seksualitet og religion i det han laga.
Touré går ikkje i trøyttande, kronologisk detalj i si tilnærming til Prince. Likevel veit vi ein heil del om artistens liv når vi har lese boka. Forfattaren er ikkje redd for å tolke produksjonen til Prince biografisk, og mange av lesingane i I Would Die 4 U er både smarte og truverdige. Du får lyst til å lytte, nok ein gong, når du les – og det må jo vere noko av poenget med ei bok om musikk.
Øyvind Vågnes
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.
For litt sidan kom eg over I Would Die 4 U i ei hylle, boka den amerikanske forfattaren og musikkjournalisten Touré skreiv om Prince for nokre år sidan – det var i april 2013 eg skreiv om utgivinga på desse sidene.
Det er fleire gode grunnar til å hente fram igjen I Would Die 4 U no som forteljinga om Prince (1958–2016) av openberre grunnar er eit avslutta kapittel. Det er sjeldan ein les bøker om artistar som er så ambisiøst analytiske, og boka understøttar alt som vert tenkt mellom permane, med vurderingar av songar, konsertar og anna Prince føretok seg opp gjennom åra. Det dreier seg mykje om artistens komplekse handsaming av kjønn, seksualitet og religion i det han laga.
Touré går ikkje i trøyttande, kronologisk detalj i si tilnærming til Prince. Likevel veit vi ein heil del om artistens liv når vi har lese boka. Forfattaren er ikkje redd for å tolke produksjonen til Prince biografisk, og mange av lesingane i I Would Die 4 U er både smarte og truverdige. Du får lyst til å lytte, nok ein gong, når du les – og det må jo vere noko av poenget med ei bok om musikk.
Øyvind Vågnes
Fleire artiklar
Trea vil fortelje meg noko, skriv Ranveig Lovise Bungum.
Foto: Trond Mjøs
Kva ospa og dei andre trea kan fortelje oss
Anders Hovden.
Foto via Wikimedia Commons
Hovdens fredssalme
I 1923 sende Anders Hovden salmen «Joleklokker yver jordi» til bladet Under Kirkehvælv, der han kom på trykk same året.
I kvardagen kan det verte litt stress, til dømes får du ikkje den grøne pynten heilt perfekt. Men her er den herlege tomatsuppa mi med skrei.
Foto: Dagfinn Nordbø
Kvardagen
Det er dei det er flest av, kvardagane.
Teikning: May Linn Clement
Det skulle berre mangla
Det er nok ikkje manglande hjartelag som gjer at folk er interesserte i ord.
Språkrådet har kåra «beredskapsvenn» til årets nyord. Direktør i Språkrådet Åse Wetås seier det var eit openbert val.
Foto: Mariam Butt / NTB
Eit bilete på året som har gått
Språkdirektør Åse Wetås synest årets nyord er godt. At nye ord har stor påverknad, er fjorårets nyord, KI-generert, eit døme på.