Bålet i skogholtet
Laura Veirs, som er aktuell med si tiande studioplate, fortener fleire lyttarar.
Rock
Laura Veirs:
The Lookout
Raven Marching Band/Border
Nokon lurer bak trea i skogen, kanskje kan det vere ulven? «He’s been here before and he’ll be here again», syng Laura Veirs i «Watch Fire», ein av songane på nye The Lookout.
Med enkle, klare bilete teiknar den framifrå låtskrivaren opp eit univers vi kjenner frå folkeeventyra, noko ho også har gjort før. Det som uroa oss for to hundre år sidan, er ikkje så ulikt det som uroar oss i dag, når alt kjem til alt.
Heldigvis held nokon vakt ved bålet. Songens barnerimliknande struktur, der kvar verseline Veirs syng, får sitt motsvar i ein duett, passar til det eventyrlege underlaget, og det er heller ikkje til skade at «Watch Fire» er ein duett med Sufjan Stevens.
Mjuk vellyd
Det har gått snart to tiår sidan Veirs platedebuterte i 1999, men likevel vil mange her til lands kjenne henne berre frå case/lang/veirs (2016), albumet ho gav ut saman med Neko Case og k.d. lang. Det er synd, for soloplatene hennar er av gjennomgåande høg kvalitet. The Lookout er det tiande i rekkja.
Nok ein gong er Tucker Martine med på produsentsida, og det er mykje mjuk vellyd på denne plata. «Seven Falls» kunne lett ha funne ein plass på det smektande, smarte albumet Veirs laga i lag med Case og k.d. lang. Lyttarar som likar god koring, vil ha mykje å glede seg over på The Lookout, der også Jim James (My Morning Jacket) dukkar opp. Dette er songar det er godt å vere i når kveldane vert lysare.
Laura Veirs er ein gåverik og mangfaldig forteljar. Ho har gitt ut barnesongar på plate, og er også aktuell med Libba: The Magnificent Life of Elizabeth Cotten, ei barnebok om livet til ein afrikansk-amerikansk songar fødd og oppvaksen i dei segregerte sørstatane tidleg på 1900-talet.
Kanskje har arbeidet med boka verka inn på songskrivinga til Veirs? I eit intervju med NPR før påske sa ho at fleire av songane på The Lookout dreier seg om kor viktig det er å ta vare på kvarandre, og at det politiske og kulturelle klimaet i heimlandet i Trumps presidentperiode hadde hatt ein innverknad på arbeidet hennar.
Tidvis, som i ein song som «Mountains of the Moon», får Veirs meg til å tenkje på Suzanne Vega, ein assosiasjon eg fekk endå oftare før, og då særleg første gongen eg lytta til henne, med den skarpe, klare akustiske Carbon Glaciers (2004). Lyden har vorte rikare og varmare med åra, men likevel er Veirs først og fremst ein erfaren, kvalitetssikker trubadur – det er ingenting på The Lookout som ho ikkje like godt kunne ha framført åleine med ein kassegitar, og likevel fengsla kvar lyttar i rommet.
Albumet er i sal frå fredag 13. april.
Øyvind Vågnes
Øyvind Vågnes er forfattar og fast musikkskribent i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Carl Friedrich Abel (1723–1787). Utsnitt av måleri av Thomas Gainsborough frå 1777.
Mellom verder
Carl Friedrich Abel var den siste store viola da gamba-virtuosen.
Trea vil fortelje meg noko, skriv Ranveig Lovise Bungum.
Foto: Trond Mjøs
Kva ospa og dei andre trea kan fortelje oss
Anders Hovden.
Foto via Wikimedia Commons
Hovdens fredssalme
I 1923 sende Anders Hovden salmen «Joleklokker yver jordi» til bladet Under Kirkehvælv, der han kom på trykk same året.
I kvardagen kan det verte litt stress, til dømes får du ikkje den grøne pynten heilt perfekt. Men her er den herlege tomatsuppa mi med skrei.
Foto: Dagfinn Nordbø
Kvardagen
Det er dei det er flest av, kvardagane.
Teikning: May Linn Clement
Det skulle berre mangla
Det er nok ikkje manglande hjartelag som gjer at folk er interesserte i ord.