Bugge Wesseltoft i trioformat
Samarbeidet med Dan Berglund og Magnus Öström fungerer på alle plan.
Jazz
Rymden:
Reflections And Odysseys
Bugge Wesseltoft, piano; Dan Berglund, bass; Magnus Öström, trommer. Jazzland Recordings 377 920 6
Når dei to attlevande medlemmene av Esbjörn Svensson Trio (e.s.t.) slår seg saman med vår eigen tangentpioner Bugge Wesseltoft, stig forventningane. Trioen Rymden har alle kjenneteikn på ein all star-konstellasjon. Om nokon har hatt forventningar om at dette skulle bli eit nytt kapittel e.s.t., så har dei gjort opp rekning utan vert. Wesseltoft har for vane å driva med alt anna enn epigoneri. Likevel kan ein finna likskapstrekk. Låtar som «Bergen» og «Homegrown» har ei stram form og kan minna om den heilsvenske trioen.
Wesseltofts initiativ
Trioen har kome i stand på initiativ frå Wesseltoft. Han hadde lyst å spela i ein jazztrio att. Han skal alt ha spelt inn ei plate med amerikansk bassist og trommeslagar, og no altså Reflections And Odysseys med komposisjonar frå alle tre. Dei spenner frå finurlege miniatyrar til mektige, rocka manifestasjonar der dei brukar Svenska Grammofonstudion i Stockholm i fullt mål.
Melankolsk
Plata inneheld også melankolske balladar som gjev rikeleg rom for solistisk utfalding som i «The Lugubrious Youth Of Lucky Luke» og den klangleg søkjande «The Celestial Dog And The Funeral Ship» – sistnemnde med eit overveldande parti strykebass av Berglund og ditto frå Wesseltoft på piano. Han serverer også det mest delikate koret på plata i Berglunds «Pitter Patter». Det er ikkje mange som får så grom lyd av ein Fender Rhodes som Wesseltoft. Det norsk-svenske samarbeidet fungerer på alle plan. Reflections And Odysseys er blitt nett så variert og inspirert som ein kunne vona på.
Lars Mossefinn
Lars Mossefinn er lærar ved Voss gymnas og fast jazzmeldar
i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Fårete blikk: Sjølvsagt ser maten din på deg. Korleis skulle han elles finne vegen til slaktehuset?
Foto: Wikimedia Commons
Sjølvsagt er vi ikkje dei einaste som har skjøna at hovudet til sauen er god mat.
Midtfjords: ein attraksjon Fylkesbaatane var åleine om.
Foto frå boka: Ole Fretheim
Friskt om ferjer
«Til og med bilar vart køyrde frå den eine ferja til den andre midt ute på fjorden.»
Det var ein emosjonell augneblink for unge Gukesh då VM-sigeren var klar.
Foto: Maria Jemeljanova / Fide
Gukesh den attande
Den 18. verdsmeisteren sidan 1886 er berre 18 år gamal, indaren Gukesh Dommaraju.
Stølspurka og dei to grisungane. Enno er alt berre velstand.
Alle foto: Svein Gjerdåker
Soga om stølspurka
Verdas mildaste purke var med på stølen. Det gjekk ikkje som planlagt.
Israelske soldatar på veg inn i nabolaget Shijaiyah i Gaza by for å fordrive fleire hundre palestinarar til ein ukjend stad nord på Gazastipa.
Foto: Moti Milrod / Haaretz / AP / NTB
Ramsalt kritikk av Israels krig i Gaza
Molok er ein page-turner med hendingar som skakar lesaren.