Dagen då du såg den døde kvalen
Harpisten Mary Lattimore utvidar spelerommet.
Mary Lattimore lagar instrumentalmusikk som har eit forteljande element, skriv Øyvind Vågnes.
Pressefoto
Instrumental
Mary
Lattimore:
Silver Ladders
Ghostly International / Playground
Dei tindrande, klare tonane som møter lyttaren i «Pine Trees», det første sporet på Silver Ladders, Mary Lattimores nye album, har ei inviterande kraft, som om artisten forsiktig og med stødig hand leier oss inn i albumets eigenarta lydlege univers og ber oss om å vere med vidare. Det er det gode grunnar til å slå til på.
Openberring
Om du er berre litt som meg, så er det ikkje kvar dag du høyrer eit heilt album laga av ein harpist. Silver Ladders er ei aldri så lita openberring. Det er fascinerande når instrument ein kjenner frå rike, historiske musikktradisjonar, dukkar opp i nye og overraskande lydlandskap, og nye klangar ser dagens lys. Spelerommet vert utvida.
Då eg skreiv om plateaktuelle Kevin Morbys førre album på desse sidene då det kom ut i fjor, merkte eg meg korleis nøkkellåten «Piss River» bar markant preg av ein særleg viktig ingrediens, nemleg Lattimores elegante harpespel, som tangerte artistens rørsle frå det lågmælte til det ekstatiske på uhyre treffsikkert vis.
Det var ikkje første gongen eg hadde høyrt Lattimore setje eit avgjerande avtrykk på ein låt, eller skrive om det, for den saks skuld. Ho har dukka opp, igjen og igjen, på rett plass til rett tid, med folk som Sharon Van Etten, Kurt Vile og Thurston Moore, for å nemne nokre, i studio og på scenen.
Med seg på Silver Ladders har ho gitarist Neil Halstead (Slowdive), og det var i hans studio i Cornwall at albumet vart spelt inn.
Ambient
For denne lyttaren går assosiasjonane til samarbeidet mellom Brian Eno og Daniel Lanois i låtar som «Til A Mermaid Drags You Under» og «Sometimes He’s In My Dreams», der Lattimores krystalliske uttrykk står seg fint saman med Halsteads varme, flytande gitar. På «Chop On The Climbout» kan assosiasjonane fort gå til eit anna sentralt ambientnamn, nemleg Harold Budd, som Lattimore delte scene med på Big Ears-festivalen i 2018.
Silver Ladders har ført meg strake vegen til Lattimores førre album, Hundreds of Days, og no finst det ei stemning der akkurat musikken hennar er den rette, og ingen annan.
Sjølv med eit så stort register er Lattimore ein konsekvent estetikar på sine vis. Omslagskunsten av Becky Suss, som pryder både dette og det førre albumet, passar perfekt, særleg fordi det visuelle tek vare på noko tvitydig og opnande i musikken. Så utstyrer då også ofte Lattimore komposisjonane sine med suggestive titlar som eggar fantasien.
Når du lyttar til det nest siste sporet på førre album, endrar det indre kinomaskineriet ditt seg fort når du høyrer at tittelen er «On the Day You Saw the Dead Whale». Slik kan ein seie at Lattimore lagar instrumentalmusikk som likevel er utstyrt med eit forteljande element, sjølv om det er opp til deg kva rolle det skal spele når du høyrer på.
Øyvind Vågnes
Øyvind Vågnes er forfattar og fast musikkskribent i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Google byggjer nytt datasenter utanfor Skien i Telemark. – Vi kjem til å måtte byggje meir i åra framover, men vi må gjere det med ei anna forståing av at også natur og areal er ein knapp ressurs, seier Mathilde Tybring-Gjedde (H).
Foto: Cornelius Poppe / NTB
Naturplan utan samling
Få opposisjonspolitikarar er nøgde med korleis Noreg skal følgje opp måla i naturavtalen. Mathilde Tybring-Gjedde (H) er ikkje viss på at naturforvaltinga i Noreg kjem til å verte betre.
Øyvind Vågnes var professor ved Institutt for informasjons- og medievitskap ved Universitetet i Bergen og fast musikkmeldar i Dag og Tid.
Foto: Universitetet i Bergen
Øyvind Vågnes (1972–2025)
«Øyvind Vågnes var eit funn for ein avisredaksjon.»
Etter terroråtaket på Charlie Hebdo-redaksjonen 7. januar 2015 var det minnemarkeringar verda over, som her, i Oslo.
Foto: Fredrik Varfjell / AP / NTB
Den livsviktige satiren
Satiren må framleis ha ein heim. Ti år etter attentatet trengst det nytenking i Charlie Hebdo.
Støre og krisa i sosialdemokratiet
Må det ein ny partileiar til for å berga restane av det sosialdemokratiske innslaget i norsk politikk?
Ein politimeister les opp ein rettsordre som stoppar ein protest for veljarregistrering i Selma i Alabama i USA 9. mars 1965, framfor borgarrettsaktivistane Martin Luther King jr. (t.h.) og Andrew Young.
Foto: AP / NTB
Vald, hat, mot
Historia om kampen til dei svarte i USA er soga om ei frigjeringsrørsle som vann – til slutt. Men også om tvisyn og botnlaus menneskeleg fornedring.