Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Musikk

Det blå teppet

Calexico tok ein tur til kysten for å lage ny plate.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Calexico lovar eit møte mellom California og Mexico.

Foto: Wikipedia

2176
20180126
2176
20180126

Rock

Calexico:

The Thread That Keeps Us

City Slang/Playground

Få band har laga musikk meir forankra i eit konkret geografisk landskap enn veteranane i Calexico. Kanskje var det difor den Arizona-baserte gruppa flytta på seg for å lage nye The Thread That Keeps Us?

Rapportane seier at albumet vart spelt inn i eit studio på California-kysten, med utsikt mot Stillehavet, eit uendeleg, blått, glitrande teppe som vel må stå som ein motsetnad til det forblåste ørkenlandskapet som har vore så viktig for bandets uttrykk. Då eg skreiv om Edge of the Sun (2015) i april for tre år sidan, peika eg på grenselandet som eit sentralt kulturelt og estetisk motiv – alt i bandnamnet vert vi lova eit møte mellom det californiske og det mexicanske.

Revitalisert

Den gongen var Sam Beam (Iron & Wine), Neko Case og Greg Leisz gjestar, men no nøyer nøkkelmedlemmane Joey Burns og John Convertino seg med dei fem etter kvart faste medmusikarane i det som er dagens Calexico. Det er ingen dum idé. Det er ei revitalisert utgåve av bandet vi møter i friskt samspel på The Thread That Keeps Us, i seg sjølv ein prestasjon på det som faktisk er det niande studioalbumet frå Burns og Convertino under Calexico-namnet.

Vi lever i ei turbulent tid, og eg tek meg i å lytte etter kommentarar. Det dreier seg trass alt om eit band som er tufta på ei førestelling om at musikk kan oppstå på tvers av grensene. No lever dei under eit regime der presidenten deira vil tette dei same grensene ytterlegare med ein påkosta, ugjennomtrengeleg mur.

Relokalisert

Kanskje grunn nok til ikkje heilt å gi slepp på tex-mex-årene i musikken, og mariachitrompetane er ikkje fråverande denne gongen heller. Og ganske rett, i tekstane dukkar det opp både referansar til krigsmaskinen («Under the Wheels») og til ein maktsjuk bølle som straks gir assosiasjonar til Trump («Dead in the Water»).

Innlandsstaten Arizona har eit ganske anna klima enn California, også i sosio-politisk forstand. Mykje tyder på at Calexicos relokalisering har vore frigjerande på så mange vis.

Øyvind Vågnes

Øyvind Vågnes er forfattar og fast musikkskribent i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Henry «Tippen» Johanson reddar i kampen mot Tyskland i OL i Berlin i 1936. Då det var 2‒0 til Noreg, gjekk Hitler og følgjet hans.

Foto: arkiv / NTB

BokMeldingar

Året 1936 bak nyhenda

Ingen medvitne nordmenn tvilte på storkrig.

Aage G.Sivertsen

Teikning: May Linn Clement

Feature

Flyplassblues

Ingen stad kjenner eg meg så trygg som på ein flyplass.

May Linn Clement

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis