Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Musikk

Det kunne ha skjedd

Kari Bremnes inviterer deg til å gruble med.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
2804
20170901
2804
20170901

Pop

Kari
Bremnes:

Det vi har

Månestein/Musikkoperatørene

I møtet med verkeleg katastrofale nyhende kan vi ta oss i å tenkje at vi sjølve kunne ha vorte ramma av det som skjedde. Kva om det var meg eller mine som stod i det vegkrysset? Kva om det var denne helga vi tok turen? Kva om eg tok bussen ned eit par timar før?

Slike assosiasjonsrekkjer fører ein inn i grubleri. Kva om ein ikkje var fødd inn i eit privilegert liv? Vi vert prøvde som medmenneske, forhåpentlegvis til ein respons som er empatisk, snarare enn egoistisk.

Opningssongen på Det vi har, det nye albumet frå Kari Bremnes, rommar i løpet av knappe fire minutt ein refleksjon rundt dette lagnadsspelet. Teksten rettar seg direkte og konfronterande mot kvar og ein av oss: «Du tok te venstre / takk og lov.»

Litterær artist

«Det kunne skjedd» er inspirert av eit dikt av Wislawa Szymborska, og er imponerande knapp og presis. Så er då også Bremnes ein utprega litterær artist.

Ho har alltid vore ein lesar, og ho er ein rutinert skribent som kjenner fleire sjangrar. Ho arbeidde som journalist i årevis før ho vigde seg til musikken på heiltid. Songpoesien på Det vi har er gjennomgåande elegant, og prega av ei evne til å halde tilbake akkurat der det trengst.

Bremnes fylte 60 år i fjor haust, og er for ein veteran å rekne. Ho er ein av våre folkekjære artistar, med ei rekkje prisar bak seg. Ho platedebuterte med Folk i husan (1980), saman med bror Ola Bremnes, og i år er det faktisk 30 år sidan Mitt ville hjerte, det første soloalbumet hennar, kom ut, ei utgiving som også markerte gjennombrotet som artist.

Bremnes har samarbeidd med brørne Ola og Lars mange gonger opp gjennom åra, og Lars er også med på komponistsida på Det vi har. Produksjonen osar av tette og nære samarbeid, av at musikarane som er med, skjøner akkurat kva songane treng. Bengt E. Hanssen har vore med og komponert, og har produsert og programmert, i tillegg til at han er med på tangentar og kor. Børge Petersen-Øverleir spelar gitarar, det same gjer Hallgrim Bratberg. Med er også Børre Flyen (trommer) og Petter Waldemar Nohr Unstad (bass).

Attkjenneleg

Trufaste lyttarar vil kjenne Bremnes godt att i songane på Det vi har. Ho er god på augneblunkane der alt står og dirrar. Fleire av låtane sirklar inn lagnadstunge mellommenneskelege situasjonar, det vere seg eit tungt, usikkert farvel («Det e min sønn»), eller eit møte der to menneske kjem nær kvarandre, utan at det er så godt å vite kva det skal tyde for liva deira («Kanskje»). Nokre songar nærmar seg novella i skildringa av ein figur, av eit univers («Det må være orden»). Det er mykje å glede seg over på Det vi har.

Det vi har er ute 8. desember.

Øyvind Vågnes

Øyvind Vågnes er forfattar og fast musikkskribent i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Henry «Tippen» Johanson reddar i kampen mot Tyskland i OL i Berlin i 1936. Då det var 2‒0 til Noreg, gjekk Hitler og følgjet hans.

Foto: arkiv / NTB

BokMeldingar

Året 1936 bak nyhenda

Ingen medvitne nordmenn tvilte på storkrig.

Aage G.Sivertsen

Teikning: May Linn Clement

Feature

Flyplassblues

Ingen stad kjenner eg meg så trygg som på ein flyplass.

May Linn Clement

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis