Dolly samlar eit splitta USA
Countrydronninga vil ikkje snakke politikk, men heller synge for alle som vil høyre på.
Ein fersk podkast fortel om ein fascinerande artist og songskrivar Dolly Parton.
Foto: Evan Agostini / AP / NTB scanpix
Countrymusikk er tre akkorder og sanninga, blir det sagt i ein dokumentarserie om country, laga av filmskaparen Ken Burns. Serien er framleis tilgjengeleg hos NRK. Sjølvsagt er Dolly Parton, som nylig fylte 74 år, med alt i første episode. For dei som vil ha eit djupdykk i Dollys liv, er podkastserien Dolly Partons America vel verd å høyre på.
Respekt og kritikk
Serien klarer å balansere respekt og audmjukskap overfor hovudpersonen med kritisk distanse og drøfting av hennar liv og karriere. Dessutan skil serien seg ut som framifrå radiohandverk i ei tid då det er mange podkastar, men ikkje like mykje kvalitet.
Mannen bak serien er Jan Abumrad, grunnleggjar av radioprogrammet Radiolab. Abumrad (47) voks opp i heimstaten til Dolly, Tennesse. Han kjende godt til Dolly, men var ikkje nokon stor fan før han blei med på ein stor konsert med henne i Queens i New York City i 2016. Mens den politiske striden bygde seg opp i nasjonen, var ho i stand til å samle eit publikum på tvers av klasse, legning og sosiale skilnader. Ei mangfaldig forsamling som delte ein felles kjærleik for Dolly, og som var høflege mot kvarandre.
Det fascinerte Abumrad. Så ville tilfellet at faren hans, ein libanesisk lege som hadde slått seg ned i Tennesse, fekk Dolly som pasient ei kort tid på grunn av ei bilulykke. Det oppstod venskap mellom lege og pasient, noko Abumrad først ikkje heilt ville tru, sidan faren ikkje var nokon kjendislege. Men etter kvart såg journalisten at dette var ein veg inn til superstjerna.
Jordnær, som ho også er, i tillegg til å vere superstjerne med kontroll over eit imperium av hits, temaparken Dollywood og ymist anna, sa Dolly ja til å la seg intervjue.
Appellerer til alle
Opptakten til serien er altså banal som ein countrysong. Samstundes eit fascinerande døme på korleis nokre artistar, med tilsynelatande enkle ord og melodiar, kan appellere til ulike menneske i ulike livssituasjonar i ulike delar av verda.
Styrken til dei ni episodane er at Abumrad har eit fast journalistisk grep. Han lèt seg overraske undervegs, utnyttar fortrinna til radioen. Han plasserer Dolly og hennar karriereveg som kvinneleg artist og låtskrivar i riktig kontekst. Vi får også plassert countrymusikken i den amerikanske og globale musikkhistoria. Det er også fascinerande korleis Abumrad ser samanhengen mellom oppveksten til faren i ein libanesisk fjellandsby og oppveksten til Dolly i hennar fjellandsby.
Og han går altså inn på den superkommersielle sida ved verksemda hennar, korleis ho ikkje vil snakke om politikk, sjølv om ho heile livet har utfordra mangt og mykje gjennom songtekstar og karriereval.
Til dei som vil ha endå meir Dolly, er det ein fersk dokumentar på Netflix om og med artisten. Han gjev fleire konsertopptak, men har for mange av dei trøyttande intervjua med diverse kjendisar som tynger slike dokumentarfilmar. Likevel er det interessant å høyre aktivistiske Jane Fonda, som spelte med Dolly Parton i filmen 9 to 5 i 1980, fortelje korleis Dolly etter ein film med krass kritikk av mannssjåvinistiske sjefar, insisterte på ein nøytral posisjon.
Som Dolly sjølv har sagt:
– Eg vil ikkje falle så lågt som å vere moteriktig.
Agnar Kaarbø
Agnar Kaarbø er nyhenderedaktør i Kommunal Rapport.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Trea vil fortelje meg noko, skriv Ranveig Lovise Bungum.
Foto: Trond Mjøs
Kva ospa og dei andre trea kan fortelje oss
Anders Hovden.
Foto via Wikimedia Commons
Hovdens fredssalme
I 1923 sende Anders Hovden salmen «Joleklokker yver jordi» til bladet Under Kirkehvælv, der han kom på trykk same året.
I kvardagen kan det verte litt stress, til dømes får du ikkje den grøne pynten heilt perfekt. Men her er den herlege tomatsuppa mi med skrei.
Foto: Dagfinn Nordbø
Kvardagen
Det er dei det er flest av, kvardagane.
Teikning: May Linn Clement
Det skulle berre mangla
Det er nok ikkje manglande hjartelag som gjer at folk er interesserte i ord.
Språkrådet har kåra «beredskapsvenn» til årets nyord. Direktør i Språkrådet Åse Wetås seier det var eit openbert val.
Foto: Mariam Butt / NTB
Eit bilete på året som har gått
Språkdirektør Åse Wetås synest årets nyord er godt. At nye ord har stor påverknad, er fjorårets nyord, KI-generert, eit døme på.