Etter flaumen
Med What The Flood Leaves Behind har Amy Helm laga sitt beste album så langt.
Amy Helm spelar fleire instrument og bringar tradisjonen frå far sin vidare.
Foto: Ebru Yildiz
Americana
Amy Helm:
What The Flood Leaves Behind
BMG
Amy Helm har lenge vore ein artist å følgje med på, og på What The Flood Leaves Behind syng ho betre enn nokosinne. Somme lesarar vil nok kjenne til henne frå før, frå platene Didn’t It Rain (2015) eller This Too Shall Light (2018), eller frå bandprosjektet Ollabelle, eller frå vokalarbeid for artistar som Donald Fagen og Joan Osborne. Og nokre vil vite at ho er dottera til Levon Helm (1940–2012), som sat bak trommene og song i The Band.
Multiinstrumentalist
Den nye plata er spelt inn i studioet far hennar bygde i Woodstock, i ein gammal låve, der han og husbandet inviterte til konsertar dei siste åra han levde. Amy Helm spela ei viktig rolle i desse Midnight Ramble-kveldane, og ho heldt fram med å arrangere dei etter at faren gjekk bort. I oktober i år kjem det ei (pandemiforsinka) spesialutgåve, då Helm og bandet skal feire det som ville ha vore Levon Helms 80-årsdag på låven.
Amy Helm har dermed vakse opp og inn i musikken, noko som medverkar til at ho er noko av ein multiinstrumentalist (gitar, mandolin, piano, trommer), med øyre for kva for rolle desse instrumenta kan spele i ein song.
Høyr berre på «Carry it Alone», med si finstemde musisering, eit av fleire høgdepunkt på What The Flood Leaves Behind, eller på blåsarane på «Calling Home» og «Breathing». Musikken plasserer seg elegant og treffsikkert i eit americanaterreng der folk, blues, soul og ikkje minst gospel kjem saman, med litt ulik tyngd frå song til song.
Lange liner
Helm trekkjer sjølv liner bakover, til slektsbakgrunn frå Arkansas, og det er ikkje fritt for at eg vert gripen av «Cotton and the Cain», med sine tydelege biografiske referansar, og sitt heilt nydelege, lyriske orgelspel, som garantert vil få fleire enn meg til å tenkje på nett The Bands Garth Hudson. Helm har framført songen på konsert nokre gonger opp gjennom åra. No var det på høg tid å få han ut på plate.
Versjonen av «Are We Running Out of Love» (Daniel Norgren) høyrest med ein gong ut som ein radiohit, du vert gåande og nynne på songen etter at plata er ferdigspelt. Andre songar treng litt meir tid, men sit desto tyngre etterpå.
Albumet hentar tittelen frå det knallsterke opningssporet «Verse 23», der det heiter: «What the flood leaves behind is what we’ve got to make.» M.C. Taylor (Hiss Golden Messenger) skreiv songen for Helm og baserte teksten på ein av dei mest kjende salmane tilskrivne David, den med den fryktlause vandringa gjennom dødsskuggens dal. Med «Verse 23» er vi i eit anna landskap, men det er ikkje skuggefritt, det heller. Ein må byggje med det ein har, og det kan verte sterkt nok – slik er bodskapen frå Taylor og Helm.
Øyvind Vågnes
Øyvind Vågnes er forfattar og fast musikkskribent i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Google byggjer nytt datasenter utanfor Skien i Telemark. – Vi kjem til å måtte byggje meir i åra framover, men vi må gjere det med ei anna forståing av at også natur og areal er ein knapp ressurs, seier Mathilde Tybring-Gjedde (H).
Foto: Cornelius Poppe / NTB
Naturplan utan samling
Få opposisjonspolitikarar er nøgde med korleis Noreg skal følgje opp måla i naturavtalen. Mathilde Tybring-Gjedde (H) er ikkje viss på at naturforvaltinga i Noreg kjem til å verte betre.
Øyvind Vågnes var professor ved Institutt for informasjons- og medievitskap ved Universitetet i Bergen og fast musikkmeldar i Dag og Tid.
Foto: Universitetet i Bergen
Øyvind Vågnes (1972–2025)
«Øyvind Vågnes var eit funn for ein avisredaksjon.»
Etter terroråtaket på Charlie Hebdo-redaksjonen 7. januar 2015 var det minnemarkeringar verda over, som her, i Oslo.
Foto: Fredrik Varfjell / AP / NTB
Den livsviktige satiren
Satiren må framleis ha ein heim. Ti år etter attentatet trengst det nytenking i Charlie Hebdo.
Støre og krisa i sosialdemokratiet
Må det ein ny partileiar til for å berga restane av det sosialdemokratiske innslaget i norsk politikk?
Ein politimeister les opp ein rettsordre som stoppar ein protest for veljarregistrering i Selma i Alabama i USA 9. mars 1965, framfor borgarrettsaktivistane Martin Luther King jr. (t.h.) og Andrew Young.
Foto: AP / NTB
Vald, hat, mot
Historia om kampen til dei svarte i USA er soga om ei frigjeringsrørsle som vann – til slutt. Men også om tvisyn og botnlaus menneskeleg fornedring.