Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Musikk

Farkost i solgangsbris

Hullyboo er lågmælte, men har verkeleg noko på hjartet.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
1756
20190503
1756
20190503

Jazz

Hullyboo:

Farkost

Jakob Eri Myhre, trompet; Tore Brunborg, saksofon; Marius Hirth Klovning, gitar; Bjørnar Kaldefoss Tveite, bass; Mats Mæland Jensen, trommer
Øra Fonogram OF143

Primus motor Marius Klovning har hatt det travelt med Skadedyr, Bogue Chitto og soloplate, så ein oppfølgjar til Hullyboo-debuten Bønner og flesk (2012) har late venta på seg. Den store endringa er at bandet har gått frå å vera trio til å bli kvintett. Debutplata hadde gjestemusikarar, men då var musikken skriven for besetninga gitar, bass og trommer. No er all musikk komponert for kvintett, og det er blåsarane som heile tid formulerer temaa. Det er med andre ord ein grunnleggjande transformasjon bandet har gått gjennom.

Komplekst

Musikken til Hullyboo anno 2019 er meir kompleks både rytmisk og harmonisk. Opningssporet «Varkala», ført i pennen av Myhre, byrjar med eit stakkato 4/4-komp på gitaren som innleiingsvis fungerer som underlag for eit melodiøst tema på trompet og saks, men etter kvart utviklar rytmeseksjonen eit ganske komplekst bakteppe for ein kollektiv improvisasjonssekvens av blåsarane langt unna utgangspunktet. Klovning nyttar seg dels av dei same kompositoriske grepa i «Periferi».

Ujålete

Inspirasjonskjeldene er mange. Masqualero og Kenny Wheeler var dei to først assosiasjonane som melde seg. I Mæland Jensens sjarmerande «Fredag» finn ein ei tydeleg sørafrikansk åre, men det musikalske brygget til Hullyboo har mange smakar, og det blir servert på ein tiltalande ujålete måte. Bandet pressar seg ikkje på, men du vil ha att for å følgja ei venleg oppmoding frå Hullyboo.

Lars Mossefinn

Lars Mossefinn er lærar ved Voss gymnas og fast jazzmeldar
i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Weronika Murek er dramatikar og forfattar og fekk Witold Gombrowics’ debutantpris i 2015.

Foto: Anna Rezulak

BokMeldingar

Presisjon ved surrealisme

Weronika Murek er krevjande i formspråket, men orkar ein å strekke seg litt, kan ein fort oppdage at ein har vakse ein litterær halvmeter.

Ingvild Bræin

Thomas Hylland Eriksen på scenen i Klingenberg kino i Oslo i april, der han heldt føredraget «Syv meninger med livet».

Foto: Helge Øgrim

På tomannshandFeature

Ein forskar kryssar sitt spor

Thomas Hylland Eriksen hylla mangfaldet og ville dekonstruere fleirtalet. Men fann han svaret på dilemmaa knytte til innvandring?

HelgeØgrim

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis