Tett på Cave
Nick Cave tillèt seg eit tilbakeblikk.
Nick Cave fotografert på Paleo-festivalen i Sveits i 2013.
Foto: Laurent Gillieron / Keystone / NTB scanpix
Rock
Nick Cave:
Lovely Creatures: The Best of Nick Cave & The Bad Seeds 1984–2014
BMG/Warner
Film
Regi: Andrew Dominik
One More Time With Feeling
Storbritannia 2016
Nick Cave, som faktisk fyller 60 år i september, er populærmusikkens fremste kunstnar i sin generasjon. I vel tre tiår har han vore ein markant og kvalitetskresen artist, med gjennomgåande høg kvalitet på det han har gjort på plate så vel som på scene, og med ei evne til å ta vare på det essensielle i uttrykket sitt, utan å stivne i si eiga form.
Alt dette er rikhaldig dokumentert på nye Lovely Creatures, der Cave tillèt seg å skode tilbake gjennom ei rikhaldig samling med høgdepunkt. Utgivinga skulle eigentleg komme ut for eit par år sidan, men så måtte det vente, sidan livet til artisten og familien vart ramma av den verst tenkjelege tragedien.
Sommaren 2015 fall nemleg Caves 15 år gamle son i døden frå ei klippe i East Sussex, etter å ha teke LSD, og Cave, som på dette tidspunktet arbeidde med albumet Skeleton Tree, bestemte seg forståeleg nok for å la Lovely Creatures vente.
Han bad også Andrew Dominik om å lage ein dokumentarfilm, noko regissøren takka ja til, utan heilt å vite kva artisten såg føre seg. Utgangspunktet viste seg å vere at Cave ønskte å trekkje seg tilbake, og la filmen tale for seg – han orka ikkje tanken på noko PR-opplegg i samband med platelansering etter det som hadde hendt.
Resultatet vart One More Time With Feeling som no er å få tak i på dvd. Der 20,000 Days on Earth (2014, regissert av Iain Forsyth og Jane Pollard) var leikande, fabulerande og kreativ i omgangen med artistens kreative sjølvframstilling, er den nye filmen rammande direkte. Møtet med Cave og hans næraste er konfronterande ukunstla og rått, og ingen vil sjå filmen utan å la seg merkje av det. Den djupaste sorga er lammande, og ikkje mindre for dei som lever for og av kreativt arbeid.
I eit intervju Cave gjorde med The Guardian for litt sidan kjem det fram at han interesserer seg mindre for den forteljande songen no enn før. Snarare orienterer han seg i aukande grad mot låtar som kryssar tid og rom, slik vår erfaring av livet også har ein tendens til å gjere det – minna om det som har vore, kjem tett på det som er. Kanskje har Caves songpoesi dreidd seg i ei meir ekspresjonistisk retning? «Eg kan ikkje skrive ein song eg ikkje kan sjå», forklarer han i avisintervjuet – der det altså heldigvis kjem fram at Lovely Creatures ikkje er ei endeleg oppsummering, for Nick Cave har fleire nye songar på gang.
Øyvind Vågnes
Øyvind Vågnes er forfattar og fast musikkskribent i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Trea vil fortelje meg noko, skriv Ranveig Lovise Bungum.
Foto: Trond Mjøs
Kva ospa og dei andre trea kan fortelje oss
Anders Hovden.
Foto via Wikimedia Commons
Hovdens fredssalme
I 1923 sende Anders Hovden salmen «Joleklokker yver jordi» til bladet Under Kirkehvælv, der han kom på trykk same året.
I kvardagen kan det verte litt stress, til dømes får du ikkje den grøne pynten heilt perfekt. Men her er den herlege tomatsuppa mi med skrei.
Foto: Dagfinn Nordbø
Kvardagen
Det er dei det er flest av, kvardagane.
Teikning: May Linn Clement
Det skulle berre mangla
Det er nok ikkje manglande hjartelag som gjer at folk er interesserte i ord.
Språkrådet har kåra «beredskapsvenn» til årets nyord. Direktør i Språkrådet Åse Wetås seier det var eit openbert val.
Foto: Mariam Butt / NTB
Eit bilete på året som har gått
Språkdirektør Åse Wetås synest årets nyord er godt. At nye ord har stor påverknad, er fjorårets nyord, KI-generert, eit døme på.