Frå støv til digitalt
Ein omfangsrik CD-boks kastar nytt lys på,
og utvidar, ei klassisk utgiving.
CD-boksen inneheld både tekst og musikk.
Pressefoto
Americana
Diverse artistar:
The Harry Smith B-sides
Dust to Digital
I bluesen ser ein tilbake, og angrar, og det gjer Charley Patton med stor kraft i «Screamin’ and Hollerin’ the Blues», som han spelte inn med gitaren sin ein gong i Richmond i Indiana i 1929. Spørsmålet er: «Ever woke up in the mornin’, jinx all around your bed?» Om svaret er ja, er Patton der for å tilby trøyst.
Songskattar
Det gjer han på The Harry Smith B-Sides, ein ny, praktfull CD-boks frå det vesle plateselskapet Dust to Digital, som har som misjon å puste støvet av ymse songskattar og gjere dei tilgjengelege digitalt. Så kva er det som finst på denne utgivinga?
For å svare på det må vi nok ein gong løfte fram Harry Smiths klassiske The Anthology of American Folk Music (1952), som vi har gjort fleire gonger på desse sidene. Utgivinga har hatt avgjerande innverknad på fleire generasjonar americanaartistar, også etter at materialet kom ut i form av ein CD-boks i 1997, rikt utstyrt med bakgrunnsinformasjon og essaystikk. Som eg har skrive før, dreier det seg om eit høgst tilrådd kompendium ein kan gå seg vill i gjennom eit heilt liv. Og no har det altså vorte endå større og rikare, med The Harry Smith B-Sides, som utgjer noko langt meir enn eit appendiks.
Den myteomspunne Smith (1923–1991) kuraterte på sitt idiosynkratiske vis ei samling tidlegare utgivne songar frå 1920- og 1930-talet, og organiserte materialet i tre doble plater seksjonerte som «Ballads», «Social Music» og «Songs». Samstundes teikna det seg eit kart med liner mellom songane på tvers, som har gitt næring til mykje kreativt arbeid opp gjennom åra. Det er vanskeleg å overdrive tydinga boksen har hatt og held fram med å ha. Men kva kom ikkje med på dette kartet?
B-sider
Då han gjorde utvalet sitt, plukka Smith songar frå 78-plater. Som kjent har slike plater to sider – så kva var det som skjulte seg på B-sidene? Dette er det enkle, men smarte utgangspunktet for The Harry Smith B-Sides, som inneheld 81 songar over fire CD-plater, og flott, velskriven essaystikk i eit medfølgjande hefte.
Der skriv Eli Smith at den nye utgivinga kan reknast som eit spegelbilete av antologien. Og ikkje berre det: Boksen byr altså også på eit godt høve til å tenkje på kva som ikkje kom med den gongen i 1952, og kva det fekk å seie i åra som følgde. Mellom det Smith utelét, finst det mellom anna urfolksmusikk, songar som veks ut frå ein irsk, tysk, italiensk, polsk eller jødisk songskatt, og i særleg grad spanskspråkleg musikk frå grenseområda mot sør og franskspråkleg musikk frå grenseområda mot nord. Somme instrument fekk meir plass enn andre. Smith utelét også songar han opplevde som rasistiske, noko som gav Lance og April Ledbetter i Dust to Digital ei hovudpine då dei sette saman The Harry Smith B-Sides. Til slutt valde dei å ta med alt, for ikkje å late som det ikkje hadde eksistert, men utstyrte boksen med åtvaringar om dei tre problematiske songane som dei var i stuss om kva dei skulle gjere med.
Eg har lytta meg frå 2020 og inn i 2021 med denne boksen og veit jammen ikkje kva eg skal trekkje fram – det er så mykje interessant her, og så mykje som er bra – og for ei breidde! Ein kan saktens lure på kva Smith, som gjekk bort for tre tiår sidan, hadde sagt om han fekk boksen i hendene.
Øyvind Vågnes
Øyvind Vågnes er forfattar og fast musikkskribent i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Trea vil fortelje meg noko, skriv Ranveig Lovise Bungum.
Foto: Trond Mjøs
Kva ospa og dei andre trea kan fortelje oss
Anders Hovden.
Foto via Wikimedia Commons
Hovdens fredssalme
I 1923 sende Anders Hovden salmen «Joleklokker yver jordi» til bladet Under Kirkehvælv, der han kom på trykk same året.
I kvardagen kan det verte litt stress, til dømes får du ikkje den grøne pynten heilt perfekt. Men her er den herlege tomatsuppa mi med skrei.
Foto: Dagfinn Nordbø
Kvardagen
Det er dei det er flest av, kvardagane.
Teikning: May Linn Clement
Det skulle berre mangla
Det er nok ikkje manglande hjartelag som gjer at folk er interesserte i ord.
Språkrådet har kåra «beredskapsvenn» til årets nyord. Direktør i Språkrådet Åse Wetås seier det var eit openbert val.
Foto: Mariam Butt / NTB
Eit bilete på året som har gått
Språkdirektør Åse Wetås synest årets nyord er godt. At nye ord har stor påverknad, er fjorårets nyord, KI-generert, eit døme på.