Full gass
Arcade Fire fornyar arenaformatet.
Florence Welch kom hoppande ut på scenen og framførte ein forrykande versjon av den herlege «Dog Days Are Over» på konserten i London førre fredag.
Konsert
Arcade Fire
SSE Arena, Wembley, London
Det mangla ikkje på spetakkel då Arcade Fire bana seg veg gjennom folkemengda i SSE Arena og fram mot scenen førre fredag kveld. Walter Murphys discoversjon av Beethovens femte dundra ut av høgtalarane, det glitra frå kulene i taket og ei djup showrøyst skulle få oss til å tenkje at vi var på boksekamp, ikkje på konsert.
Eit artig rabalder, spekka med ironiske showbusinessfakter, før vi var hovudstups på veg inn i opninga på fjorårets Everything Now, og moroa kunne ta til for alvor. For det skal dette bandet verkeleg ha, dei gir full gass frå startstreken og heile vegen inn til mål.
Allsong
Repertoaret veksla fint mellom dei fem studioplatene bandet har laga, med særleg vekt på den siste og på den første, Funeral (2004), som også denne kvelden med rette fekk ein markant plass. Den avsluttande publikumsfavoritten «Wake Up», styrkte med ekstrahjelp frå musikarar frå Preservation Hall Jazz Band, fekk heile arenaen til å duve i ein allsong som heldt fram på gata utanfor etterpå.
Fredagskvelden var den tredje av tre kveldar i London, og alle i rommet visste at Chrissie Hynde og Jarvis Cocker hadde dukka opp onsdagen og torsdagen. Kven skulle dukke opp i kveld? Midtvegs kom brått Florence Welch (Florence + the Machine) hoppande ut på scenen for å framføre ein forrykande versjon av den herlege «Dog Days Are Over» (2009). Og ikkje nok med det. Jammen kom sjølvaste Boy George innom for å synge «Karma Chameleon» (1983) og gjorde konserten om til åttitalsfest ei lita stund.
Strålande grep
Konsertar i store, fullpakka rom kan fort føre med seg ein avstand mellom artist og publikum, men dette unngår Arcade Fire med eit kløktig oppsett: Det kvadratiske scenegolvet er plassert midt i arenaen, som ein boksering, og inne i dette sentrerte feltet går ei sirkelforma, opphøgd plattform rundt og rundt. Dei ni musikarane er i konstant rørsle slik at ulike delar av bandet heile tida kommuniserer med ulike publikumsgrupper, eit grep som fungerer strålande. I tillegg fann både Win Butler og Régine Chassagne vegen ut i salen og plasserte seg midt i publikum fleire gonger, ikkje minst i ein minneverdig versjon av «We Don’t Deserve Love».
Arcade Fire har alltid hatt ry på seg for å vere eit høgintensivt sceneband og har ikkje mista noko av energien 14 år etter debutalbumet. Med fem sterke plater i beltet har dei etter kvart fått ein solid katalog å velje frå – og dei varierer meir i uttrykket enn nokon gong før. Herleg kontrastrikt vert det når vi går rett frå øset i den uimotståelege rockelåten «No Cars Go» og rett over i elegante «Electric Blue», der Chassagne verkeleg fekk vist kor godt ho klarer seg i rolla som popdiva. Eit par dusin songar frå denne gjengen, og du går ut i kvelden med eit smil om munnen.
Arcade Fire spelar på Øyafestivalen 8. august.
Øyvind Vågnes
Øyvind Vågnes er forfattar og fast musikkskribent i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Carl Friedrich Abel (1723–1787). Utsnitt av måleri av Thomas Gainsborough frå 1777.
Mellom verder
Carl Friedrich Abel var den siste store viola da gamba-virtuosen.
Trea vil fortelje meg noko, skriv Ranveig Lovise Bungum.
Foto: Trond Mjøs
Kva ospa og dei andre trea kan fortelje oss
Anders Hovden.
Foto via Wikimedia Commons
Hovdens fredssalme
I 1923 sende Anders Hovden salmen «Joleklokker yver jordi» til bladet Under Kirkehvælv, der han kom på trykk same året.
I kvardagen kan det verte litt stress, til dømes får du ikkje den grøne pynten heilt perfekt. Men her er den herlege tomatsuppa mi med skrei.
Foto: Dagfinn Nordbø
Kvardagen
Det er dei det er flest av, kvardagane.
Teikning: May Linn Clement
Det skulle berre mangla
Det er nok ikkje manglande hjartelag som gjer at folk er interesserte i ord.