Hey!
Aldous Harding røskar litt opp i uttrykket sitt på den nye plata.
I august spelar Aldous Harding i Bergen.
Rock
Aldous
Harding:
Party
4AD/Playground
«Hey!» Eg kvepp, for utropet kjem brått og kuttar refrenget i Aldous Hardings vakre pianoballade «Imagining My Man» i bitar, som med kniv, gong etter gong.
Eg har ikkje høyrt ordet ytra med slik effekt sidan The Pixies skreik det frå seg i låten kalla «Hey», på Doolittle (1989). «Imagining My Man», andresporet på dagsferske Party, er ein herleg, liten song om kløfta mellom det ein håpar på og det livet bringar, ikkje minst når det kjem til den romantiske kjærleiken – eit evig tema i populærmusikken, anten ein lyttar til Gershwin eller til Aldous Harding.
Newzealendarens førre album, Aldous Harding – debuten hennar – gjekk nesten under radaren for mitt vedkomande. Den stillferdige, upretensiøse, men solide plata kom til meg i eit skred av andre utgivingar som gjorde meir høglydt krav på merksemd, og først seint i 2014, fleire månader etter at plata kom ut, tok eg meg saman og skreiv nokre ord. Eg lova meg sjølv å halde auga opne etter oppfølgjaren.
Sterke komposisjonar
Party ber i seg kvalitetane frå førre plate – dei sterke komposisjonane, ikkje minst på tekstsida, og den spisse, men vare, distinkte vokalen til Harding. Men Party kjennest rikare.
Artisten har teke turen heilt til Bristol, og fått med seg John Parish (PJ Harvey) som produsent. Det britiske selskapet 4AD står som utgivar av dei nye songane. Plateaktuelle Mike Hadreas, mannen bak Perfume Genius, som vi melde på desse sidene for eit par veker sidan, dukkar opp som gjestevokalist. Han får ein særleg sentral plass på avsluttande «Swell Does The Skull», ein song som ville ha vore eit høgdepunkt på kva plate som helst.
Avtrykket til Parish er tydeleg alt på «Imagining My Man», med minimalistisk, men tydeleg bruk av blåsarar – eit grep som går igjen på Party. Målet med reisa til Bristol har nok vore å røske litt opp i det kviskrande folkuttrykket vi høyrde sist, og tilføre noko skarpt, nett som i det vesle utropet som får slik verknad i songen.
Eit steg vidare
Mest av alt representerer likevel Party eit steg vidare for ein framifrå låtskrivar og artist i rivande utvikling. Songane hennar får framleis kvile i ei uornamentert kraft der det passar seg best, som i «The World is Looking for You».
Eg kan ikkje skjøne anna enn at Harding må vere ein medrivande sceneartist. Dei neste dagane turnerer ho i Europa, med eit lite knippe konsertar i Storbritannia og på kontinentet, utan å ta turen innom Skandinavia. Men seint i august hentar det eminente bookingbyrået Perfect Sounds Forever henne til Landmark i Bergen, berre nokre dagar før dei får Julie Byrne på besøk i same klubb – begge kveldar ein like godt kan hake av i kalenderen med eit aldri så lite ropeteikn.
Øyvind Vågnes
Øyvind Vågnes er forfattar og fast musikkskribent i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Trea vil fortelje meg noko, skriv Ranveig Lovise Bungum.
Foto: Trond Mjøs
Kva ospa og dei andre trea kan fortelje oss
Anders Hovden.
Foto via Wikimedia Commons
Hovdens fredssalme
I 1923 sende Anders Hovden salmen «Joleklokker yver jordi» til bladet Under Kirkehvælv, der han kom på trykk same året.
I kvardagen kan det verte litt stress, til dømes får du ikkje den grøne pynten heilt perfekt. Men her er den herlege tomatsuppa mi med skrei.
Foto: Dagfinn Nordbø
Kvardagen
Det er dei det er flest av, kvardagane.
Teikning: May Linn Clement
Det skulle berre mangla
Det er nok ikkje manglande hjartelag som gjer at folk er interesserte i ord.
Språkrådet har kåra «beredskapsvenn» til årets nyord. Direktør i Språkrådet Åse Wetås seier det var eit openbert val.
Foto: Mariam Butt / NTB
Eit bilete på året som har gått
Språkdirektør Åse Wetås synest årets nyord er godt. At nye ord har stor påverknad, er fjorårets nyord, KI-generert, eit døme på.