Hybridens triumf
Hildo er eit særs vellukka møte mellom folkemusikk og jazz.
Stein Urheim (t.v.), Tore Brunborg, Berit Opheim, Steinar Raknes og Kåre Opheim møttest i studio etter Vossa Jazz i fjor.
Foto: Per Finne
Folkemusikk / Jazz
Tore Brunborg / Berit Opheim:
Hildo
Berit Opheim, vokal; Tore Brunborg, saksofonar og piano; Stein Urheim, gitarar; Steinar Raknes, bass; Kåre Opheim, trommer. HEILO
Dette prosjektet blei urframført i Gamlekinoen på Vossa Jazz 24. mars 2018. Det blei eit av høgdepunkta på festivalen og fekk mykje vellæte frå meldarkorpset. I januar i år var bandet attende på gjerningsstaden med innspelingsutstyr og Tor Magne Hallibakken som teknikar. Prosjektet var godt gjennomarbeidd på urframføringa, og innspelinga har dei nytta til å stramma opp og gjera særtrekk ved arrangement tydlegare.
Hildo er etter segna (og Knut Bjørgås) ei kyrkjeklokke som hang i Vangskyrkja, og som klang så vakkert at bergensarane absolutt ville låna henne. Det gjekk som det måtte gå, ut på Bolstadfjorden kvelvde båten og Hildo fór til botnars. Denne visa, som truleg er den yngste i samlinga, innleier plata med i alt åtte kutt.
Berit Opheim har funne fram til materialet, og Tore Brunborg har hatt eit hovudansvar for arrangementa, men her er det endelege resultatet jobba fram kollektivt. Visene er omarbeidde i svært ulik grad. På den gamle travaren «Finnesloftet» ligg det innleiingsvis eit bass- og trommekomp og pulserer før Urheim diskret fargelegg med gitaren, Brunborg utviklar eit melodiøst og temanært kor som han og Opheim utviklar til eit alternativt tema, før Opheim vender attende til utgangspunktet. Lenger vekk frå utgangspunktet bevegar dei seg med «Springar».
Sjølv om Opheim aldri lèt oss vera i tvil om røtene, er stykket ein glitrande jazz og folkemusikkhybrid. Høgdepunktet på plata er likevel den kjenslevare «Venerus». Duetten mellom Opheim og Raknes er enkel og hypnotisk.
Det er mange aspekt ved innspelinga som ein kan gleda seg over. Kåre Opheims perkusive tilnærming til trommespelet gjer at han klangleg er hand i hanske med Urheim. Brunborg spelar med lågmælt autoritet plata gjennom, og Opheim formidlar dei ulike laga i teksten med ei overtyding berre ho kan. Det er i slike stunder jazz- og folkemusikkfolket bør samlast rundt leirbålet til felles lytting.
Lars Mossefinn
Lars Mossefinn er lærar ved Voss gymnas og fast jazzmeldar
i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Fårete blikk: Sjølvsagt ser maten din på deg. Korleis skulle han elles finne vegen til slaktehuset?
Foto: Wikimedia Commons
Sjølvsagt er vi ikkje dei einaste som har skjøna at hovudet til sauen er god mat.
Midtfjords: ein attraksjon Fylkesbaatane var åleine om.
Foto frå boka: Ole Fretheim
Friskt om ferjer
«Til og med bilar vart køyrde frå den eine ferja til den andre midt ute på fjorden.»
Det var ein emosjonell augneblink for unge Gukesh då VM-sigeren var klar.
Foto: Maria Jemeljanova / Fide
Gukesh den attande
Den 18. verdsmeisteren sidan 1886 er berre 18 år gamal, indaren Gukesh Dommaraju.
Stølspurka og dei to grisungane. Enno er alt berre velstand.
Alle foto: Svein Gjerdåker
Soga om stølspurka
Verdas mildaste purke var med på stølen. Det gjekk ikkje som planlagt.
Israelske soldatar på veg inn i nabolaget Shijaiyah i Gaza by for å fordrive fleire hundre palestinarar til ein ukjend stad nord på Gazastipa.
Foto: Moti Milrod / Haaretz / AP / NTB
Ramsalt kritikk av Israels krig i Gaza
Molok er ein page-turner med hendingar som skakar lesaren.