Intenst og utan fakter
Helge Torvund-tekstar på engelsk er ikkje kvardagskost.
Americana/viser/country
Randi Tytingvåg Trio:
The Light You Need Exists
Randi Tytingvåg, vokal; Dag Vagle, gitar, vokal; Erlend E. Aasland, gitarar, banjo, mandolin, vokal. Gjester: Knut Reiersrud resonator, lap steel; Nils Økland, fele, hardingfele; Sigbjørn Apeland, trøorgel; Rita Eriksen, vokal. Kirkelig kulturverksted FXCD 462
Randi Tytingvåg er ein av desse lågmælte vokalistane som likevel held deg i eit jarngrep. Ho tvingar deg til å lytta, og ho har alltid noko på hjartet. The Light You Need Exists representerer ikkje noko unnatak. Her serverer ho elleve nye låtar, og til å hjelpa seg med å skriva tekstane har ho fått med sjølvaste Helge Torvund. Alle tekstane er på engelsk, og ikkje alt er like djuptpløyande, men det fungerer – ofte på finurleg vis som i «What Will Kiss Your Second Thought?». Høyr på den enkle, nitriste, men akk så vakre «Misery Loves Bad Company». Låten og teksten har alt, og Tytingvåg, Apeland og Økland gjev han det vesle ekstra.
Fast band
Tytingvåg held på sine to faste medmusikantar. Dette er ei herleg samspelt eining både instrumentalt og vokalt, og som kompensasjon for eit mogeleg einsidig lydbilete sper Tytingvåg på med gjesteinnslag i rikt mon. At ho er så raus på dette feltet, er ein viktig kvalitet ved plata – det som hevar utgjevinga frå jamt bra til karrierebeste.
Viktige gjester
Vagle og Aasland er eit solid fundament, og sistnemnde spelar på mange strenger – bokstaveleg talt. I dette lendet finn gjestene seg vel til rette. Økland og Apeland gjer som vanleg alt rett, og det er berre genialt, måten Reiersrud kjem inn på i låten «You Gotta Get Out». Ein klar Spelemann-kandidat i open klasse.
Lars Mossefinn
Lars Mossefinn er lærar ved Voss gymnas og fast jazzmeldar
i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Fårete blikk: Sjølvsagt ser maten din på deg. Korleis skulle han elles finne vegen til slaktehuset?
Foto: Wikimedia Commons
Sjølvsagt er vi ikkje dei einaste som har skjøna at hovudet til sauen er god mat.
Midtfjords: ein attraksjon Fylkesbaatane var åleine om.
Foto frå boka: Ole Fretheim
Friskt om ferjer
«Til og med bilar vart køyrde frå den eine ferja til den andre midt ute på fjorden.»
Det var ein emosjonell augneblink for unge Gukesh då VM-sigeren var klar.
Foto: Maria Jemeljanova / Fide
Gukesh den attande
Den 18. verdsmeisteren sidan 1886 er berre 18 år gamal, indaren Gukesh Dommaraju.
Stølspurka og dei to grisungane. Enno er alt berre velstand.
Alle foto: Svein Gjerdåker
Soga om stølspurka
Verdas mildaste purke var med på stølen. Det gjekk ikkje som planlagt.
Israelske soldatar på veg inn i nabolaget Shijaiyah i Gaza by for å fordrive fleire hundre palestinarar til ein ukjend stad nord på Gazastipa.
Foto: Moti Milrod / Haaretz / AP / NTB
Ramsalt kritikk av Israels krig i Gaza
Molok er ein page-turner med hendingar som skakar lesaren.