Jazz anno 2018
GoGo Penguin byr på overskridande triojazz.
GoGo Penguin er ein jazztrio frå Storbritannia.
Foto: Blue Note Records
Jazz
GoGo
Penguin:
A Humdrum Star
Blue Note/Universal
Gjer deg klar for nok ein jazztrio som er på veg bort frå jazzen, eller utvidar rammene for kva jazz er, alt ettersom korleis du ser det. A Humdrum Star, det nye albumet frå britiske GoGo Penguin, bør skaffe bandet spelejobbar på norske klubbscener så snart som råd.
Musikarane i GoGo Penguin tilhøyrer ein generasjon som tek sjangerbrotet for gitt. Trioen vart stifta i musikkbyen Manchester i 2012, men i formative år som lyttarar og gryande musikarar voks Chris Illingworth (piano), Nick Blacka (bass) og Rob Turner (trommer) opp i eit Storbritannia der drum ’n’ bass dura i veggane på tenåringsromma.
Illingworth og Turner har klassisk musikkutdanning, men då Blacka i eit intervju skulle nemne viktige inspirasjonskjelder for GoGo Penguin, henta han fram namn som Aphex Twin, Radiohead og Jon Hopkins. Man-Made Object (2016), trioens tredje album og det første på Blue Note, stadfesta tydeleg slike impulsar, og dei er også lette å kjenne att på A Humdrum Star.
Kulturell impuls
Det er gode tider for jazzen som kulturell impuls. Jazzmusikken er i stadig rørsle, både innanfor sin eigen indre krins og bortanfor. Berre eit par veker har gått sidan eg melde Nils Frahms jazzmarinerte All Melody på desse sidene. Det er naturleg å sjå A Humdrum Star som nok eit uttrykk for ei omfattande pendling mellom rocken, hiphopen og jazzen, slik dette kjem til uttrykk gjennom til dømes musikken til Kamasi Washington eller David Bowies samarbeid med Donny McCaslin Group på Blackstar (2016).
GoGo Penguin står dermed i tydeleg slektskap med ikonoklastiske pianotrioar som også plateaktuelle The Bad Plus, Robert Glasper Trio og kanskje særleg Neil Cowley Trio, og til ein viss grad ein forgjengar som Brad Mehldau. Likevel dreier det seg om eit band som går sine heilt eigne, rastlaust søkjande vegar. Elektronikaavtrykket er tydeleg og distinkt på A Humdrum Star.
Musikk i tida
Trioen har utstyrt filmen Koyaanisqatsi (Godfrey Reggio, 1982) med ny musikk, seinast framført på The Barbican Centre i London i oktober – eit dristig prosjekt, sidan Philip Glass’ originale lydspor for mange er ein del av filmens identitet.
A Humdrum Star er musikk for vår tid. Å tonesette Reggios film er også eit uttrykk for at GoGo Penguin er utstyrt med eit økologisk medvit. Tittelen på årets album er eit sitat frå astrofysikaren Carl Sagan, som i TV-serien Kosmos (1980) spurde sjåaren: «Kven er vi?» Svaret: «Vi lever på ein uviktig planet, ei keisam stjerne (’humdrum star’) fjernt i ein galakse bortgøymd i eit gløymt hjørne av universet, som rommar langt fleire galaksar enn menneske.» Noko å tenkje på ein stjerneklar kveld, når vi rettar blikket mot himmelkvelven, gjerne til tonane av GoGo Penguin.
Øyvind Vågnes
Øyvind Vågnes er forfattar og fast musikkskribent i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Trea vil fortelje meg noko, skriv Ranveig Lovise Bungum.
Foto: Trond Mjøs
Kva ospa og dei andre trea kan fortelje oss
Anders Hovden.
Foto via Wikimedia Commons
Hovdens fredssalme
I 1923 sende Anders Hovden salmen «Joleklokker yver jordi» til bladet Under Kirkehvælv, der han kom på trykk same året.
I kvardagen kan det verte litt stress, til dømes får du ikkje den grøne pynten heilt perfekt. Men her er den herlege tomatsuppa mi med skrei.
Foto: Dagfinn Nordbø
Kvardagen
Det er dei det er flest av, kvardagane.
Teikning: May Linn Clement
Det skulle berre mangla
Det er nok ikkje manglande hjartelag som gjer at folk er interesserte i ord.
Språkrådet har kåra «beredskapsvenn» til årets nyord. Direktør i Språkrådet Åse Wetås seier det var eit openbert val.
Foto: Mariam Butt / NTB
Eit bilete på året som har gått
Språkdirektør Åse Wetås synest årets nyord er godt. At nye ord har stor påverknad, er fjorårets nyord, KI-generert, eit døme på.