Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Musikk

Kaleidoskopisk

Det er berre å stige inn i Nils Frahms All Melody.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Nils Frahm utforskar ulike måtar å lage lydar på.

2819
20180202
2819
20180202

Ambient / jazz /elektronika

Nils Frahm:

All Melody

Erased Tapes/Border

Enkelte plater er rom ein kan stige inn i, og leve i. Det er berre å kople på høyretelefonane og late att auga, så er du der. Den nye plata til Nils Frahm, All Melody, er ei slik utgiving eg har vend tilbake til gong på gong dei siste par vekene.

Frahm er ein av desse trollmennene som elskar å utforske ulike måtar å lage lydar på, og som opererer frilynt på tvers av sjangrar og tradisjonar. Musikken hans er grunnleggande fri for regelsett så vel som fordomar. På tidlegare album har han vore mykje åleine om å lage det meste, men på All Melody er fleire musikarar med.

Kraft i samspelet

All Melody er laga i Saal 3, eit studio i Aust-Berlin plassert i kringkastingslokalitetar som vart bygde på 1950-talet. Å plassere seg slik, med historie i veggane, verkar som ein ideell strategi. Ikkje minst fekk Frahm, som i ei årrekkje har komponert og framført musikken sin i eit lite heimestudio, også godt med plass – nærare 200 kvadratmeter. Han tok med seg så mykje retroutstyr til Saal 3 at det tok til å likne på eit lite museum.

Mellom markante gjestande musikarar finst eit lite kor som tilfører ein komposisjon som «A Place» noko viktig – kanskje den varmen berre menneskerøysta ber i seg. Sven Kacireks bassmarimba spelar også ei viktig rolle på fleire spor. Frahms ekspansive komposisjonar mobiliserer ei ny kraft i samspelet med andre musiserande menneske, alt får ein annan dynamikk når ein ikkje berre spelar sjakk med seg sjølv.

Sjeldan har eg vore meir i stuss om kva sjanger eg skal plassere eit album i. Kallar du denne musikken «klassisk», «jazz», «ambient» eller «elektronika», treffer det slett ikkje blink. Det er vel det som gjer det så pirrande å lytte. Frahm er ikkje ein lettvektar som shoppar i impulsar. Alt er krese gjort, og alle element fortener plassen sin. Kanskje enkelte referansar gir lesaren ein idé om kva slags musikalske landskap som utfaldar seg: Om du har lytta til Meredith Monk, Jan Johansson, Morten Qvenild eller Arve Henriksen, vil du nesten heilt sikkert finne noko å setje pris på når du lyttar til All Melody. Eg kunne lett ha lista opp dobbelt så mange namn.

Heilskapleg

Då kan det vel sprike i alle retningar, tenkjer du kanskje. Vel, ikkje veit eg korleis Frahm har fått det til, men All Melody kjennest rett så heilskapleg og samanhengande. Kanskje er det vedunderlege, vel åtte minuttar lange sporet «Kaleidoscope» talande som estetisk manifest. Slår du opp i ordboka på kaleidoskopisk, finn du ord som «mangefarga», «skiftande» og «brokete». All Melody er eit dempa kamprop mot båssetting av alle slag, ei plate som nettopp difor aldri vil gå ut på dato.

Øyvind Vågnes

Øyvind Vågnes er forfattar og fast musikkskribent i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Henry «Tippen» Johanson reddar i kampen mot Tyskland i OL i Berlin i 1936. Då det var 2‒0 til Noreg, gjekk Hitler og følgjet hans.

Foto: arkiv / NTB

BokMeldingar

Året 1936 bak nyhenda

Ingen medvitne nordmenn tvilte på storkrig.

Aage G.Sivertsen

Teikning: May Linn Clement

Feature

Flyplassblues

Ingen stad kjenner eg meg så trygg som på ein flyplass.

May Linn Clement

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis