Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Musikk

Kreativ friksjon

Den sjuande studioplata til The National verken overraskar eller skuffar.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Det nye albumet til The National kjem ut i dag.

3155
20170908
3155
20170908

Rock

The National:

Sleep Well Beast

4AD/Playground

«Møt meg i trappa om litt». Slik læt invitasjonen nokre sekund ute i «Nobody Else Will Be There», pianoballaden som har fått opne den nye plata frå The National.

Det er der vokalist Matt Berninger ofte plasserer karakterane i songane sine: i ei trapp, i ein gang, i ei t-banevogn. Dei går i sirklar i eit urbant landskap, og noko er gjerne ikkje heilt som det skal vere. «Eg har alltid skrive om dei same greiene», sa Berninger nyleg i eit intervju i musikkbladet Uncut: «Alt eg vil ha, og alt eg er redd for å miste.» Han er ein nattas songpoet, og ein kresen av slaget, med ein viktig, kritisk rådgivar i ektefellen Carin Besser, tidlegare skjønnlitterær redaktør i The New Yorker.

Hakket betre

Sleep Well Beast er det sjuande studioalbumet frå The National, og det er hakket betre enn Trouble Will Find Me (2013) og nesten på høgde med karrierehøgdepunktet High Violet (2010). Uttrykket er slik vi kjenner det frå desse to platene: elegant, melodisk rockemusikk med ein melankolsk grunntone, utan at det vert for sippete. Komposisjonane er nynneverdige, men samansette, arrangementa er smarte utan å verte snirklete, og Berninger kan vere både underfundig, lakonisk og gåtefull, stort sett utan å verte for kryptisk.

Når The National er så tette at dei kan minne om ein familie, er det fordi dei er nett det. I tillegg til Berninger består bandet av to par brør, og alle fem har vakse opp i Cincinatti. Tvillingane Aaron og Bryce Dessner spelar begge eit utal instrument, og sistnemnde har gitarstudiar ved Yale bak seg og brukar delar av tida si på å komponere symfoniske verk. Bandet kom saman i New York, der Berninger tok til å spele saman med Scott Devendorf (bassgitar), som han budde saman med. Scott fekk med bror Bryan (trommer), som deretter henta inn Dessner-brørne.

På sitt beste

Singelen «The System Only Dreams in Total Darkness» er The National på sitt beste. Carin Besser kom opp med det som vart tittelen då ho skrudde om på Berningers tekst, og låten måtte lagast på nytt heilt på tampen. Han er uimotståeleg, med flott kor i anslaget, eit sprettent, drivande komp, sprakande gitarriff og vilter solo. På typisk vis går Berninger rett inn i rommet der to menneske går rundt kvarandre: «Kanskje eg lyttar meir enn du trur», heiter det i den konfronterande opningslina som hiv oss rett inn i konflikten. Slitande par er Berningers grunnstoff. I «Guilty Party» søv den eine heile tida, medan den andre ikkje får til å sove i det heile. Det høyrest traudig ut, men det vert stor popmusikk av det.

Åra har gått, og gjengen, som no alle er i 40-åra og bur både her og der, i California, Paris, København, nord for New York og i Cincinatti, har alle vorte familiefedrar. Sleep Well Beast representerer ikkje noko brot eller nyvinning for The National, men ber preg av at bandet tek vare på dei sentrale, kreative friksjonane som må vere i spel for at dei skal kunne perfeksjonere den musikken som har vorte deira eigen.

Øyvind Vågnes

Øyvind Vågnes er forfattar og fast musikkskribent i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Henry «Tippen» Johanson reddar i kampen mot Tyskland i OL i Berlin i 1936. Då det var 2‒0 til Noreg, gjekk Hitler og følgjet hans.

Foto: arkiv / NTB

BokMeldingar

Året 1936 bak nyhenda

Ingen medvitne nordmenn tvilte på storkrig.

Aage G.Sivertsen

Teikning: May Linn Clement

Feature

Flyplassblues

Ingen stad kjenner eg meg så trygg som på ein flyplass.

May Linn Clement

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis