Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Musikk
Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Arvid Engegård (t.v.) var med på å stifte festivalen i 2004 og har sidan vore kunstnarleg leiar.

Foto: Lofoten Internasjonale Kammermusikkfest

1657
20210430
1657
20210430

Kyrkjemusikkfest i Lofoten

Det kjem ein sommar, og med den forsiktige, men ambisiøse musikkarrangement av ulikt slag. Seks dagar med Lofoten Internasjonale Kammermusikkfest vert det til dømes 5.–11. juli, med eit program som samlar fleire av landets fremste musikarar: Arvid Engegård stiller både med strykekvartett og trio, og fastbuande og tilreisande kan også glede seg til å høyre Guro Kleven Hagen (fiolin), Ann-Helen Moan (sopran), Eivind Ringstad (bratsj), Louisa Tuck (cello), Elise Båtnes (fiolin) og Björn Nyman (klarinett).

Ein kan vel neppe tenkje seg ei vakrare ramme for ein festival, med 25 konsertar rundt om i landskapet i Lofoten, frå Flakstad kyrkje i vest til Svolvær kyrkje i aust. Kor trøytte vi enn er av smittevernsrestriksjonar, er det ikkje tvil om at kyrkjerommet kan by på eit særleg nært møte mellom musikar og eit lite publikum. Og når du kjem ut i sommarkvelden etterpå, er havet rett der. Det kan ingen pandemi endre på.

Ø.V.

Low feirar klassikar

20 år har gått sidan Low gav ut Things We Lost in the Fire, eit kjært album for bandets lyttarar, og det er vel verdt ei markering. Plata er tema i ei fersk utgåve av podkasten «Life of the Record», der Mimi Parker og Alan Sparhawk fortel om samarbeidet med produsent Steve Albini i Chicago og korleis utgivinga kom til å markere eit vendepunkt i karrieren, med eit meir ekspansivt lydbilete enn før, der strykearrangement, vokalharmoniar og ulike andre teksturar fekk ein prominent plass.

Ei fin stund, og eit godt høve til å leite fram albumet, som held seg knallgodt. Low har også fått laga eit «visuelt album» av utgivinga som det går an å finne vegen til på YouTube.

Ø.V.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Kart: Anders Skoglund, Norsk Polarinstitutt

Feature

Arvingane til Amundsen

Om lag 200 menneske vitjar Sørpolen kvart år. Denne sesongen sette fire nordmenn av garde på ski. Ikkje alle kom fram.

Hallgeir Opedal

Google byggjer nytt datasenter utanfor Skien i Telemark. – Vi kjem til å måtte byggje meir i åra framover, men vi må gjere det med ei anna forståing av at også natur og areal er ein knapp ressurs, seier Mathilde Tybring-Gjedde (H).

Foto: Cornelius Poppe / NTB

Samfunn
Eva Aalberg Undheim

Naturplan utan samling

Få opposisjonspolitikarar er nøgde med korleis Noreg skal følgje opp måla i naturavtalen. Mathilde Tybring-Gjedde (H) er ikkje viss på at naturforvaltinga i Noreg kjem til å verte betre.

Øyvind Vågnes var professor ved Institutt for informasjons- og medievitskap ved Universitetet i Bergen og fast musikkmeldar i Dag og Tid.

Foto: Universitetet i Bergen

MinneordSamfunn
Svein Gjerdåker

Øyvind Vågnes (1972–2025)

«Øyvind Vågnes var eit funn for ein avisredaksjon.»

Etter terroråtaket på Charlie Hebdo-redaksjonen 7. januar 2015 var det minnemarkeringar verda over, som her, i Oslo.

Foto: Fredrik Varfjell / AP / NTB

KommentarSamfunn
Bjørn Kvalsvik Nicolaysen

Den livsviktige satiren

Satiren må framleis ha ein heim. Ti år etter attentatet trengst det nytenking i Charlie Hebdo.

Denne hannen av munk vart fotografert i Oslo i desember 2019.

Foto: Sveinung Lindaas

DyrFeature

Vintermunkar

Fuglen munk har vore sentral i utgreiingar om fugletrekket.

Naïd Mubalegh

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis