Løft blikket
Avind følgjer opp debuten frå 2018 med nye Ta sjansen.
Rock
Avind:
Ta sjansen
Snertingdal Records
«Det blir aldri heilt det same», konkluderer Tonje Tafjord i tittelsporet på den nye plata Ta sjansen, «men det er der framme». Gode ord å ta til seg for nokon kvar, og ikkje minst for dei som treng eit klapp på skuldra eller ein dytt i ryggen i neste bakke.
Dei kan gjerne finne vegen til Avinds oppbyggjelege, menneskenære gitarrock, som er full av ungdommeleg klokskap, og songar som byr på både klapp og dytt. Songar kan falle ned i fanget vårt i løpet av ein travel dag og gjere alt litt betre, eller vi kan leite dei fram fordi dei er ei påliteleg kjelde til støtte når det buttar litt. Eg håpar fleire av songane på Ta sjansen vil falle på plass i begge kategoriar.
Nerve
Nokre lesarar vil hugse at eg skreiv om debutalbumet til Avind på desse sidene for eit par år sidan, og no har Evig blenda (2018) altså fått ein fin oppfølgjar. Det artige, slåande presseskrivet eg har fått med musikken, byr på ei kontekstualisering av det lyttaren har i vente denne gongen, med referansar til ei tid då «norskspråkleg lo-fi indierock var allemannseige», etterfølgt av ein periode med dalande interesse, slik situasjonen var då bandet platedebuterte.
Det kan vere, men på same tid er dette nett ein type songar som ikkje går så fort ut på dato. Tida som har gått sidan førre utgiving, har ikkje mangla på turbulens, og det går an å skjøne av både skrivet eg har fått, og tekstane til Tafjord, at dette ikkje berre gjeld storsamfunnet, men også henne og dei som er med i bandet hennar. Det gir desse songane ein eigen nerve og autentisitet, og utstyrer dei med både ei kollektiv og ei individuell kraft.
Oppbrotsrock
Forutan Tafjord, som syng og spelar gitar, fløyte og piano, er det plass til fire karar i Avind, nemleg Gudmund Bolstad Skjær (gitarar og kor), Øyvind Røsrud Gundersen (gitarar, kor, saksofon og synth), Amund Stokke (bass og kor) og Eirik Kirkemyr (trommer). På nokre songar har musikarar vore innom og tilfører noko fint, som Kaja Fjeldberg Pettersens cellospel på tittelsporet, eller Per Waagøs felespel på den konfronterande, poengterte oppbrotsrockaren «Oss to», der det som må seiast, vert sagt.
Musikken står bandet bak saman, i hovudsak Tafjord, Skjær og Gundersen, og sistnemnde har også produsert Ta sjansen. Ein coverversjon er det likevel plass til, «Så ser eg inn i mørket» (opphavleg tittellåten på Will Oldhams I See a Darkness, 1999), og det seier litt om Tafjords grep om ord og tone at denne klassikaren ikkje stikk seg ut mellom dei elleve spora når ein lyttar til Ta sjansen.
Øyvind Vågnes
Øyvind Vågnes er forfattar og fast musikkskribent i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Trea vil fortelje meg noko, skriv Ranveig Lovise Bungum.
Foto: Trond Mjøs
Kva ospa og dei andre trea kan fortelje oss
Anders Hovden.
Foto via Wikimedia Commons
Hovdens fredssalme
I 1923 sende Anders Hovden salmen «Joleklokker yver jordi» til bladet Under Kirkehvælv, der han kom på trykk same året.
I kvardagen kan det verte litt stress, til dømes får du ikkje den grøne pynten heilt perfekt. Men her er den herlege tomatsuppa mi med skrei.
Foto: Dagfinn Nordbø
Kvardagen
Det er dei det er flest av, kvardagane.
Teikning: May Linn Clement
Det skulle berre mangla
Det er nok ikkje manglande hjartelag som gjer at folk er interesserte i ord.
Språkrådet har kåra «beredskapsvenn» til årets nyord. Direktør i Språkrådet Åse Wetås seier det var eit openbert val.
Foto: Mariam Butt / NTB
Eit bilete på året som har gått
Språkdirektør Åse Wetås synest årets nyord er godt. At nye ord har stor påverknad, er fjorårets nyord, KI-generert, eit døme på.