Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Musikk

Når våren kjem til Nordnes

Utakk lagar bergens-rock med skråblikk.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Den ferske plata til Utakk har noko mildt og forsonande over seg, skriv Øyvind Vågnes.

Pressefoto

2747
20180323
2747
20180323

Rock

Utakk:

Et lite horn i siden

Tik Records

Er det noko min forfrosne heimby Bergen treng no, så er det vel eit vårteikn – og eg er ikkje i tvil om kva som er favoritten min i så måte. Det er å rusle over brusteinen i det forsiktige sollyset og høyre ein song strøyme ut av ei open glasrute, ein liten lydleg lekkasje frå eit liv nokon lever der inne.

Denne våren tillèt eg meg å håpe på at det er «Sanseinntrykk» eg høyrer når eg tek den første turen til Nordnesparken, der studentane etter kvart spreier seg utover graset med grillar og ølboksar. Songen er å finne på Et lite horn i siden, det fine, nye albumet frå bergensbandet Utakk.

«Sanseinntrykk» bør bli ein klassisk bergenslåt, med sin spasertur gjennom Nygårdsgaten, men for all del, den gitardrivne, slakke balladen er universell nok til å passe deg uansett kvar du er.

Bergensrock

Låtskrivar og bandfrontmann Øystein Sundland har nemleg auge for dei store linene, og han er ikkje redd for dei grunnleggande spørsmåla i livet. Når ein rusletur tek ein forbi ein gamleheim, kan ein fort kjenne seg kalla til å leve i noet, men samstundes sjå føre seg ei tid i livet då ikkje alt vert like enkelt.

I møtet med denne kompliserte kjensla kan ein takke for alle sanseinntrykk – «Eg slår meg til ro med de eg fikk, ikkje de eg kommer til å få», syng Sundland: «Det virker ikkje som det fins grenser for kor kjipt en kan ha det og vice versa.»

Bergensdialekta plasserer Utakk trygt i bergensrocken, slik vi også kom forbi Danmarks plass om vi ville lytte til John Olav Nilsen. Den slentrande, avslappa indierocken til Utakk er noko anna, men straks det skarrar i ein r og vi er på veg gjennom Nygårdsgaten, kjem ein ikkje utanom ordet «bergensrock».

Forsonande

Sundland har si eiga tapping. Estetikken er stram og rett fram, men opnar likevel for ein fin varme når noko meir enn elektriske gitarar, bass og trommer finn vegen inn i desse songane, som i den fine koringa på «Sanseinntrykk», dei elegante blåsarane i opningslåten «Universet», den viltre saksofonsoloen (ved Jon Trygve Olsen) i «Instrumenter» eller synthdrivet på «Doktor Natur».

«Eg kan ikkje være hedonist utan å ha dårlig samvittighet», syng Sundland på «Instrumenter». Som desse låttitlane kanskje tyder på, er han ein underfundig tekstforfattar, noko eg vel har peika på før, i omtalar av albumet En pause fra virkeligheten (2013) og EP-en Hesteliv (2014), som var inspirert av biografien til den myteomspunne travkusken Atle Hamre. Et lite horn i siden representerer likevel ei utvikling – plata har noko mildt og forsonande over seg som ikkje heilt var der før. Ta ein lytt.

Øyvind Vågnes

Øyvind Vågnes er forfattar og fast musikkskribent i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Henry «Tippen» Johanson reddar i kampen mot Tyskland i OL i Berlin i 1936. Då det var 2‒0 til Noreg, gjekk Hitler og følgjet hans.

Foto: arkiv / NTB

BokMeldingar

Året 1936 bak nyhenda

Ingen medvitne nordmenn tvilte på storkrig.

Aage G.Sivertsen

Teikning: May Linn Clement

Feature

Flyplassblues

Ingen stad kjenner eg meg så trygg som på ein flyplass.

May Linn Clement

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis