Platestudioet som scenerom
Ein ny spelefilm tek oss med i studio saman med Ma Rainey.
Viola Davis spelar den amerikanske bluessongaren Ma Rainey (1886–1939).
Foto: David Lee / Netflix
Film
Regi: George C. Wolfe
Ma Rainey’s Black Bottom
USA 2020
Dei bryr seg ikkje om meg, seier artisten Ma Rainey (Viola Davis) i ei scene i spelefilmen Ma Rainey’s Black Bottom, og legg til: Dei er berre ute etter røysta mi.
Ho refererer til plateselskapet, representert ved to lett aldrande, kvite menn, som først og fremst ser henne som ei innbringande investering og ivrar etter å spele inn henne og musikarane som har samla seg i eit studio i Chicago.
Ruvande figur
Regissør George C. Wolfes filmatisering av August Wilsons skodespel frå 1982, med manus av Ruben Santiago-Hudson, kjem ut i eit år då Raineys forbitra hjartesukk kling rått, hardt og sant. Det er uråd å førestille seg framveksten av bluesmusikken som noko anna enn ein spesifikt afroamerikansk tradisjon, ein som har vore sentral i å definere den amerikanske kulturarven. Likevel verkar den systemiske rasismen i USA like seigliva som nokon gong, snart eit hundreår etter det historiske tidspunktet denne filmen er lagd til.
Gertrude «Ma» Rainey (1886–1939), som song alt som tolvåring, var mellom dei første profesjonelle bluessongarane og ein av dei første til å spele inn musikken. Rainey og Bessie Smith laga sine første innspelingar tidleg på 1920-talet og vart stjerner. Når vi møter Rainey i Wolfes film, er året 1927.
Rainey er ein ruvande figur i bluesens historie og fekk tilnamnet «the mother of blues». I ein tekst om henne i bluesnummeret av tidsskriftet Agora: Journal for metafysisk spekulasjon, redigert av Geir Rønning (2013), skriv Knut Reiersrud at ho hadde ei røyst som passa framifrå til «det dramatiske uttrykket i blues», ein songstil som var nær dei folkemusikalske bluesformene, og skilde seg frå samtidige songarar som til dømes Mamie Smith (fleire lesarar vil nok også ha høyrt Reiersrud spele Rainey i Bluesasylet på NRK P2). Rainey var ei av «bluesens tøffe damer», for å sitere tittelen på foredraget Kristin Berglund (1953–2006) i si tid gledde tallause nyfikne lyttarar landet rundt med – ein artist med stor glød og like stort temperament. Dermed blir ho stressande uregjerleg for dei nervøse mennene frå plateselskapet som gjer seg klar til opptak i Chicago. Dette er herleg fortalt i filmen.
Marsalis på laget
Regissør Wolfe har fått med seg musikaren Branford Marsalis som komponist og arrangør på prosjektet, og sa i eit intervju nyleg at han visste at han då også fekk historikaren, musikologen og dramatikaren Marsalis på kjøpet, ein som forstår bluesens «ibuande overskridande natur». Viola Davis er strålande som fyrverkeriet Rainey, og likeins er Chadwick Boseman stor i rolla som trompetisten Levee, i det som tragisk nok vart hans siste rolle.
Levee har forslag om ei modernisering av Raineys uttrykk, tempoet skal opp, bandet fram, og han sjølv skal skine med instrumentet sitt, men Rainey vil ikkje ha noko av det. Ma Rainey’s Black Bottom framstår som filma teater, med nokre monologar som sit att i sjåaren lenge etterpå. Å bruke platestudioet som dramatisk scenerom er eit skarpt grep. Slik viser Wolfes film korleis musikk vert til i eit mellommenneskeleg, men også uunngåeleg politisk rom, der trykket er høgt, og implikasjonane av estetiske val er av enorm (og, skal det vise seg, tragisk) tyding for dei involverte.
Agoras bluesnummer frå 2013 er ei av dei fremste skriftlege norskspråklege kjeldene til kunnskap om, og glede av, blues, og det er framleis mogleg å bestille frå Aschehougs nettbutikk.
Ma Rainey’s Black Bottom har premiere på Netflix i kveld.
Øyvind Vågnes
Øyvind Vågnes er forfattar og fast musikkskribent i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Google byggjer nytt datasenter utanfor Skien i Telemark. – Vi kjem til å måtte byggje meir i åra framover, men vi må gjere det med ei anna forståing av at også natur og areal er ein knapp ressurs, seier Mathilde Tybring-Gjedde (H).
Foto: Cornelius Poppe / NTB
Naturplan utan samling
Få opposisjonspolitikarar er nøgde med korleis Noreg skal følgje opp måla i naturavtalen. Mathilde Tybring-Gjedde (H) er ikkje viss på at naturforvaltinga i Noreg kjem til å verte betre.
Øyvind Vågnes var professor ved Institutt for informasjons- og medievitskap ved Universitetet i Bergen og fast musikkmeldar i Dag og Tid.
Foto: Universitetet i Bergen
Øyvind Vågnes (1972–2025)
«Øyvind Vågnes var eit funn for ein avisredaksjon.»
Etter terroråtaket på Charlie Hebdo-redaksjonen 7. januar 2015 var det minnemarkeringar verda over, som her, i Oslo.
Foto: Fredrik Varfjell / AP / NTB
Den livsviktige satiren
Satiren må framleis ha ein heim. Ti år etter attentatet trengst det nytenking i Charlie Hebdo.
Støre og krisa i sosialdemokratiet
Må det ein ny partileiar til for å berga restane av det sosialdemokratiske innslaget i norsk politikk?
Ein politimeister les opp ein rettsordre som stoppar ein protest for veljarregistrering i Selma i Alabama i USA 9. mars 1965, framfor borgarrettsaktivistane Martin Luther King jr. (t.h.) og Andrew Young.
Foto: AP / NTB
Vald, hat, mot
Historia om kampen til dei svarte i USA er soga om ei frigjeringsrørsle som vann – til slutt. Men også om tvisyn og botnlaus menneskeleg fornedring.