Store landskap
Karima Walker har gjort nesten alt på den nye plata si sjølv.
Karima Walker har laga det nye albumet sitt i heimestudioet.
Pressefoto
Americana/ ambient
Karima Walker:
Waking The Dreaming Body
Keeled Scales/Border
Plata har berre 40 minutts speletid, men likevel kjennest det som ein har vore ute på noko av ei reise når ein har lytta seg gjennom Karima Walkers Waking The Dreaming Body.
For sjølv om du kanskje trur du veit kva du har framfor deg i det første møtet med den vevre, innbydande opningslåten «Reconstellated», tek musikken deg snart inn i andre, opnare landskap. «Window I» løyser seg opp i bølgjelyd, og konturane av eit litt anna album enn førsteinntrykket skulle tilseie, tek til å verte tydelege – dette er noko anna og meir enn eit knippe songar.
Multikunstnar
Walker har ei fortid som lyddesignar, og ho har arbeidd ein del på tvers av kunstuttrykk, inkludert både fotografi og film. Desse erfaringane har ikkje berre utstyrt henne med ein eigen sensibilitet, dei har også kome godt med i arbeidet med Waking The Dreaming Body i heilt konkret forstand. Sjå berre på videoen ho sjølv har laga til sporet «Horizon, Harbor Resonance», ein tretten minutt lang instrumental som dreg deg inn med kviskring og dempa orgellydar, og som Walker gir følgje av filmopptak ho sjølv har laga over Rio Grande-dalen, langs grensa mellom New Mexico og Colorado.
Nesten alt som er å høyre på Waking The Dreaming Body, er det Walker sjølv som står for. Opphavleg skulle ho ta med seg materialet i studio i New York, men sjukdom kom i vegen, og deretter var det pandemien som skapte utfordringar.
Kanskje var det likevel til det beste at ho enda med å lage plata sjølv i heimestudioet i Tucson i Arizona? Lag på lag har ho bygd musikken, med gitarar, piano, synth, nokre feltopptak, loops og ikkje minst si eiga stillferdige røyst. Waking The Dreaming Body har med sine omhyggelege, finvovne teksturar fått ein eigen intimitet som kanskje hadde vore uråd å få til i eit tradisjonelt platestudio, med avgrensingar i tid og med kreative forhandlingar med medmusikarar og produsentar. Walker har unngått det tunnelsynet ein slik kreativ fridom kan føre med seg.
Kompromisslaus
Sjølv om ei tiltalande ro kviler over Waking The Dreaming Body, er det på mange måtar ei kompromisslaus plate, sett saman heilt og fullt i pakt med ein tydeleg, sterk kunstnarleg visjon. Komposisjonar som minner om enkel americana, vert avløyste av lange instrumentalar som lèt stemningar utfalde seg i eit uttrykk som liknar meir på ambientmusikk enn på låtar i nokon tradisjonell forstand av ordet. For denne lyttaren fungerer kombinasjonen svært godt. Walkers album er eit lydleg rom eg likar godt å vere i og alt har vendt tilbake til fleire gonger.
Det er eit rom med sterke koplingar til omgivnadene til Walker i Arizona, og fjellrekkjer, elvar, og stjernehimmelen dukkar på ulike vis opp, igjen og igjen, på dei åtte spora på albumet – eit landskap prega av ein enormitet som kan få mennesket til å kjenne seg lite, men som også har inspirert kunstnarar av ulikt slag opp gjennom. Det er i ein slik mangfaldig tradisjon det fine albumet til Walker plasserer seg.
Øyvind Vågnes
Øyvind Vågnes er forfattar og fast musikkskribent i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Trea vil fortelje meg noko, skriv Ranveig Lovise Bungum.
Foto: Trond Mjøs
Kva ospa og dei andre trea kan fortelje oss
Anders Hovden.
Foto via Wikimedia Commons
Hovdens fredssalme
I 1923 sende Anders Hovden salmen «Joleklokker yver jordi» til bladet Under Kirkehvælv, der han kom på trykk same året.
I kvardagen kan det verte litt stress, til dømes får du ikkje den grøne pynten heilt perfekt. Men her er den herlege tomatsuppa mi med skrei.
Foto: Dagfinn Nordbø
Kvardagen
Det er dei det er flest av, kvardagane.
Teikning: May Linn Clement
Det skulle berre mangla
Det er nok ikkje manglande hjartelag som gjer at folk er interesserte i ord.
Språkrådet har kåra «beredskapsvenn» til årets nyord. Direktør i Språkrådet Åse Wetås seier det var eit openbert val.
Foto: Mariam Butt / NTB
Eit bilete på året som har gått
Språkdirektør Åse Wetås synest årets nyord er godt. At nye ord har stor påverknad, er fjorårets nyord, KI-generert, eit døme på.