Tilbake til brua
Mercury Rev har invitert markante vokalistar til å tolke eit album som kom ut for 50 år sidan.
Bobbie Gentry fotografert i 1968.
Foto: Universal Music
Rock
Mercury Rev:
Bobbie
Gentry’s The Delta Sweete Revisited
Bella Union / Border
Det er mor som fortel resten av familien om det som har hendt: Billie Joe McCallister gjekk ut på Tallahatchie-brua og kasta seg i elva. Så vert middagen servert, medan praten går om Billie Joe, men dottera i huset vert sitjande og pirke i maten.
Slik er anslaget i Bobbie Gentrys «Ode to Billie Joe» (1967), ein song som med sine fem strofer må seiast å vere ei oppvisning i forteljekunst. Vi skjøner at sjølvmordet er eit slag for jenta ved bordet, men at hendinga også er noko endå meir, eit slags vendepunkt i den vesle familiens historie.
Gav seg tidleg
Nyleg peika journalist Geoffrey Himes på songens kraft i bladet Nashville Scene. Eit stort raudt skilt er plassert ved Tallahatchie-brua, nord for Greenwood i Mississippi, og det fortel om Bobbie Gentrys strålande diskografi i 1960- og 1970-åra. McCallister er ikkje ein historisk person, han er dikta opp av Gentry, men likevel har forteljinga utstyrt brua med ein aura som gjer det til eit landemerke.
Gentry bur visstnok eit par timars biltur frå brua, men gav seg som plateartist for vel førti år sidan, i ein alder av 36 år. Tre år seinare slutta ho å halde konsertar, og ho forsvann frå rampelyset. Historia får Himes til å spørje: Kor mykje flott musikk kunne ho ikkje ha laga om ho berre fekk den støtta ho trong frå musikkindustrien? For Himes er problemet symptomatisk: Han listar opp kritikarroste, kvinnelege countryartistar frå dei amerikanske sørstatane som ikkje vert spelte på radio, og dermed ikkje får den kommersielle gjennomslagskrafta dei kunne ha hatt.
Tolv tolkarar
Dette bakteppet er ikkje til å komme forbi når Gentrys kanskje mest elska album, The Delta Sweete (1968), denne veka vert feira med ei monumental tribute-plate. For jammen om ikkje Mercury Rev har invitert nokre av dei mest markante vokalistane i vår tid til å tolke songane på The Delta Sweete.
For ein gongs skuld skal vi tillate oss å nemne alle tolv artistar som syng på ei samleplate, sidan samansetjinga er av så sjeldan utsøkt kvalitet: Norah Jones, Hope Sandoval (Mazzy Star), Rachel Goswell, Carice van Houten, Laetitia Sadier, Margo Price, Susanne Sundfør, Vashti Bunyan med Kaela Sinclair (M83), Phoebe Bridgers, Marissa Nadler, Beth Orton og Lucinda Williams.
Eg høyrer til mellom dei som mista kontakten med Mercury Rev litt meir for kvar plate sidan klassiske Deserter’s Songs (1998). Når Jonathan Donahue, Grasshopper og Jesse Chandler no løftar fram The Delta Sweete som ei sentral inspirasjonskjelde for dette albumet og for karrieren, er det eit elegant og audmjukt trekk. Mercury Rev er tilbake i spelaren for alvor, tjue år etter at eg fekk auga opp for bandet. Materialet viser seg å passe perfekt til dei store klangane desse musikarane likar å mane fram – her drønnar det i paukeslag, og strykarane får bekkane til å klukke.
«Ode to Billie Joe» var ikkje med på The Delta Sweete, men får her likevel fungere som bonusspor, tolka av Lucinda Williams. Elles har songarane på Bobbie Gentry’s The Delta Sweete Revisited så sterk eigenart at kvar og ein av dei gjer desse songane til sine eigne, utan at albumet mistar kontinuitet og koherens. Eg håpar Bobbie Gentry, som no er i midten av 70-åra, får glede av utgivinga.
Øyvind Vågnes
Øyvind Vågnes er forfattar og fast musikkskribent i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Trea vil fortelje meg noko, skriv Ranveig Lovise Bungum.
Foto: Trond Mjøs
Kva ospa og dei andre trea kan fortelje oss
Anders Hovden.
Foto via Wikimedia Commons
Hovdens fredssalme
I 1923 sende Anders Hovden salmen «Joleklokker yver jordi» til bladet Under Kirkehvælv, der han kom på trykk same året.
I kvardagen kan det verte litt stress, til dømes får du ikkje den grøne pynten heilt perfekt. Men her er den herlege tomatsuppa mi med skrei.
Foto: Dagfinn Nordbø
Kvardagen
Det er dei det er flest av, kvardagane.
Teikning: May Linn Clement
Det skulle berre mangla
Det er nok ikkje manglande hjartelag som gjer at folk er interesserte i ord.
Språkrådet har kåra «beredskapsvenn» til årets nyord. Direktør i Språkrådet Åse Wetås seier det var eit openbert val.
Foto: Mariam Butt / NTB
Eit bilete på året som har gått
Språkdirektør Åse Wetås synest årets nyord er godt. At nye ord har stor påverknad, er fjorårets nyord, KI-generert, eit døme på.