Under månen i kveld
Matt Sweeney og Bonnie ’Prince’ Billy følgjer opp albumet dei gav ut saman for seksten år sidan.
Bonnie ‘Prince’ Billy og Matt Sweeney er i ein lang kreativ prosess fram til utgjeving.
Pressefoto
Rock
Matt Sweeney & Bonnie ’Prince’ Billy:
Superwolves
Domino
Dei første linene i «Make Worry For Me», opningssporet på Matt Sweeney og Bonnie ‘Prince’ Billys nye album Superwolves, har noko uhyggeleg og illevarslande over seg: «When I come to your streets, make worry for me», heiter det.
Nabovarselet minner lyttaren om at songar også kan vere forteljingar om karakterar, at dei kan romme små, dramatiske univers som ligg nær fiksjonen, snarare enn sjølvbiografiske hjartesukk frå artisten. Ein sentral inspirasjon for Billy og Sweeney denne gongen har vore horrorfilmen med sine tropar og arketypar.
Arbeidsmetode
Superwolves følgjer opp duoens Superwolf (2005), og nok ein gong utfyller dei kvarandre på ein slik måte at musikken hadde vorte ein heilt annan om ikkje begge var med på å skape han og gi han form. Uttrykket vert bygd bit for bit i eit samarbeid der Billy først sender Sweeney tekst, og Sweeney så leitar seg fram til akkordrekkjer og melodiar, før dei to møtest for å syngje saman og framfører det dei har, for eit eksklusivt, lite publikum. Så følgjer det ein del fram og tilbake, til ting finn såpass form at det er klart for å spele inn, utan at den kreative prosessen er ferdig av den grunn – nye idear oppstår når opptaka er i gang.
Det går an å høyre denne arbeidsmetoden på musikken som fyller Superwolves, som har noko dynamisk over seg, der det eine fører til det andre og så det tredje. Å lage ei plate tek den tida det treng for desse karane, som gjekk i gang med å drodle på det som har blitt Superwolves for fem år sidan, sjølv om det kom til innspeling først for eit års tid sidan, i Brooklyn og i Nashville.
Oppfinnsamt gitarspel
Ingen syng heilt som Billy, og det er godt å høyre røysta hans igjen. Sweeney korar og spelar alskens gitarar og bass, sjølv om eit par bassistar til er med her og der, og fleire gitaristar. Særleg herleg i så måte er «Hall Of Death», der rytmegitarist Ahmoudou Madassane køyrer på med eit riff med meir enn nokre gram ørkensand i seg, og albumet livnar til på ein annan måte.
Fin er også «I Am A Youth Inclined To Ramble», ein standard frå den irske folktradisjonen, og dermed ein type song som Billy har vist mange gonger at han passar godt til å gjere sin eigen vri på. På store delar av plata viser dessutan Sweeneys oppfinnsame gitarspel kor stemningsskapande instrumentet kan vere på ulike vis, om fantasien berre er der, ikkje minst når musikaren tilfører noko edderkoppaktig viltert, og det verkeleg er fare på ferde – slik at nabovarselet får noko endå meir akutt over seg.
Øyvind Vågnes
Øyvind Vågnes er forfattar og fast musikkskribent i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Google byggjer nytt datasenter utanfor Skien i Telemark. – Vi kjem til å måtte byggje meir i åra framover, men vi må gjere det med ei anna forståing av at også natur og areal er ein knapp ressurs, seier Mathilde Tybring-Gjedde (H).
Foto: Cornelius Poppe / NTB
Naturplan utan samling
Få opposisjonspolitikarar er nøgde med korleis Noreg skal følgje opp måla i naturavtalen. Mathilde Tybring-Gjedde (H) er ikkje viss på at naturforvaltinga i Noreg kjem til å verte betre.
Øyvind Vågnes var professor ved Institutt for informasjons- og medievitskap ved Universitetet i Bergen og fast musikkmeldar i Dag og Tid.
Foto: Universitetet i Bergen
Øyvind Vågnes (1972–2025)
«Øyvind Vågnes var eit funn for ein avisredaksjon.»
Etter terroråtaket på Charlie Hebdo-redaksjonen 7. januar 2015 var det minnemarkeringar verda over, som her, i Oslo.
Foto: Fredrik Varfjell / AP / NTB
Den livsviktige satiren
Satiren må framleis ha ein heim. Ti år etter attentatet trengst det nytenking i Charlie Hebdo.
Støre og krisa i sosialdemokratiet
Må det ein ny partileiar til for å berga restane av det sosialdemokratiske innslaget i norsk politikk?
Ein politimeister les opp ein rettsordre som stoppar ein protest for veljarregistrering i Selma i Alabama i USA 9. mars 1965, framfor borgarrettsaktivistane Martin Luther King jr. (t.h.) og Andrew Young.
Foto: AP / NTB
Vald, hat, mot
Historia om kampen til dei svarte i USA er soga om ei frigjeringsrørsle som vann – til slutt. Men også om tvisyn og botnlaus menneskeleg fornedring.