Ut av snøkaven for full musikk
The New Pornographers har framleis teken.
The New Pornographers kan det å skru saman kontante, fengande låtar.
Foto: Jennifer Jimenez
Rock
The New Porno-graphers:
Whiteout Conditions
Universal /
Caroline
Dei siste dagane har hovudet mitt vore eit akvarium som popmelodiar sym rundt i. Slik kjennest det i alle fall, når eg nok ein gong går om bord i bussen med Whiteout Conditions i øyreklokkene, eit lite høgdepunkt på den morgonfaste transporten inn til byen.
Den sjuande studioplata frå The New Pornographers er spekka med nynnevenleg rock. Det å skru saman kontante, fengande låtar er eit heilt eige handverk, og i dette bandet er det opp til fleire medlemmar som meistrar det til fingerspissane.
I særklasse
Songar er små konstruksjonar, noko som er reflektert i omgrepa vi nyttar når vi snakkar om populærmusikk: Tenk berre på kor viktig brua er for at det verkeleg skal klaffe. Og denne gjengen kan verkeleg brubygging: vers og refreng. For ikkje å snakke om korarrangement – dei er i særklasse på Whiteout Conditions.
Sidan bandet vart stifta i 1999, har fleire av medlemmane i The New Pornographers markert seg som knallsterke komponistar med eigne solokarrierar – kanskje særleg Neko Case og Dan Bejar (Destroyer).
Briljant tittelspor
Omslaget viser sju av åtte medlemmar i silhuett, og det viser seg at Bejar ikkje er med denne gongen. A.C. Newman har fungert som ein slags bandleiar opp gjennom åra, og gjer det også på Whiteout Conditions, der fleire av komposisjonane er hans – ikkje minst det briljante tittelsporet.
Kanskje det finst lesarar som var til fjells og opplevde å miste horisonten av syne i snøkaven i påskeveka? Då opplevde dei «whiteout conditions», eit omgrep som viser til vêrforhold der dårleg sikt gjer det vanskeleg å orientere seg i terrenget. Newman brukar uttrykket i overført tyding, i ein song som skildrar kjensla av å vere blenda av dagslyset og desorientert som følgje av ein lammande depresjon.
Eit tungt tema, utan tvil, men ikkje for tungt til at Newman får til å behandle det i løpet av vel fire minutt. Elles er det mykje å glede seg over for Neko Case-fans på Whiteout Conditions. Ho syng og korar mykje og fint, og er også til å kjenne att på komponistsida: Ein fabelaktig song som «This Is The World Of The Theater» er som teken frå ei av soloplatene hennar.
Aldri einsformig
Kanskje er det konstellasjonen av sterke låtskrivarindivid som gjer at Whiteout Conditions aldri vert einsformig, trass i ein nærast total dominans av høgtemposongar heile vegen gjennom? Mangelen på variasjon vert aldri påfallande, i alle fall, i løpet av dei elleve låtane albumet har å by på. Eg garanterer at bussturen vert langt betre med The New Pornographers i øyra.
Øyvind Vågnes
Øyvind Vågnes er forfattar og fast musikkskribent i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Trea vil fortelje meg noko, skriv Ranveig Lovise Bungum.
Foto: Trond Mjøs
Kva ospa og dei andre trea kan fortelje oss
Anders Hovden.
Foto via Wikimedia Commons
Hovdens fredssalme
I 1923 sende Anders Hovden salmen «Joleklokker yver jordi» til bladet Under Kirkehvælv, der han kom på trykk same året.
I kvardagen kan det verte litt stress, til dømes får du ikkje den grøne pynten heilt perfekt. Men her er den herlege tomatsuppa mi med skrei.
Foto: Dagfinn Nordbø
Kvardagen
Det er dei det er flest av, kvardagane.
Teikning: May Linn Clement
Det skulle berre mangla
Det er nok ikkje manglande hjartelag som gjer at folk er interesserte i ord.
Språkrådet har kåra «beredskapsvenn» til årets nyord. Direktør i Språkrådet Åse Wetås seier det var eit openbert val.
Foto: Mariam Butt / NTB
Eit bilete på året som har gått
Språkdirektør Åse Wetås synest årets nyord er godt. At nye ord har stor påverknad, er fjorårets nyord, KI-generert, eit døme på.