Utsyn frå plaststolen
Ingen er som Jim White.
Den markante trubaduren og forteljaren Jim White er tilbake.
Rock
Jim White:
Waffles, Triangles & Jesus
Loose
Der sit han i plaststolen med gitaren i fanget, Jim White, framfor ein forsarva metallvegg utsmykka med frelsaren sjølv.
Posituren på pressefotoet som følgjer Waffles, Triangles & Jesus ber bod om at den markante trubaduren og forteljaren White er tilbake, og det i eit landskap vi kjenner frå sentrale utgivingar som Wrong-Eyed Jesus (1997) og No Such Place (2001), og filmen Searching For The Wrong-Eyed Jesus (Andrew Douglas, 2003).
Opningssongen – medrivande «Drift Away» – stadfestar inntrykket alt etter nokre sekund. White syng slik han gjer på sitt beste, smått kviskrande, som om vi må lene oss litt nærare og lytte litt betre, fordi det han skal dele med oss, er farleg. Banjoen er der, men også ein rik lydproduksjon som gjer låtuniverset kontrastrikt og gir det meir å spele på.
Eksentrikar
White er ein av desse umistelege eksentrikarane som aldri har vorte heilt strigla av ein kommersialisert musikkindustri – heller ikkje no, i ein alder av 60 år, prøver han å tilpasse seg nemneverdig. Biografien har gjort han til ein kultfigur. For om berre halvparten av det som vert fortalt, stemmer, er det eksotisk nok: Fyren har arbeidd som surfar, fotomodell og komikar, for å nemne noko. Éi tid gjekk han på filmskule i New York, der han også i ei årrekkje køyrde drosje.
Du opplever mangt bak rattet i ein gul taxi i den byen, og White skriv for tida på ei bok om noko av det. Eit par tekstar frå dette arbeidet har vorte publisert, og ein av dei fekk han ein Pushcart-pris for.
Livserfaring
Når du tek ein lytt til songane på Waffles, Triangles & Jesus, den sjette soloplata frå White, vil ikkje noko av dette overraske deg. White har eit heilt eige blikk mot verda – det ber i seg både spor etter alt han har sett, og alt han klarer å få auge på. Ein unik fantasi er balansert opp mot ei unik livserfaring, der det mytiske er tett samanvove med det autentiske.
Enkelte arrangement er utruleg eigenarta: Lytt til den eventyrlege americanaen i «Prisoner’s Dilemma», til dømes. Andre gonger er White heilt nedpå, som i avsluttande «Sweet Bird Of Mystery», skriven for 18 år sidan til ei dotter som no er vaksen. Waffles, Triangles & Jesus er ei vilter og vakker plate, full av dei kontrastane som gjer seg gjeldande i eit mangslunge menneskeliv.
Øyvind Vågnes
Øyvind Vågnes er forfattar og fast musikkskribent i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Trea vil fortelje meg noko, skriv Ranveig Lovise Bungum.
Foto: Trond Mjøs
Kva ospa og dei andre trea kan fortelje oss
Anders Hovden.
Foto via Wikimedia Commons
Hovdens fredssalme
I 1923 sende Anders Hovden salmen «Joleklokker yver jordi» til bladet Under Kirkehvælv, der han kom på trykk same året.
I kvardagen kan det verte litt stress, til dømes får du ikkje den grøne pynten heilt perfekt. Men her er den herlege tomatsuppa mi med skrei.
Foto: Dagfinn Nordbø
Kvardagen
Det er dei det er flest av, kvardagane.
Teikning: May Linn Clement
Det skulle berre mangla
Det er nok ikkje manglande hjartelag som gjer at folk er interesserte i ord.
Språkrådet har kåra «beredskapsvenn» til årets nyord. Direktør i Språkrådet Åse Wetås seier det var eit openbert val.
Foto: Mariam Butt / NTB
Eit bilete på året som har gått
Språkdirektør Åse Wetås synest årets nyord er godt. At nye ord har stor påverknad, er fjorårets nyord, KI-generert, eit døme på.