Variert og heilstøypt
Helge Lien Trio jubilerer med dobbel-CD.
Jazz
Helge Lien Trio:
10
Helge Lien, piano; Mats Eilertsen, bass; Per Oddvar Johansen, trommer.
Ozella Music
Det har gått 18 år og ni plater sidan Helge Lien debuterte med trioen sin på Curling Legs med It Might as well Be Spring. Jubileet feirar han med dobbel-CD og ny bassist, og alt materialet er ført i pennen av Lien sjølv. Slik har det ikkje alltid vore. Det var først med den kritikarroste Hello Troll han berre serverte sjølvskrive stoff.
Variert
På 10 har Lien fått plass til heile 20 låtar, og det er fint å kunna slå fast at det ikkje er éin låt for mykje. Utvalet er variert. Trioen serverer frå det melodiøse og lyrisk innyndande i «Popkoral» til den frie, rubato «Loose Goore» – som gjev sterkare assosiasjonar til hardingfelestillet gorrlaus enn ei laus-i-snippen-utgåve av ein viss visepresident – og rett over i Jarrett-inspirerte «Krystall». Slik kunne ein halda fram nettopp for å understreka den fabelaktige variasjonen.
«Berlin Blues»
Ein minst like stor attraksjon ved plata er det tette og varierte samspelet. Nemnde «Krystall» gjev rom for alle tre å visa seg fram i fullt register. Lien og Eilertsen er melodikarar av rang, og Johansen har ein variasjon og kontroll på cymbalbruken som knapt nokon gjer han etter. Keith Jarrett Trio har gjort det til eit varemerke på alle platene å inkludera ei vampliknande sak som dei improviserer over i det «uendelege». Denne trioen går med «Berlin Blues» Jarrett i næringa på svært overtydande vis. Å halda på interessa i mest åtte minuttar med eit så enkelt utganspunkt syner ein velutvikla kollektiv evne til improvisasjon. Låten blir også eit bilete på plata som heilskap – ei sareptakrukke.
Lars Mossefinn
Lars Mossefinn er lærar ved Voss gymnas og fast jazzmeldar
i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Fårete blikk: Sjølvsagt ser maten din på deg. Korleis skulle han elles finne vegen til slaktehuset?
Foto: Wikimedia Commons
Sjølvsagt er vi ikkje dei einaste som har skjøna at hovudet til sauen er god mat.
Midtfjords: ein attraksjon Fylkesbaatane var åleine om.
Foto frå boka: Ole Fretheim
Friskt om ferjer
«Til og med bilar vart køyrde frå den eine ferja til den andre midt ute på fjorden.»
Det var ein emosjonell augneblink for unge Gukesh då VM-sigeren var klar.
Foto: Maria Jemeljanova / Fide
Gukesh den attande
Den 18. verdsmeisteren sidan 1886 er berre 18 år gamal, indaren Gukesh Dommaraju.
Stølspurka og dei to grisungane. Enno er alt berre velstand.
Alle foto: Svein Gjerdåker
Soga om stølspurka
Verdas mildaste purke var med på stølen. Det gjekk ikkje som planlagt.
Israelske soldatar på veg inn i nabolaget Shijaiyah i Gaza by for å fordrive fleire hundre palestinarar til ein ukjend stad nord på Gazastipa.
Foto: Moti Milrod / Haaretz / AP / NTB
Ramsalt kritikk av Israels krig i Gaza
Molok er ein page-turner med hendingar som skakar lesaren.