Verda ifølgje Bjørn Klakegg
Klakegg ser seg ikkje attende. Han har alltid vore der.
Etter fire album med bandet Needlepoint er Bjørn Klakegg aktuell med nytt band og nytt album.
Foto: bjornklakegg.com
Americana
Local Store
Magpie and the Moon
Bjørn Klakegg, gitar og vokal; Mattias Krohn Nielsen, gitar og vokal; Magnus Tveten, bass og vokal; Tore Ljøkelsøy, trommer og perkusjon. BJK CD 106
Etter fire plater med Needlepoint har Bjørn Klakegg skifta medmusikantar og bandnamn, men musikalsk og tekstleg er det meste som det har vore. Han skriv framleis desse vakre og vemodige låtane, og tekstane er poetiske stemningsbilete om alt frå ein spasertur langs elvekanten, samlivsbrot, sykkelen i hagen om hausten og allegorien «Vote for the Dog». Historieforteljaren og poeten Bjørn Klakegg kan til tider minna litt om Paul Simon. Den underliggjande naivismen er eit berande element i uttrykket.
Etter Wirkola
Klakegg har ikkje ei imponerande røyst, og innimellom er det så vidt båten ber, men som mange andre som framfører eigne låtar og tekstar, fungerer det fordi det blir framført med overtyding. Vokalharmoniane er som vanleg velformulerte. Bandet er sett saman av yngre musikarar som har heilt annan bakgrunn enn Klakegg sjølv. Klakegg og Nielsen møttest først som lærar og elev. Sistnemnde rekrutterte Tveten og Ljøkelsøy. Needlepoint kunne skilta med David Wallumrød, Nikolai Hægnsle Eilertsen og Olaf Olsen i bandet. For «ungdommane» i Local Store blei dette som å hoppa etter Wirkola, men dei skal ha ros for å fylla komprolla upåklageleg.
Glitrande gitarspel
Det som i første rekkje gjer denne plata verd å lytta til gong på gong, er gitarspelet til Klakegg. Nokre gonger serverer han lengre improvisasjonar, men oftast går det i ornamentering. Klakegg har heile tida friske idear, og dei er alltid like formfullenda.
Lars Mossefinn
Lars Mossefinn er lærar ved Voss gymnas og fast jazzmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Fårete blikk: Sjølvsagt ser maten din på deg. Korleis skulle han elles finne vegen til slaktehuset?
Foto: Wikimedia Commons
Sjølvsagt er vi ikkje dei einaste som har skjøna at hovudet til sauen er god mat.
Midtfjords: ein attraksjon Fylkesbaatane var åleine om.
Foto frå boka: Ole Fretheim
Friskt om ferjer
«Til og med bilar vart køyrde frå den eine ferja til den andre midt ute på fjorden.»
Det var ein emosjonell augneblink for unge Gukesh då VM-sigeren var klar.
Foto: Maria Jemeljanova / Fide
Gukesh den attande
Den 18. verdsmeisteren sidan 1886 er berre 18 år gamal, indaren Gukesh Dommaraju.
Stølspurka og dei to grisungane. Enno er alt berre velstand.
Alle foto: Svein Gjerdåker
Soga om stølspurka
Verdas mildaste purke var med på stølen. Det gjekk ikkje som planlagt.
Israelske soldatar på veg inn i nabolaget Shijaiyah i Gaza by for å fordrive fleire hundre palestinarar til ein ukjend stad nord på Gazastipa.
Foto: Moti Milrod / Haaretz / AP / NTB
Ramsalt kritikk av Israels krig i Gaza
Molok er ein page-turner med hendingar som skakar lesaren.