Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Musikk

Vinter- eliksir

Yo La Tengo gjer sin eigen vri på protestalbumet.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Medlemmene i trioen Yo La Tengo er Georgia Hubley, James McNew og Ira Kaplan.

Foto: Godlis

2626
20180316
2626
20180316

Rock

Yo La Tengo:

There’s a Riot Going On

Matador / Playground

Kan musikk tine opp ein forfrosen kropp? Ja, min santen, for eg har rusla rundt bydelsvatnet i eit arktisk Bergen og sett snødrevet gjennom kupévindauget på Bergensbanen nattestid med Yo La Tengos nye album på øyra – dropar av lyd har spreidd seg som varme.

Det har vorte ein vane med ein dagleg dose med songen «For You Too», eit av mange høgdepunkt på nye There’s a Riot Goin’ On. Men vent litt, kva er det for ein platetittel?

Jau, du har høyrt han før, for Sly and the Family Stone gav ut det harmdirrande, funky protestalbumet There’s a Riot Goin’ On alt i 1971. Kva for protest skal desse mjuke, ulne songane til Yo La Tengo utføre?

Opprør

Viktige røyster i populærmusikken har alltid orientert seg mot, og stått i relasjon til, det politiske, og særleg i turbulente tider. Rocken er i sitt opphav uløyseleg knytt til sosialt og kulturelt opprør, til antikonformitet og antiautoritet. Ein har sparka frå seg og samla seg i motstand gjennom å samle seg om songen.

I ei pressemelding seier bandet at USA har nådd eit brestepunkt. Slik kjendest det også tidleg på 1970-talet, då There’s a Riot Goin’ On kom ut, men protesten til Yo La Tengo har eit anna estetisk tilsvar. Ein pulserande, mjuk instrumental opnar albumet og leier deg inn i eit musikalsk landskap som er forsonande. Det dreier seg ikkje om eskapisme, akkurat, eller om ei fornekting av sinne og fortviling. Snarare lagar trioen Ira Kaplan, Georgia Hubley og James McNew ein musikk for det som er gryande, for håpet, for det lågmælte, men insisterande omsynet til den andre. Det dreier seg om å mobilisere, men berre om ein tenkjer at det politiske utspelar seg i kvardagen, i møtet mellom deg og meg.

Urtypisk

Førre veke kunne de lese om David Byrnes ferske American Utopia på desse sidene, og i november dundra Mavis Staples til med eit protestalbum i meir tradisjonell forstand. Korleis skal artistar med politisk engasjement og sosialt samvit kunne lage kunst utan frå tid til anna å komme med ein respons på det som skjer i verda dei lever i?

There’s a Riot Goin’ On er ein interessant vri i så måte, men likevel er det meir enn noko anna ei urtypisk Yo La Tengo-plate, som likevel får ein heilt eigen plass i katalogen deira. Ekteparet Kaplan og Hubley byter som vanleg på å synge, og det er uråd å tenkje seg «For You Too» utan førstnemnde på vokal, eller «Shades of Blue» utan sistnemnde. Heldigvis treng vi ikkje å klare oss utan nokon av dei.

Øyvind Vågnes

Øyvind Vågnes er forfattar og fast musikkskribent i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Henry «Tippen» Johanson reddar i kampen mot Tyskland i OL i Berlin i 1936. Då det var 2‒0 til Noreg, gjekk Hitler og følgjet hans.

Foto: arkiv / NTB

BokMeldingar

Året 1936 bak nyhenda

Ingen medvitne nordmenn tvilte på storkrig.

Aage G.Sivertsen

Teikning: May Linn Clement

Feature

Flyplassblues

Ingen stad kjenner eg meg så trygg som på ein flyplass.

May Linn Clement

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis