Å krenke
KRENKING
Med finansminister Siv Jensens indianarkostyme som bakteppe går Jan Inge Sørbø i Dag og Tid 27. oktober til åtak på det han kallar retten til å vere krenkt. Krenkingsideologien, det er hans nylaga ord, har fått for stor makt. Retten til å vere krenkt – for Sørbø er det altså eit rettsspørsmål og ikkje eit kjenslespørsmål – bør innskrenkast eller fjernast, for det første fordi det å «dra krenkekortet», igjen hans ord, strir mot prinsippet om likskap for lova, og for det andre fordi dei som framstiller seg som krenkte, får sympati og gjennomslag på kostnad av dei som ikkje er i stand til å hevde retten.
Men det handlar om folkeskikk og ikkje om lover. Knapt nokon har hevda at Jensens klesdrakt var eller burde ha vore lovstridig. Det handlar om at anstendige folk ikkje hengjer ut dei svakaste og dei hardast ramma. Dei hermar ikkje, korkje i ord eller fakter, etter psykisk eller fysisk utviklingshemma. Dei kler seg ikkje ut som jødar. I mellomkrigstida og før var det vanleg i aviser i mange land med karikaturteikningar av jødar, som mørkhuda og mørkhåra, eldre menn med veldig, krokete nase. Mange av karikaturane var kanskje tenkte som godmodig harselas, men dei var med på å rydde grunnen for jødeutryddinga. Og dei anstendige blant oss veit at ei utkleding som indianarkvinna Pocahontas, kan vekkje vonde minne. Ho vart bortført, truleg tvangsgifta og sendt til England på utstilling, der ho døydde nokreogtjue år gammal.
Eit godt samfunn må forstå og leggje til grunn at mange har vonde kjensler overfor makta. For historia har taparar. Talet på indianarar krympa frå truleg over 100 millionar før europearane kom med sine våpen, rustningar og sjukdomsmikrobar, og til nokre få millionar no. Til jamføring var det ein million norske 200 år sidan, no er me no fem millionar her i landet og like mange i Amerika. Annankvar jøde vart avliva i krigsåra. Dei nordiske landa har pressa samar til å gi avkall på kultur, språk og identitet. Innvandrarar frå fattige land må på liknande vis gi slepp på mykje av sitt om dei skal bli aksepterte i nye land.
Det er desse sidene ved historia og samtida Sørbø vil at ikkje skal ha relevans, for i hans lovtenking skal alle, rik og fattig, undertrykkjar og undertrykt, bli behandla likt. I staden bør me skjøne at stundom kan likebehandling fryse fast skilnadene mellom elite og taparar.
Mange av dei som teikna jødekarikaturar og drog jødevitsar i mellomkrigstida, forstod altså ikkje kva dei var med på. Sørbøs artikkel tyder på at han heller ikkje forstår. Hans arge protest mot at folk «dreg krenkekortet», er eit forsvar for retten til å krenke, for eit samfunn der statsrådar og andre med makt til å krenke skal kunne gjere det utan reaksjonar.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Google byggjer nytt datasenter utanfor Skien i Telemark. – Vi kjem til å måtte byggje meir i åra framover, men vi må gjere det med ei anna forståing av at også natur og areal er ein knapp ressurs, seier Mathilde Tybring-Gjedde (H).
Foto: Cornelius Poppe / NTB
Naturplan utan samling
Få opposisjonspolitikarar er nøgde med korleis Noreg skal følgje opp måla i naturavtalen. Mathilde Tybring-Gjedde (H) er ikkje viss på at naturforvaltinga i Noreg kjem til å verte betre.
Øyvind Vågnes var professor ved Institutt for informasjons- og medievitskap ved Universitetet i Bergen og fast musikkmeldar i Dag og Tid.
Foto: Universitetet i Bergen
Øyvind Vågnes (1972–2025)
«Øyvind Vågnes var eit funn for ein avisredaksjon.»
Etter terroråtaket på Charlie Hebdo-redaksjonen 7. januar 2015 var det minnemarkeringar verda over, som her, i Oslo.
Foto: Fredrik Varfjell / AP / NTB
Den livsviktige satiren
Satiren må framleis ha ein heim. Ti år etter attentatet trengst det nytenking i Charlie Hebdo.
Støre og krisa i sosialdemokratiet
Må det ein ny partileiar til for å berga restane av det sosialdemokratiske innslaget i norsk politikk?
Ein politimeister les opp ein rettsordre som stoppar ein protest for veljarregistrering i Selma i Alabama i USA 9. mars 1965, framfor borgarrettsaktivistane Martin Luther King jr. (t.h.) og Andrew Young.
Foto: AP / NTB
Vald, hat, mot
Historia om kampen til dei svarte i USA er soga om ei frigjeringsrørsle som vann – til slutt. Men også om tvisyn og botnlaus menneskeleg fornedring.