Antiamerikansk relativisme
Ønskjer du å delta i debatten? Då kan du sende innlegget ditt til ordskifte@dagogtid.no
Politikk
Hovudpoenget i min kritikk av artikkelen til Morten A. Strøksnes om amerikansk utanrikspolitikk i Dag og Tid 25. august, som han svarar på i førre utgåve, er at han reduserer krigen i Ukraina til ein maktkamp mellom stormaktene USA og Russland. Det er antiamerikansk relativisme av kjent merke. Strøksnes spring på denne måten Putins ærend og undergrev Ukrainas fridomskamp.
Eg held elles fast ved at Russland, men ikkje USA, i dag opererer med interessesfærar slik Store norske leksikon (SNL) definerer det: «et område som en stat ikke har formell suverenitet over, men som den mener den har rett (mi utheving) til å øve en særlig innflytelse over.» Så får det vera SNLs problem at det straks etter påstår at også USA «oppfører seg på en måte» som viser at dei gjer krav på interessesfærar.
I dag er det nemleg berre Russland som eksplisitt gjer krav på og meiner å ha rett til interessesfærar. Moskva omtalar dette som «privilegerte interesser». Desse gjeld spesielt i det russiske styresmakter kallar sitt «nære utland», og ikkje minst Ukraina. Men vi har god grunn til å frykta at Putin, som den imperialistiske nasjonalisten han er, eigenleg oppfattar heile Europa, ja, mesteparten av Eurasia, som Russlands interessesfære. Denne tankegangen inngår i ei putinsk geopolitisk lære om at Russland, USA, Kina og India er «sivilisasjonsstatar» (stormakter) med spesielle rettar i internasjonal politikk.
Uansett kva ein legg i ordet «interessesfære», er den store, kvalitative forskjellen mellom russisk og amerikansk utanrikspolitikk i dag at USA ikkje tvingar andre land over på si side. Land står i kø for å koma inn i Nato av eigen fri vilje. Trass intervensjonar som kan vera folkerettsleg diskutable, og i motsetnad til Sovjetunionen/Russland, legg heller ikkje USA under seg andre land på permanent basis, men prøver å atterreisa nasjonal suverenitet på demokratisk grunnlag. At USA og Vesten motarbeidar autoritære land som Russland og Kina sine forsøk på å undergrava demokrati, menneskerettar, andre lands nasjonale suverenitet og den etablerte, regelbaserte verdsordenen, er ikkje det same som at dei driv med «imperialisme», søker «globalt hegemoni» eller har «interessesfærar», slik Strøksnes kynisk framstiller det.
Når det gjeld Strøksnes’ påstand om at USA «manipulerte» vala i Russland i 1996 og i Ukraina 2014: Ja, etter amerikansk (og europeisk) press gav IMF Russland i 1996 eit lån på vel 10 milliardar USD over tre år. President Jeltsin brukte dette til å strø om seg med pengar i presidentvalkampen same år. Det medverka truleg til at han, og ikkje den reaksjonære kommunisten Ziuganov, vann. Og ja, USA (og Europa) støtta også aktivt demokratisk og vestleg orienterte krefter under og etter Euromaidan-opprøret i Ukraina i 2013–2014. Det var for å motverka Putins forsøk på å ta kontroll over Ukraina. Om det kvalifiserer som «manipulasjon av val», får kvar lesar gjera opp med seg sjølv. Leiaren av OSSEs valobservatørar omtalte kvaliteten på det ukrainske presidentvalet i mai 2014 som «uvanleg god».
Tore Nedrebø er tidlegare diplomat.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Trea vil fortelje meg noko, skriv Ranveig Lovise Bungum.
Foto: Trond Mjøs
Kva ospa og dei andre trea kan fortelje oss
Anders Hovden.
Foto via Wikimedia Commons
Hovdens fredssalme
I 1923 sende Anders Hovden salmen «Joleklokker yver jordi» til bladet Under Kirkehvælv, der han kom på trykk same året.
I kvardagen kan det verte litt stress, til dømes får du ikkje den grøne pynten heilt perfekt. Men her er den herlege tomatsuppa mi med skrei.
Foto: Dagfinn Nordbø
Kvardagen
Det er dei det er flest av, kvardagane.
Teikning: May Linn Clement
Det skulle berre mangla
Det er nok ikkje manglande hjartelag som gjer at folk er interesserte i ord.
Språkrådet har kåra «beredskapsvenn» til årets nyord. Direktør i Språkrådet Åse Wetås seier det var eit openbert val.
Foto: Mariam Butt / NTB
Eit bilete på året som har gått
Språkdirektør Åse Wetås synest årets nyord er godt. At nye ord har stor påverknad, er fjorårets nyord, KI-generert, eit døme på.