Catalonia, folkerett og demokrati
CATALONIA
Professor Peter Ørebech har i siste utgåva av Dag og Tid ei betraktning kring kommentaren min om sjølvstende for Catalonia, som stod på prent i Dag og Tid 6. oktober.
Eg vil fyrst av alt takka Ørebech for innlegget hans. Professor Ørebech er ein solid jurist, og han hentar fram mange viktige moment frå folkeretten til den pågåande debatten. Om eg skal samanfatta det Ørebech skriv, meiner han at internasjonal lov, i dette tilfellet FN-resolusjon 2625 frå 1970 saman med FN-pakta, gjev det ein kan kalla for «folket» rett til sjølvråderett. Ettersom dette «folket» ikkje er identisk med det «folket» som det blir tala om i den spanske grunnlova, må det forbodet som ligg i den spanske grunnlova mot å dela opp staten, settast til side.
«Statenes rettigheter og plikter – slik det formuleres i 1970-resolusjonen (til FN) står tilbake for folkenes rettigheter i henhold til FN-pakten, hvorav ’folkesuvereniteten’ er det viktigste prinsipp», skriv Ørebech.
Eg tvilar ikkje på at Ørebech har rett på dette punktet. Hadde spørsmålet om sjølvstende for Catalonia kome opp for ein internasjonal domstol, ville det ikkje ha vore heilt utenkeleg at dei som går inn for sjølvstende, hadde fått medhald.
Men argumentasjonen min gjekk ikkje fyrst og fremst etter folkerettslege prinsipp. Argumentasjonen min var meir grunna på demokrati versus ikkje-demokrati. Her kjem folkeretten – etter mi meining – til kort ettersom han ikkje skil mellom statar tufta på demokrati kontra ikkje-demokrati. Eg meiner altså at ein stat bygd på demokrati, er meir legitim enn ein stat som ikkje er bygd på demokrati. Kort sagt: Noreg er ein meir legitim stat enn til dømes Nord-Korea, uansett kva det står i internasjonale traktatar.
Den spanske staten er tufta på ei demokratisk grunnlov, vedteken av det spanske folket i ei folkeavstemming. Difor er grunnlovskonservatisme bra i Spania (og i Noreg), men ikkje bra i Nord-Korea eller i Syria.
Dessutan: Peter Ørebech og eg har kanskje noko ulikt syn på kor makta til ein demokratisk nasjonalstat endar og kor makta til internasjonale traktatar tek til. Om internasjonale traktatar skal tolkast slik at demokratiske statar skal kunne bli delte opp i stadig mindre einingar, og slik at dei rikaste delane skil seg ut fyrst, ja då er eg imot desse internasjonale traktatane. Nasjonalstaten, så fremt han er demokratisk styrt, må ha veto mot slik separatisme. Dette må gjelda, uansett kva einskilte internasjonale dokument måtte ha å seia.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Google byggjer nytt datasenter utanfor Skien i Telemark. – Vi kjem til å måtte byggje meir i åra framover, men vi må gjere det med ei anna forståing av at også natur og areal er ein knapp ressurs, seier Mathilde Tybring-Gjedde (H).
Foto: Cornelius Poppe / NTB
Naturplan utan samling
Få opposisjonspolitikarar er nøgde med korleis Noreg skal følgje opp måla i naturavtalen. Mathilde Tybring-Gjedde (H) er ikkje viss på at naturforvaltinga i Noreg kjem til å verte betre.
Øyvind Vågnes var professor ved Institutt for informasjons- og medievitskap ved Universitetet i Bergen og fast musikkmeldar i Dag og Tid.
Foto: Universitetet i Bergen
Øyvind Vågnes (1972–2025)
«Øyvind Vågnes var eit funn for ein avisredaksjon.»
Etter terroråtaket på Charlie Hebdo-redaksjonen 7. januar 2015 var det minnemarkeringar verda over, som her, i Oslo.
Foto: Fredrik Varfjell / AP / NTB
Den livsviktige satiren
Satiren må framleis ha ein heim. Ti år etter attentatet trengst det nytenking i Charlie Hebdo.
Støre og krisa i sosialdemokratiet
Må det ein ny partileiar til for å berga restane av det sosialdemokratiske innslaget i norsk politikk?
Ein politimeister les opp ein rettsordre som stoppar ein protest for veljarregistrering i Selma i Alabama i USA 9. mars 1965, framfor borgarrettsaktivistane Martin Luther King jr. (t.h.) og Andrew Young.
Foto: AP / NTB
Vald, hat, mot
Historia om kampen til dei svarte i USA er soga om ei frigjeringsrørsle som vann – til slutt. Men også om tvisyn og botnlaus menneskeleg fornedring.