Dei grå sonene
Faksimile frå VG Helg 8. oktober 2017.
PRESSEETIKK
Skal vi la vere å nedkjempe pedofilinettverka, om vi ikkje kan gjere det på ein rein måte? spør Kaj Skagen i førre utgåve av Dag og Tid.
Retoriske spørsmål krev normalt ikkje lange svar. Skagen breier seg over to avissider. Eg dristar meg til å summere opp kommentaren i to setningar: Politiet må ha vide fullmakter for å stogge overgrep. VG heng ut kvite riddarar som kjeltringar.
Skagen er ikkje aleine om å krevje hardare lut i kampen mot kriminelle. Når offera i tillegg er barn og motiva seksuelle, er refleksen at mål trumfar middel. Forfattaren er alt anna enn original.
Eg er delvis samd med Skagen. Politiet treng fleire verkty om dei skal redusere spreiinga av overgrepsbilete. Mest av alt må samarbeidet på tvers av landegrenser bli betre.
Men eg er overraska over at Skagen ikkje ser problematiske sider ved operasjonen VG omtala. Eg blir usikker på om han har forstått saka. Metodebruken vår har han i alle fall ikkje fått med seg.
Skagen skriv at VG «hacka» seg inn på nettstaden. Vi har ikkje hacka noko som helst. VG har kartlagt korleis overgrepsbilete blir delte. Serveren politiet nytta, fann vi på heilt legalt vis.
Skagen hevdar at det var australsk politi som knekte verdas største pedofiliforum. Stemmer det?
For det første var det Homeland Security i USA som knekte forumet. Politiet i Australia var mest ansvarleg for å halde det i live. For det andre var ikkje forumet verdas klart største. Den 13. oktober 2016 hadde totalt 7399 unike brukarnamn skrive 55.000 innlegg. Ni månader seinare hadde 20.749 brukarar produsert 163.000 innlegg. Talet på registrerte brukarar mangedobla seg i perioden. Det var i tidbolken politiet vatna forumet, at det vaks til verdas største.
Skagen skildrar aksjonen som ein suksess. Det kan ein ikkje slå fast. Det finst ikkje tal på kor mange som er blitt gripne takka vere den australske metoden. Men VG kan dokumentere at tusenvis av overgrepsbilete blei delte mens politiet dreiv på. Vi veit også at brukarar varsla om konkrete planar om å valdta barn. Utan at politiet greip inn.
Ordensmakta er sett til å ta dei skuldige. Ei like viktig oppgåve er å hindre lovbrot. I denne saka vekta dei det første tyngre enn det andre.
Kjernespørsmåla er om resultatet ville blitt eit heilt anna om politiet allereie i 2016 hadde gått til aksjon? Kor mange fleire kriminelle har dei identifisert som følgje av den lange aksjonen? Kor mange lovbrot blei fullbyrda i månadene aksjonen varte? Korkje Skagen eller VG har svaret.
Når Skagen skriv at det ikkje er uvanleg at politiet driv nettforum, er han i beste fall upresis. Eg kjenner berre til eitt døme på at politiet har teke over eit forum over ein lang periode (Love Zone-saka). Det blir ikkje riktig å samanlikne den siste aksjonen med PlayPen-operasjonen. FBI dreiv då forumet i to veker mens dei samla data om brukarane. Australsk politi gjekk inn i rolla som administrator i elleve månadar. Skagen ser sikkert også skilnaden i metodebruken her.
Meir interessant enn om australsk politi var på rett side av lova, er kva påtalemakta i Noreg tykkjer om metodane.
Etter at VG omtala saka, kalla POD inn til hastemøte. Dei ville avklare om bevis frå Australia kunne nyttast i norsk rett. Riksadvokaten konkluderte med at retningslinene ikkje var tydelege nok. Stortinget må no ta stilling til spørsmålet.
Ein mogleg utgang er at overgriparar kan gå fri fordi metodane ikkje held norsk standard. Riksadvokaten ser fleire dilemma enn Skagen.
Aksjonen vere eit døme på juridisk shopping. Nettstaden hadde nemleg ingenting med Australia å gjere. Den var driven av ein amerikanar og ein kanadiar. Serveren stod i Europa. Først etter at dei skyldige var gripne, ble nettstaden flytta til ein server i meir liberale Sydney.
Skagen tar lett på at politiet delte bilete av overgrep. Gamle bilete, skriv han. Bileta er ikkje eldre enn at barna finst. Dei har namn, familie og blir utsette for nye overgrep kvar gong bileta blir delte. Kanskje må barna finne seg i at politiet nyttar dei i det gode si teneste. Eg er usikker.
Forfattaren meiner at VGs kritiske vinkling tilseier at saka burde vore publisert lenge før. Det kan umogleg ha teke ni månader å skaffa seg oversikt, slår han fast.
Jo, det tok tid. Då vi møtte politifolka, opna dei ikkje døra og fortalde i detalj kva dei dreiv med. Dei sa berre at VG sette aksjonen i fare. Korleis skulle vi tyde den meldinga? Set vi liv i fare?
Der og då kjente vi ikkje metodebruken fullt ut. Då vi meinte vi hadde kontroll, publiserte VG saka – til protestar frå politiet i Australia. Dei ønskte ei anna vinkling. Meir lik den i Dag og Tid.
Som Skagen er eg full av beundring for dei som vier sine liv til å redde barn frå overgrep. Det inneber ikkje at VG skal vere ukritisk. Oppgåva vår er å problematisere. Journalistar skal vere på vakt om rettstryggleiken er truga, og – sjølv om ein ikkje vinn nokon popularitetstevling – må ein stille spørsmål også når gjerningsmannen er ein pedofil djevel.
Gard Steiro er administrerande direktør og ansvarleg redaktør
i VG.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Google byggjer nytt datasenter utanfor Skien i Telemark. – Vi kjem til å måtte byggje meir i åra framover, men vi må gjere det med ei anna forståing av at også natur og areal er ein knapp ressurs, seier Mathilde Tybring-Gjedde (H).
Foto: Cornelius Poppe / NTB
Naturplan utan samling
Få opposisjonspolitikarar er nøgde med korleis Noreg skal følgje opp måla i naturavtalen. Mathilde Tybring-Gjedde (H) er ikkje viss på at naturforvaltinga i Noreg kjem til å verte betre.
Øyvind Vågnes var professor ved Institutt for informasjons- og medievitskap ved Universitetet i Bergen og fast musikkmeldar i Dag og Tid.
Foto: Universitetet i Bergen
Øyvind Vågnes (1972–2025)
«Øyvind Vågnes var eit funn for ein avisredaksjon.»
Etter terroråtaket på Charlie Hebdo-redaksjonen 7. januar 2015 var det minnemarkeringar verda over, som her, i Oslo.
Foto: Fredrik Varfjell / AP / NTB
Den livsviktige satiren
Satiren må framleis ha ein heim. Ti år etter attentatet trengst det nytenking i Charlie Hebdo.
Støre og krisa i sosialdemokratiet
Må det ein ny partileiar til for å berga restane av det sosialdemokratiske innslaget i norsk politikk?
Ein politimeister les opp ein rettsordre som stoppar ein protest for veljarregistrering i Selma i Alabama i USA 9. mars 1965, framfor borgarrettsaktivistane Martin Luther King jr. (t.h.) og Andrew Young.
Foto: AP / NTB
Vald, hat, mot
Historia om kampen til dei svarte i USA er soga om ei frigjeringsrørsle som vann – til slutt. Men også om tvisyn og botnlaus menneskeleg fornedring.