Dei to ordlistene
NYNORSK
Lars S. Vikør skreiv interessant til meg 13. oktober. Han har nok tykt at ordlista som Aud Søyland har vore leiande for, kan vera grei, bortsett frå at han meiner det er inkonsekvent å gjera tek/teke til eineform når ein skal skriva følge og bølge. Men han trur det kan vera for tidleg å gjera ta/tar til eineform før språket «har sett seg». Då vil nynorsken ha kome dit Vikør meiner han vil enda opp – nemleg med «hans» nynorsk. Men då ordlista åt Arvid Langeland kom, måtte han reagera, fordi ho vert eit forstyrrande element i prosessen .
Elles meiner Vikør at Langeland berre appellerer til «ei sekt». «Den moderne nynorsken» vil sigra, so ei tevlande ordliste vil berre skapa ei utsetjing. Likevel: Framtida vil visa om det berre er nokre få som sluttar opp om ordlista for «tradisjonell og einskapleg nynorsk». Det vil koma an på målfolket. Kanskje andre enn vestlendingar òg vil vera imot å taka bort j-ane i ord med kj og gj? Mange vil til dømes enno seia tenkje/tenkja, følgje/fylgja og ønskje/ynskja. Dei vil òg kjenna det unaturleg at e-infinitiv vert standard i nynorsken. Me er på god veg, e-infinitiven har overtaket jamvel i Dag og Tid. Og dei som lagar nynorske tekster i NRK, held seg til denne infinitivendinga – eit døme på korleis einskildpersonar har makt til å forma nynorsken etter eigen ideologi.
Det kan henda «sekta» ikkje vert så lita likevel, når det kjem til stykket. Kanskje vert ho stor nok til at nynorsken bergar seg? Ordliste for tradisjonell nynorsk har nemleg vore på tale tidlegare. No er ho komen.
I 2012 ville Ottar Grepstad at Språkrådet skulle laga ei norm attåt ei nett godkjend hovudnorm. Norma skulle heita «tilrådd norm», og ho skulle vera «for dei som ynskjer å skriva stilsikker nynorsk». Prosjektet vart vedteke med seks mot to røyster, men departementet ville ikkje ha ei slik norm. Ein skulle ha «språkleg mangfald» – dette som ein meiner er det makelaust flotte ved nynorsken (han skal vera eit individuelt, demokratisk språk) – sjølv om dette gjer Noreg til «det språkpolitiske «annerledeslandet».
Og: Er det mogeleg at alt språk kan vera like godt? Dette meiner dei ansvarlege for St.meld. 35 (Språkmeldinga 2008). For på side 64 står det nemleg at «Éin språkbruk er ikkje språkleg sett betre enn ein annan.» Denne påstanden er openbert uttrykk for ein språkideologi som kan sporast attende til 68-ane i AKP m-l, og som statsmakta og det noverande fleirtalet i målrørsla har slutta seg til.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Google byggjer nytt datasenter utanfor Skien i Telemark. – Vi kjem til å måtte byggje meir i åra framover, men vi må gjere det med ei anna forståing av at også natur og areal er ein knapp ressurs, seier Mathilde Tybring-Gjedde (H).
Foto: Cornelius Poppe / NTB
Naturplan utan samling
Få opposisjonspolitikarar er nøgde med korleis Noreg skal følgje opp måla i naturavtalen. Mathilde Tybring-Gjedde (H) er ikkje viss på at naturforvaltinga i Noreg kjem til å verte betre.
Øyvind Vågnes var professor ved Institutt for informasjons- og medievitskap ved Universitetet i Bergen og fast musikkmeldar i Dag og Tid.
Foto: Universitetet i Bergen
Øyvind Vågnes (1972–2025)
«Øyvind Vågnes var eit funn for ein avisredaksjon.»
Etter terroråtaket på Charlie Hebdo-redaksjonen 7. januar 2015 var det minnemarkeringar verda over, som her, i Oslo.
Foto: Fredrik Varfjell / AP / NTB
Den livsviktige satiren
Satiren må framleis ha ein heim. Ti år etter attentatet trengst det nytenking i Charlie Hebdo.
Støre og krisa i sosialdemokratiet
Må det ein ny partileiar til for å berga restane av det sosialdemokratiske innslaget i norsk politikk?
Ein politimeister les opp ein rettsordre som stoppar ein protest for veljarregistrering i Selma i Alabama i USA 9. mars 1965, framfor borgarrettsaktivistane Martin Luther King jr. (t.h.) og Andrew Young.
Foto: AP / NTB
Vald, hat, mot
Historia om kampen til dei svarte i USA er soga om ei frigjeringsrørsle som vann – til slutt. Men også om tvisyn og botnlaus menneskeleg fornedring.