Det femte verset
På grunn av «Den» kan dette manuskriptet ikkje vere frå 1870-åra (då han skreiv «Dan»), men seinare, uvisst kva tid.
Faksimile av «Mor» («Den fyrste song»)
Per Sivle
Siste tiåra har det med jamne mellomrom dukka opp påstandar om eit femte vers av «Den fyrste song», eit vers som har religiøst innhald. Den siste som har peika på at Sivle hadde skrive «nok eit vers», er Eilert Kvernes, Skien (Dag og Tid nr. 43). Det er mest identisk med det sogningen Martinus Sørestrand (lærar på Vossestrand frå 1920) sette inn i Gula Tidend 21. desember 1968, for mest femti år sidan:
Den songen var om Jesus Krist,
vår frelsar og forsonar,
den syng ho no, det veit eg visst,
blant himlens millionar.
Verset finst i ei rekkje tekstvariantar, særleg i dei to siste linjene: «Den syng ho mor», «blant englars millionar», «til himlens harpetonar».
Somme indremisjonsfolk har klandra songbokutgjevarar for at dei har underslått og sensurert bort denne strofa frå songbøkene. Ja, det finst jamvel døme på at prestar har sett som krav at dette uekte verset skulle takast med om «Den fyrste song» skulle kunne brukast i gravferd. Eilert Kvernes spør: «Er det då slik å forstå at ettertida har gjort seg til doms og meiner at mora [Susanne Sivle] ikkje er å finne ‘blant himmelens millionar’?»
Herborg Kråkevik, som har gjort «Den fyrste song» til sitt varemerke og ofte har denne songen som ekstranummer, fortalde i Dag og Tid i 2004:
– Det var i denne tida breva byrja å koma. Breva som etterlyste det femte verset. Det var ikkje akkurat trusselbrev, men ein litt trugande tone var det ofte i dei. Blanda med bibelsitat og påminning om at nokon bad for meg. Eg brukte nemleg aldri det femte verset, det som handlar om Gud og forsoning. Eg fekk det aldri til å stemma med resten av teksten. Det vart tanken på mora som gav Sivle trøyst, ikkje Gud, syntest eg.
– Dessutan hadde eg høyrt at han hadde skrive dette verset for at songen skulle koma inn i salmeboka. Han skulle sleppa å laga eit ekstra vers for å koma inn i songboka mi, sa Kråkevik. (Dag og Tid 21. februar 2004)
Nei, det femte verset var ikkje skrive for salmeboka. Nynorsk Salmebok (1925) kom ut over tjue år etter at Sivle gjekk bort.
Ikkje av Sivle
Vi kan trygt slå fast at dette verset ikkje er skrive av Sivle. For det fyrste var verset ikkje kjent i Sivles levetid. For det andre hadde originalen to åttelinja strofer (som Sivle heldt fast ved så lenge han levde, jf. Hovden i Norske Folkeskrifter 1905), truleg dikta til tonen «I rosenlund under Sagas hall». Her var det ikkje plass til eit fire linjers vers i tillegg. Sivle-kjennaren Bjarte Birkeland syntest òg at forma tala mot at Sivle var forfattaren; i verset er det «ingen ting som vitnar om Sivles diktarklo» (Gula Tidend 4.1.1969). Birkeland skriv i eit brev frå 1982: «Det må vere ein ukjend ’diktar’ som har skrive til dei banale linene med religiøst formål.»
Kven har skrive det?
Kven var så denne diktaren? Bjarne Stoveland (1914–2003), som skreiv mange artiklar om songar med kristeleg innhald i blad og bøker, meinte i 1996 å ha funne fram til opphavsmannen: Josef Hammer.
Josef Hammer (1879–1956), som var fødd og oppvaksen i Gloppen i Nordfjord, var lærar og klokkar på Hamre i Osterfjorden frå 1919. Siste åra var han skuleinspektør. Han hadde mange ideelle hugmål og var sterkt interessert i misjonsarbeid og kyrkjeleg arbeid.
Hammer vart i 1903 gift med Torbjørg Lønningdal (1880–1958) frå Os. Saman fekk dei åtte born. Ein av dei var Ragnvald Hammer, døvepresten, som skreiv den kjende visa «Dar kjem dampen». Torbjørg Hammer, syster hans, skreiv i eit brev til Bjarne Stoveland 29. september 1996: «Far min, Josef Hammer, var i si tid lærar og klokkar på Hamre i Osterfjorden. Og eg hugsar han sa at han syntest det mangla ei avslutning i songen til Per Sivle – derfor skreiv han til dette femte verset.» Verset var skrive til bruk i songkoret som Josef Hammer leidde.
Harald Kaasa Hammer (f. 1946), tidlegare sokneprest på Nøtterøy, er son til Ragnvald Hammer. Om det femte verset skreiv han i eit brev til meg i juni 2004, med kusina Tordis Iden på Hamre som kjelde, «at det er en sterk tradisjon på Osterøy å synge dette femte verset, fordi det er gamleklokkeren på Hamre som har diktet det. […] Jeg må legge til at jeg har et vagt minne om at noen har sagt at dette er et vandrevers. Men i vår slekt og på Osterøy er det altså tradisjon for å si at det er skrevet av Josef». Og frå Osterøy spreidde verset seg og tok til å leve sitt eige liv.
Når vart det skrive?
Vi kjenner ikkje den opphavlege teksta til dette femte verset. Det er også uvisst når det vart skrive, men det må seinast ha vore kring 1930. Bjarne Stoveland viser til brigader Olaf Loftesnes i Frelsesarmeen, som har fortalt at «Den fyrste song» vart sungen under ein julefest på Vossestrand rundt 1930. «Da vi hadde sunget de fire versene, tok presten [Asbjørn Skram] ordet og kunne fortelle oss at der var ett vers til i denne Sivle-sangen.» Han poengterte at «de eldre her mener med sikkerhet at det er Per Sivle som også har skrevet dette verset» (Stoveland 1989). Det var det altså ikkje.
Men verset kan vere eldre. Martinus Sørestrand siterer i Gula Tidend i desember 1968 ein av dei eldre i Oppheim sokn på Voss: «Eg hugsar ho mor song dette verset då eg var liten.» Då må det i tilfelle vere skrive nærare 1920 enn 1930, for Hammer kom til Osterøy i 1919.
Har lesarane av Dag og Tid noko å leggje til om dette?
(Dette innlegget byggjer på kapitlet «Det femte verset» i Den nynorske songskatten, 2009)
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Marianne Nielsen i hovudrolla som Winnie. Gerald Pettersen spelar Willie.
Foto: Sebastian Dalseide
Beckett-klassikar av godt merke
Glade dager byr på ein strålande skodespelarprestasjon av Marianne Nielsen.
Ingrid Storholmen har teke utgangspunkt i eit stort datamateriale om folkehelsa i Nord-Trøndelag.
Foto: Merete Haseth
Våren over mannalivet
Ingrid Storholmen gjer tørre helsedata om til levande liv i Bloddråpetall.
Takumi (Hitoshi Omika) og dottera Hana (Ryo Nishikawa) lever eit roleg liv på bygda, som no kan få ein «glampingplass».
Foto: Another World Entertainment
Djevelen i detaljane
By mot land er eit sentralt tema i endå ein framifrå film av Ryusuke Hamaguchi.
Finaste finnbiffen med grøne erter, potet og tyting.
Foto: Dagfinn Nordbø
Finaste finnbiffen
«Seier eg at eg skal invitere på finnbiff, blir folk berre glade. Dei veit at dei skal få smake noko av det beste landet vårt har å by på av ingrediensar, med reinkjøt som helten.»
KrF-leiar Dag Inge Ulstein får ikkje Stortinget med seg på å endre retningslinjene for kjønnsundervisning i skulen.
Thomas Fure / NTB
Utfordrar kjønnsundervisninga
Norske skulebøker kan gjere elevar usikre på kva kjønn dei har, meiner KrF-leiar Dag Inge Ulstein.