Det posthumanistiske manifest (i all audmjukskap, eit bidrag)
Ønskjer du å delta i debatten? Då kan du sende innlegget ditt til ordskifte@dagogtid.no
Dikt
Alle er vi i same båt
i beit for ausekar, i beit for årer
vi trur til topps og vi trør til botnar
alle er vi i same låt
med tre trusartiklar til spons og spuns
eat, move, sleep
vi trur på toppoppdrett, vi trur på næringsliv
vi trur på skatteflukt, vi trur på tæringsliv
vi trur på toppidrett, vi trur på smørjingsliv
med rekylfrie ski og med dieseldrivne kanonar
skyt vi skiføre fram til påske
vi trur på tamsnø, vi trør på tamsnø
med snø kjempar vi mot snø
med snøkanonar blæs vi vinnerskallen rein
vi trur på toppidrett, vi trur på smørjingsliv
vi trur på toppoppdrett, vi trur på næringsliv
vi er alle i same brønn, vi ber alle same bønn
utvikling ikke avvikling, utvikling ikke avvikling
vi trur på fjernfakling
vi trur på pengar som storkna klodesveitte
vi trur til topps og vi trør til botnar
vi trur på kunstig brunst og på kunstig kunst
vi er alle i same låt
All of me, why not take all of me
can’t you see, I’m no good without you
take my arms, I never use them
take my lips, I want to loose them
you took the part, that once was my heart
so why not take all of me
KI er kommen for å komma
mi tid som incel bør ta slutt
må skaffa meg ei autonom kone
som trur botnfast på meg
utvikle, ikke avvikle
alle er vi i same merd
ovfeite, knapt rørlege
med vintersår og hjartesprekk
og etikkar som er lekk
ventar på vinnarskallen
som på den nest ytste dag
skal stiga ned frå seierspallen
og døma doparar og taparar
vi gir fredsprisen til kampen mot A-bomba
men tør ikkje forby ho
vi bur alle i same boks
vi trur alle på same paradoks
må skaffa meg ein autonom drone
som trur fjellfast på meg
på det militærindustrielle kompleks
og på A-bombas fredsskapande refleks
vi trur på spinnarskallen
vi trur på spinnarskallen
vi trur på vinnarskallen
som på den ytste dag
skal stiga ned frå sigersskya
og skilja døde frå døde
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Trea vil fortelje meg noko, skriv Ranveig Lovise Bungum.
Foto: Trond Mjøs
Kva ospa og dei andre trea kan fortelje oss
Anders Hovden.
Foto via Wikimedia Commons
Hovdens fredssalme
I 1923 sende Anders Hovden salmen «Joleklokker yver jordi» til bladet Under Kirkehvælv, der han kom på trykk same året.
I kvardagen kan det verte litt stress, til dømes får du ikkje den grøne pynten heilt perfekt. Men her er den herlege tomatsuppa mi med skrei.
Foto: Dagfinn Nordbø
Kvardagen
Det er dei det er flest av, kvardagane.
Teikning: May Linn Clement
Det skulle berre mangla
Det er nok ikkje manglande hjartelag som gjer at folk er interesserte i ord.
Språkrådet har kåra «beredskapsvenn» til årets nyord. Direktør i Språkrådet Åse Wetås seier det var eit openbert val.
Foto: Mariam Butt / NTB
Eit bilete på året som har gått
Språkdirektør Åse Wetås synest årets nyord er godt. At nye ord har stor påverknad, er fjorårets nyord, KI-generert, eit døme på.