Eg, ein minoritet?
Ønskjer du å delta i debatten? Då kan du sende innlegget ditt til ordskifte@dagogtid.no
Samfunn
Å, ja, eg er vel det; i 58 år har eg tapt alle voteringar med knappast mogeleg margin, kona si dobbeltstemme avgjer alltid. I det siste har det gått opp for meg at eg høyrer til ein av dei etniske minoritetane i Noreg, kvenane.
Anane til far min var alle nordfjordingar, dei fleste frå Lote, Hennebygda og Andenes, men med ei mor frå Alta kjem det eit tilsig av forfedrar frå mange kantar, med ein majoritet av finsktalande frå Finland og Tornedalen i Sverige. Så kven; ja, med mine rundt 40 prosent har eg vel rett til å kalle meg det. No har denne mykje omtalte kommisjonen arbeidd i fem år for å få fram sanninga om kor ille desse anane mine, mellom mange andre, hadde det. Med ei from von om forsoning mellom etterkommarane av stakkarane og storsamfunnet.
Eg blir ikkje rørt over denne gesten, eg treng han ikkje. Det gjer heller ikkje dei som kviler i grava, dei bryr seg ikkje stort og søv fredeleg vidare. Det var ikkje staten aleine som tok frå dei det finske morsmålet, dei kom sjølve fram til at dei var norske borgarar, og at dei måtte bruke norsk som hovudspråk.
Generasjonen til mor mi, fødd tidleg på 1900-talet, lærte aldri morsmålet til faren, tornedalsfinsk. Tippoldefar Thomas i Tappeluft tilhøyrde ei anna grein av slekta; han var etterkommar av dei første kvenane i Alta, dei som kom dit litt før og litt etter år 1700. Han gifta seg med ei norsk kvinne, slik at oldefar Andreas Martin og hans søsken nok ikkje lærte finsk i heimen.
Alle dei finsktalande anane mine rømde frå uår og sveltihel i Kittilä, Muonioniska, Kaulinranta, Kaunisvaara og Revonsaari ved Viborg. Dei kom til eit land der alt strevet gav dei nok å leve av. Sjølv gav dei tilbake med kunnskapen dei hadde om jordbruk, skogbruk, bygningsarbeid og elvefiske. Og dei var snare med å tilpasse seg det nye landet, dei arbeidde i koppargruvene i Kåfjord i Alta og Kvænangen, dei var ettertrakta fangstfolk på ishavet, og dei vart føregangsmenn i fisket både i fjordane og på Lofoten.
Berre ein ting gjer meg arg: min snille morfar blei overvakt fordi han kunne vere ein potensiell fare for rikets sikkerheit; styresmaktene hadde fått det for seg at kvenane ville stø ei mogleg utviding av Finland i nord. Tankane om eit Stor-Finland var ikkje finsk utanrikspolitikk. Dei kom frå Lappo-rørsla, ein antikommunistisk terrororganisasjon som prøvde å stanse forsoningspolitikken i Finland etter borgarkrigen i 1918. Mildt sagt var den norske forsvarspolitikken retta mot «den finske fare» ein overreaksjon. Ein skamplett er meir dekkande.
Nei, eg trur ikkje kommisjonen lever opp til det pompøse namnet sitt. Vi får vel stole på alle vitnemåla om hardhendt fornorsking. Men dei er ikkje heile sanninga. Mor mi var frå 1923 til 1944 lærar i ei bygd i Nord-Troms der talemålet til fleirtalet var samisk. Ho gav elevane lærdom og opplevingar på språket ho kunne, norsk. Dei få som var dårlege i norsk, fekk hjelp av medelevar. Hardhendt på nokon slags måte var ho ikkje, ho vart ein avhalden person i bygda, som ho vende tilbake til etter krigen.
Det var fleire enn ho som gav barn og ungdom i Nord-Troms og Finnmark ein god ballast i livet, vestlendingar som Leigland, Lothe, Blakset, Føleide, Mardal, Slinde. Eg har ikkje lese rapporten til kommisjonen, men trur knapt at verksemda til desse lærarane var eit tema.
Eg er ikkje med på at det berre var fornorskingspolitikken som stal språket frå samar og kvenar. Samisk levde i beste velgåande i heimane, i bedehus og kyrkjer den tid eg voks opp på 50-talet. På storforsamlingane talte predikantane på samisk, som så vart tolka til norsk. Læstadianismen hadde mykje å seie for samisk og kvensk identitet, både når det galdt språk og sjølvhevding.
Som kommisjonsmedlemene Syse og Niemi seier, tida og utviklinga endrar mykje når det gjeld språk. Vi får vone at også tonen mellom sameaktivistar og andre norske borgarar etter kvart vert mildare.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Trea vil fortelje meg noko, skriv Ranveig Lovise Bungum.
Foto: Trond Mjøs
Kva ospa og dei andre trea kan fortelje oss
Anders Hovden.
Foto via Wikimedia Commons
Hovdens fredssalme
I 1923 sende Anders Hovden salmen «Joleklokker yver jordi» til bladet Under Kirkehvælv, der han kom på trykk same året.
I kvardagen kan det verte litt stress, til dømes får du ikkje den grøne pynten heilt perfekt. Men her er den herlege tomatsuppa mi med skrei.
Foto: Dagfinn Nordbø
Kvardagen
Det er dei det er flest av, kvardagane.
Teikning: May Linn Clement
Det skulle berre mangla
Det er nok ikkje manglande hjartelag som gjer at folk er interesserte i ord.
Språkrådet har kåra «beredskapsvenn» til årets nyord. Direktør i Språkrådet Åse Wetås seier det var eit openbert val.
Foto: Mariam Butt / NTB
Eit bilete på året som har gått
Språkdirektør Åse Wetås synest årets nyord er godt. At nye ord har stor påverknad, er fjorårets nyord, KI-generert, eit døme på.