Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Ordskifte

Einskap eller oppløysing

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
3470
20171117
3470
20171117

NYNORSK

Aud Søyland skriv i Dag og Tid nr. 43 at for henne og mange med henne er det viktig «at nynorsken framleis er eit ’landsmål’ i den tydinga at han femner om heile landet. Derfor meiner eg at rettskrivingsnemnda kom fram til eit bra resultat ved å tillate ein del valfridom, og derfor har eg vore med på å lage ei ordliste med forenkla råd for dei som kjenner seg usikre i nynorsk.»

Ho seier fylgjeleg at resultatet som rettskrivingsnemnda kom fram til, ikkje vart so bra likevel, all den tid ho sjølv har vore med og laga ei ordliste med tittelen Enkel nynorsk ordliste. Målgruppa for ordlista er «dei som ikkje bruker nynorsk til vanleg, men som skal bruke nynorsk i arbeidet sitt».

Eg merkar meg at tilbodet hennar til denne målgruppa er ein nynorsk som med få undantak skil seg minst mogleg ut frå bokmål. Det er ein nynorsk som viser seg med å vera usynleg: tenke – tenker, ønske – ønsker, bruke – bruker.

Det som Søyland omtalar som «ein del valfridom», ser slik ut i den gjeldande rettskrivinga:

fylgje, fylgjer, fylgde, fylgt el. følgje, følgjer, følgde, følgt el. følge, følger, følgde, følgt (i tillegg kjem valet mellom a-infinitiv eller e-infinitiv); forelesar/førelesar; formiddag/føremiddag; føremon/føremonn, osb.

Søyland er på kollisjonskurs med Aasen sitt syn på landsmål i tydinga eit mål for heile landet:

«I den hele Sammenstilling af Ordformer og Bøiningsformer bliver det nødvendigt at stræbe efter en E en h e d, saa at der ikke bliver opstillet flere Former i Stedet for een, da dette vilde føre Sproget tilbage til Landskabsmaalenes Stilling og saaledes gjøre det vanskeligt at lære.»

Nynorsk ordliste. Tradisjonell og einskapleg norm som kom ut på Kunnskapsforlaget den 5. august i år, er tufta på ei slik forståing av landsmål. Ho er ei ordliste for alle som vil skriva ein konsekvent og regelfast nynorsk.

Ho er tufta på tanken om at nynorsk er eit eige, sjølvstendig språk på lik line med andre normalmål. Ordlista vil bøta på den forvirringa som rår om korleis nynorsken skal sjå ut, og tilbyd ei einskapleg norm som det er råd og læra og nytta.

Ordlista er på om lag 38.000 ord og gjev det sentrale ordtilfanget i moderne nynorsk. Samstundes er kjerneorda i den nynorske ordskatten gjevne større plass enn det som er vanleg i ordlister av same omfang. Ho inneheld òg ein nynorsk minigrammatikk og ei bokmål–nynorskordliste.

Norma i ordlista byggjer i all hovudsak på læreboknormalen som galdt fram til 2012. Former som frå 1917 og frametter vart tekne inn i nynorsken med det føremålet å tilnærma nynorsken til bokmål, er i stor grad fjerna, og ein del eldre former er tekne inn att for å syna betre samanhengen i målet.

Det ville ha vore eit mistak å ikkje fastsetja skrivemåten
tenkjing med j. Verbalsubstantivet til tenkja er tenkjing, medan verbalsubstantivet til baka er baking. Desse skrivemåtane sikrar rett uttale. Skrivemåten tenking av tenkja er ei feilnormering som er so uheldig at ho ikkje kunne vidareførast. Det kunne rettskrivingsnemnda ha gjort noko med, men gjorde det ikkje. Det ville ha auka avstanden til bokmål

Med innlegget sitt i Dag og Tid nr. 42 har Søyland eigentleg argumentert for at det er Nynorsk ordliste. Tradisjonell og einskapleg norm utgjeven på Kunnskapsforlaget, folk bør kjøpa. Både dei som kjenner seg usikre, og dei som med sorg ser at nynorsken forvitrar under den massive bokmålsdominansen dersom me ikkje samlar oss om ei einskapleg norm.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Kart: Anders Skoglund, Norsk Polarinstitutt

Feature

Arvingane til Amundsen

Om lag 200 menneske vitjar Sørpolen kvart år. Denne sesongen sette fire nordmenn av garde på ski. Ikkje alle kom fram.

Hallgeir Opedal

Google byggjer nytt datasenter utanfor Skien i Telemark. – Vi kjem til å måtte byggje meir i åra framover, men vi må gjere det med ei anna forståing av at også natur og areal er ein knapp ressurs, seier Mathilde Tybring-Gjedde (H).

Foto: Cornelius Poppe / NTB

Samfunn
Eva Aalberg Undheim

Naturplan utan samling

Få opposisjonspolitikarar er nøgde med korleis Noreg skal følgje opp måla i naturavtalen. Mathilde Tybring-Gjedde (H) er ikkje viss på at naturforvaltinga i Noreg kjem til å verte betre.

Øyvind Vågnes var professor ved Institutt for informasjons- og medievitskap ved Universitetet i Bergen og fast musikkmeldar i Dag og Tid.

Foto: Universitetet i Bergen

MinneordSamfunn
Svein Gjerdåker

Øyvind Vågnes (1972–2025)

«Øyvind Vågnes var eit funn for ein avisredaksjon.»

Etter terroråtaket på Charlie Hebdo-redaksjonen 7. januar 2015 var det minnemarkeringar verda over, som her, i Oslo.

Foto: Fredrik Varfjell / AP / NTB

KommentarSamfunn
Bjørn Kvalsvik Nicolaysen

Den livsviktige satiren

Satiren må framleis ha ein heim. Ti år etter attentatet trengst det nytenking i Charlie Hebdo.

Denne hannen av munk vart fotografert i Oslo i desember 2019.

Foto: Sveinung Lindaas

DyrFeature

Vintermunkar

Fuglen munk har vore sentral i utgreiingar om fugletrekket.

Naïd Mubalegh

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis