Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Ordskifte

ESA og offentleg støtte

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
2934
20171110
2934
20171110

ESA

Dag og Tid refererer 20. oktober til at ESA vil sjå etter Noreg sin praksis i EØS-avtalen art. 125. Tidlegare direktør i ESA Per Anders Bjørgan meiner 27. oktober at «Lovgiver har for de viktigste kommunale næringene for lengst ryddet opp». Når det gjeld avfallsektoren er dette svært tvilsamt.

Men eg er einig i at det blir for omfattande å la dette også bli ei sak om kommunal eigedomsforvaltning, barnehagar, symjehallar etc. Men med omsyn til avfallssektoren er det tvillaust at det går føre seg kryssubsidiering i høve til private aktørar. Om ein skal sikre konkurranse på like vilkår, må følgjande vektleggjast:

1. Kommunale avfallselskap er unnateke plikt om eigedomsskatt.

2. Dei betalar ikkje inntektsskatt så lenge 80 prosent av kapasiteten er brukt i den kommunale delen. Men kravet her er berre eigne rekneskap, ikkje juridiske eigne selskap. Om dei har etablert eigne selskap (som eit heileigd AS), er dette berre ein fiksjon når dei same juridiske personane sit i begge selskapa. Eg viser til regelverket om kryssubsidiering: «– Det investeres i maskiner og utstyr i den offentlig finansierte delen av virksomheten, som gir lavere driftskostnader for den konkurranseutsatte delen av virksomheten. – Ansatte, utstyr eller lokaler fra den offentlig finansierte delen av virksomheten brukes i den kommersielle delen av virksomheten.»

Den som kjenner til sjølvkostrekneskap, veit at ingen utanforståande kan kontrollere dette godt.

3. Det er særskilde reglar for etterdriftsfond i offentlege selskap. På grunn av unntaket for konkursrisiko og inntektsskatt vert avsetninga til dette heilt annleis enn i private selskap. Private selskap må setje av store beløp til slikt fond utan at dette kan takast til utgift. Og eigarane må også betale formuesskatt av avsetninga.

4. Det kan tidvis oppstå krav om gebyr frå det offentlege ved feil disponering av avfall. Eksempelvis var krav frå Tolldirektoratet på deponiavgift på mange millionar til kommunale deponi berre ført i sjølvkostregnskapet, og følgjeleg vidareført til abonnentane som renovasjonsavgift. Ein kan reise spørsmål om slike gebyr og bøter gjev incentiv til framtidig betre drift i det offentlege.

Bjørgan skriv at det for kommunane vil kunne bli «plunder og heft» når dei skal vurdere det som er nemnt i punkt. 2. Difor er det naudsynt at det blir meir klare reglar på området. Når det offentlege driv verksemd både i marknaden og for det offentlege, må det bli krav om eigne juridiske aksjeselskap med eigne styre. Landet over er det mange som har gjort dette med godt resultat. Om det er eit heileigd offentleg selskap eller eit privat selskap, er det liten grunn til å tru at det offentlege selskapet ikkje vert konkurransedyktig om leiinga får ansvar. Men du tek ikkje tilstrekkjeleg ansvar om du veit at du har eit sjølvkostregime å støtte deg på.

Initiativet frå ESA til å sjå på dette er heilt naudsynt.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Kart: Anders Skoglund, Norsk Polarinstitutt

Feature

Arvingane til Amundsen

Om lag 200 menneske vitjar Sørpolen kvart år. Denne sesongen sette fire nordmenn av garde på ski. Ikkje alle kom fram.

Hallgeir Opedal

Google byggjer nytt datasenter utanfor Skien i Telemark. – Vi kjem til å måtte byggje meir i åra framover, men vi må gjere det med ei anna forståing av at også natur og areal er ein knapp ressurs, seier Mathilde Tybring-Gjedde (H).

Foto: Cornelius Poppe / NTB

Samfunn
Eva Aalberg Undheim

Naturplan utan samling

Få opposisjonspolitikarar er nøgde med korleis Noreg skal følgje opp måla i naturavtalen. Mathilde Tybring-Gjedde (H) er ikkje viss på at naturforvaltinga i Noreg kjem til å verte betre.

Øyvind Vågnes var professor ved Institutt for informasjons- og medievitskap ved Universitetet i Bergen og fast musikkmeldar i Dag og Tid.

Foto: Universitetet i Bergen

MinneordSamfunn
Svein Gjerdåker

Øyvind Vågnes (1972–2025)

«Øyvind Vågnes var eit funn for ein avisredaksjon.»

Etter terroråtaket på Charlie Hebdo-redaksjonen 7. januar 2015 var det minnemarkeringar verda over, som her, i Oslo.

Foto: Fredrik Varfjell / AP / NTB

KommentarSamfunn
Bjørn Kvalsvik Nicolaysen

Den livsviktige satiren

Satiren må framleis ha ein heim. Ti år etter attentatet trengst det nytenking i Charlie Hebdo.

Denne hannen av munk vart fotografert i Oslo i desember 2019.

Foto: Sveinung Lindaas

DyrFeature

Vintermunkar

Fuglen munk har vore sentral i utgreiingar om fugletrekket.

Naïd Mubalegh

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis