AFRIKA
Takk til Terje Tvedt for at han set eit søkeljos på norsk politikk andsynes Eritrea: frå vår støtte til opprettinga av ein ny stat i 1993 til dagens mottak av asylantar derifrå.
Også i Zimbabwe har me gått frå ein ytterkant til den andre. Robert Mugabe har styrt Zimbabwe i snart 40 år. Då han kom til makta i 1980, jubla dei fleste. I dag ser me at han har vore ei ulukke for eit vakkert og grøderikt land.
«Alle» i det norske bistandsmiljøet ville til Zimbabwe dei fyrste 10–15 åra. Det å vera stasjonert i Harare var ettertrakta.
I 1990 reiste også eg til Harare for eit kort oppdrag for Norad. I landtingingar mellom Noreg og Zimbabwe var det sett opp ei støtte på 20 millionar til ein skoginstitusjon, Forestry Commission. Denne støtta skulle eg vurdera.
Eg fekk inntrykk av at dette var ein grei jobb, meir som ein formalitet. Institusjonen hadde vore mellom dei beste i Afrika, med plantasjar kjende for god skogskjøtsel. Det meste var vel på plass, og det var vel berre å gje klårsignal?
Det vart ikkje slik. Det var slett ikkje enkelt. I eit arkiv fann eg bortgøymde og nedstøva rapportar som fortalde mykje. Og John, min motpart frå Zimbabwe, var bekymra for det skogfaglege i institusjonen. Han vart meir og meir politisk styrd.
Kva med korrupsjon? Her var mange donorar frå ulike land, og då oppstår lett kaos, som kan utnyttast. Eg fekk mistanke om at delar av programmet var dobbelfinansiert. Og på spørsmåla mine fekk eg fekk berre uklåre og villeiande svar.
Difor rådde eg til ei betydeleg nedskjering i norsk støtte til programmet. Det vart ikkje godt motteke. Og dette vart, sjølvsagt, mitt siste oppdrag i Zimbabwe. Ikkje noko sut for meg. Det var nok verre for John. Det å ikkje få i land eit program til 20 millionar er nok ikkje bra for ein karriere.
I 1990 var her framleis norsk entusiasme for Zimbabwe, men i tiåret som fylgde snudde stemninga. Her kom ein bratt nedtur for landet, mykje på grunn av omfattande korrupsjon. Forventa levealder i landet gjekk då ned, like eins produksjonen av mat.
Pendelen svingar. Vegen frå idyllisering til demonisering er kort. Me har så vanskeleg for å sjå nyansar i fattige land, det vert så lett anten svart eller kvitt, og for sterkt merkt av ideologi. I Afrika vil våre medium alltid finna det dei søkjer etter, både på godt og vondt. Som Afrika-kjennaren Anna-Liisa Raunio sa om svenske journalistar på vitjing: «Kvifor kjem dei så lang veg, når dei veit alt frå før?»
Me veit at Eritrea er altfor militarisert. Me veit òg at korrupsjonen står sterkt i Zimbabwe. Korleis er det då å leva for vanlege folk i desse landa? Nøytral statistikk er då kanskje ein betre vegvisar enn ideologien vår. Han fortel at det er liten skilnad på forventa levealder og lesekunnskap i Eritrea og i Etiopia, grannelandet. Og i Zimbabwe har tala for forventa levealder teke seg bra opp att etter år 2000.
Kanskje også dagens demonisering har gått for langt?
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Jørgen Boassen har vorte kjend langt utanfor Grønlands grenser etter at han viste Donald Trump jr. omkring i Nuuk.
Foto: Christiane Jordheim Larsen
Alle auge på Grønland
NUUK, GRØNLAND: 2025 starta med vaksenopplæring om Grønlands geopolitiske betyding. Saman med store delar av den vestlege pressa har eg følgt spora etter Donald Trump jr. i hovudstaden Nuuk.
Afghanarane som spelar i filmen til Raha Amirfazli og Alireza Ghasemi, har flykta frå Iran.
Foto frå filmen
Filmglede
Det er alltid kjekt å opne det nye året med mykje film.
Albumet som no er ute, tek utgangspunkt i spesifikke Aphex Twin-konsertar.
Skjermdump frå YouTube
Raritetar i utval
Enkeltpersonorkesteret Aphex Twin samlar «djupe kutt» i utval til glede for store og små.
Den svenske Duo SolRoos, med luttspelaren Dohyo Sol og blokkfløytisten Emilie Roos.
Foto: Alf Ljungquist
Meistermøtet
Duo SolRoos gjev oss atterklangar av Weiss og Bach i samspel.
Teikning: May Linn Clement
Forgard i nord
Kan USA kome til å ta over Grønland med makt?