Halvor Tjønns democrazy
Nato
Halvor Tjønn er i siste nummer av Dag og Tid med god grunn uroleg for kva gjenvalet av den nye tyrkiske sultanen Erdogan kan føre med seg. Men, legg han til, ikkje fordi dette er så ille i seg sjølv, men fordi det skjer i eit «viktig land» for oss NATO-folk (!). Tjønn spår at Tyrkia-spørsmålet blir så pinleg for NATO at Erdogans rike kan miste medlemsskapet i alliansen.
Men da viser Tjønn at han har misforstått den reelle ideen som ligg til grunn for NATO, bak frasane om demokrati og den frie verda. Det har aldri vore noko krav at eit NATO-land må ha frie val, ytringsfridom etc. Den fascistiske portugisiske diktatoren Salazar var ein velkomen partnar i NATO, sjølv om regimet hans dreiv ein brutal kolonikrig i Afrika fram til 1974. (Salig Guttorm Hansen, Ap-mann og i si tid formann i Atlanterhavskomiteen, blei ein gong spurt om kvifor han som sosialist kunne godta dette, og da svarte han at fascisme, det er eit begrep. Jajamensann). Franco-Spania var reelt sett også ein del av NATO, sjefen sjølv blei hylla av både Eisenhower og Nixon som ein viktig alliert, og på Naval Station Rota i Sør-Spania var det ei tid plassert amerikanske atomvåpen. Tyrkia var i same perioden, som Tjønn er klar over, meir eller mindre eit militærdiktatur. Oberstjuntaen i Hellas (1967-1974) blei ikkje berre akseptert som NATO-medlem, men fekk rikeleg med forsyningar av militærmateriell frå USA, og CIA var på førehand vel innforstått med dei greske kupplanane. (Bill Clinton måtte i si tid overfor grekarane seie seg lei for Lyndon B. Johnsens og Richard Nixons støtte til oberstregimet.)
Tjønn er også bekymra for «vestlege interesser» i Midt-Austen og lèt til å tru at desse har med demokrati å gjere. Også her skriv han på autopilot, av amerikansk fabrikat. Når var det omsynet til demokrati i dette området dikterte vestleg politikk? Var det ved løftet USA ga (1944-45) om for all framtid å forsvare det saudiarabiske kongedømet? Eller med kuppet i Syria i 1949, ved innsettinga av sjahen av Persia i 1953, støtta til Frankrike under Algerie-krigen (1954-61), den fransk-engelske Suez-aksjonen i Egypt 1956, USAs støtte til Saddam Husseins krig mot Iran (1980-talet), den de facto aksepten av Israels settlarkolonisering av den palestinske Vestbreidda? Kva med samarbeidet med dagens Saudi-Arabia som krigar med vestlege våpen mot Yemen og forsyner jihadistar i Syria med pengar og salafistiske vers frå Koranen?
Den pensjonerte amerikanske generalen Wesley Clark kom etter enda tenestetid i 1991 på besøk til Pentagon. Han fortel at der låg alt planar føre om å endre regima i «sovjetstatane» Irak, Syria, Somalia, Libya, Sudan, Iran og Yemen. Alt utarbeidd av Richard Pearle, Donald Rumsfeld og Paul Wolfowitz. Desse tenkarane veit at utanrikspolitikk er eit vedheng til næringsinteresser. Om desse kan sameinast med demokrati, er det all right. Men elles ikkje. Denne samanhengen bør Halvor Tjønn ta inn over seg.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Jørgen Boassen har vorte kjend langt utanfor Grønlands grenser etter at han viste Donald Trump jr. omkring i Nuuk.
Foto: Christiane Jordheim Larsen
Alle auge på Grønland
NUUK, GRØNLAND: 2025 starta med vaksenopplæring om Grønlands geopolitiske betyding. Saman med store delar av den vestlege pressa har eg følgt spora etter Donald Trump jr. i hovudstaden Nuuk.
Afghanarane som spelar i filmen til Raha Amirfazli og Alireza Ghasemi, har flykta frå Iran.
Foto frå filmen
Filmglede
Det er alltid kjekt å opne det nye året med mykje film.
Albumet som no er ute, tek utgangspunkt i spesifikke Aphex Twin-konsertar.
Skjermdump frå YouTube
Raritetar i utval
Enkeltpersonorkesteret Aphex Twin samlar «djupe kutt» i utval til glede for store og små.
Den svenske Duo SolRoos, med luttspelaren Dohyo Sol og blokkfløytisten Emilie Roos.
Foto: Alf Ljungquist
Meistermøtet
Duo SolRoos gjev oss atterklangar av Weiss og Bach i samspel.
Teikning: May Linn Clement
Forgard i nord
Kan USA kome til å ta over Grønland med makt?