Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Ordskifte

Kast Vegmuseet ut av forbundet

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
3704
20210910
3704
20210910

Kultur

Norsk Vegmuseum har sidan 1992 vore etatsmuseum i Vegdirektoratet, med ei fri og sjølvstendig stilling lik alle andre museum. Etter ei gjennomgripande omorganisering er det slutt på autonomien, og direktøren er redusert til lakei i eige hus. Kan slike museum vere medlem i Museumsforbundet?

Statens vegvesen er eit av landets største forvaltningsorgan. Vegvesenet – og vegane – har endra seg mykje sidan 1850-åra, og i 2020 kom signala om ei større strukturendring.

Vegmuseet, som har plassen sin i denne gigantiske organisasjonsstrukturen, er vande med endringar og tilpassar seg stadig nye verkelegheiter. Men å endre ein struktur er ikkje det same som å avvikle institusjonell autonomi.

Det er det leiinga i Statens vegvesen no gjer. Mykje står på spel for museet og truverda til den politiske leiinga i Samferdsledepartementet.

Fridomen til kulturlivet og prinsippet om armlengds avstand har vore køyreregel og bibellære i musea sidan midten av 70-talet. Uavhengig av eigarskap og ressurstilgang har prinsippet sikra autonome institusjonar med råderett over eigne ressursar og fagleg utvikling. Slik skal det vere fordi samfunnet anerkjenner musea som brikker i demokratiets infrastruktur. Ved Vegmuseet er denne fridomen truga.

Tidlegare styrte museumsdirektøren her med same mynde som museumsleiarar elles. I dag er han plassert på organisatorisk 3. nivå, fjernt frå dei strategiske samtalane, og utan direkte ansvar og tilgang til organisatoriske vedtaksorgan. Ansvaret sit ikkje lenger hjå museumssjefen, men hjå ein fagfjern direktør på eit nyoppretta organisatorisk 2. nivå. Vegvesenet er på ville vegar.

Dette er ikkje berre langt frå kvardagen til direktørkollegaene elles i Noreg. Det er i strid med nasjonale og internasjonale retningsliner for sektoren. I etiske reglement til det internasjonale museumsforbundet heiter det at «museet skal styrast av ein direkte ansvarleg direktør med direkte tilgang til det høgste beslutningsorganet i organisasjonen». Slik er det ikkje lenger ved Vegmuseet.

Dei etiske retningslinene er styrande for all museumsdrift i Noreg. Det same er norsk politikk og norske forvaltingstradisjonar. Gjennom den nye museumsmeldinga minner regjeringa oss om verdien av uavhengige forskings- og kunnskapsinstitusjonar. Dette er ein tematikk som musea i Noreg er svært opptekne av, og som ein stadig må drøfte med eigarar og økonomiske støttespelarar. Er ikkje Vegdirektoratet og Samferdselsdepartementet opptekne av det same?

Vegmuseet har eit nasjonalt ansvar og ein landsdekkande aktivitet, og har fram til i dag hatt ei overordna rolle for bevaring av nasjonal veghistorie. Ny organisering kan vanskeleg samordnast med denne aktiviteten, og den vil hindre likeverdig og horisontal kommunikasjonen musea i mellom.

Ytringsretten har dårlege vilkår i ei rekke europeiske land. Desse utfordringane viser oss kvifor rammene for kunst- og kulturarbeid må vere frie. I Noreg har vi alle føresetnadar til å forstå kvifor det må vere slik. Men då må i det minste staten gje Vegmuseet den fristilte rolla det var meint å ha.

I 35 år har Vegmuseet hatt ei fri stilling innanfor veggane til det mektige direktoratet. I dag snakkar museumssjefen for døve øyre. Vegvesenet og direktoratet forstår ikkje bekymringa, og høyrer knapt nok etter. Og derfor må museumsrørsla bruke hardare lut. Om ikkje Vegvesenet greier å sikre at museet held fram med å ha institusjonell autonomi, må Museumsforbundet vurdere om det skal kaste museet ut av forbundet. For museumsrørsla er det ein trist sorti. For ministeren er det fyrst og fremst pinleg.

Ole Aastad Bråten er direktør for Valdresmusea, Museumsforum Innlandet.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Henry «Tippen» Johanson reddar i kampen mot Tyskland i OL i Berlin i 1936. Då det var 2‒0 til Noreg, gjekk Hitler og følgjet hans.

Foto: arkiv / NTB

BokMeldingar

Året 1936 bak nyhenda

Ingen medvitne nordmenn tvilte på storkrig.

Aage G.Sivertsen

Teikning: May Linn Clement

Feature

Flyplassblues

Ingen stad kjenner eg meg så trygg som på ein flyplass.

May Linn Clement

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis