Klima, miljø og militære
Justisminister Tor Mikkel Wara og forsvarsminister Frank Bakke-Jensen er i Fredrikstad for å ta imot ei skipslast med militære køyretøy til NATO-øvinga Trident Juncture. Miljøvernministeren var fråverande.
Foto: Heiko Junge / NTB scanpix
Tryggleik
No har me hatt to ekstreme somrar. Den første var kald og våt, den andre varm og tørr. Den globale oppvarminga er blitt tydeleg også hos oss. Bøndene fortvilar over fôrmangel og må slakta delar av buskapen, og på sikt vil truleg matprisane gå opp. Desse somrane har kanskje vore ein «vekkjar» for mange, slik som den daude kvalen som rak i land med magen full av plast.
I desse dagar driv NATO med «deployment» – utplassering – av utstyr til den store øvinga Trident Juncture. Der skal soldatar frå 30 land øva på å stå imot eit angrep frå Russland. Men kva trugar framtida mest, Russland eller faren for klima- og miljøkatastrofar?
Tal for 2017 frå SIPRI (Det internasjonale fredsforskingsinstituttet i Stockholm) viser at NATOs militærutgifter er 13 gonger større enn Russlands. Då verkar det helst absurd å tru at Russland vil gå til angrep. På den andre sida viser mange rapportar at isen smeltar overalt, og at mange område blir tørrare. Konsekvensane blir matmangel og fleire klimaflyktningar. Kva vil skje i India når isen i Himalaya smeltar? Kva vil skje med dei store kystbyane når havet stig?
Trump har sagt opp Paris-avtalen, der statane forpliktar seg til å kutta klimagassutsleppa for å stoppa oppvarminga og klimaendringane. Derimot krev Trump at NATO-landa skal auka militærutgiftene sine. Men meir militarisering vil skada klima og miljø enda meir. Militærvesenet er ikkje med i klimarekneskapen, sjølv om det står for svært mykje av klimagassutsleppa.
USAs forsvarsdepartement er det «selskapet» i verda som har det største karbonfotavtrykket. Pentagon står for meir enn 70 prosent av USAs utslepp av klimagassar (CIA World Fact Book), og det brukar dagleg meir olje enn 175 land til saman (av 210). I tillegg går det med mykje olje og naturressursar for å produsera militært materiell. Produksjon og bruk av dette fører med seg «søppel» av ulike slag. I USA er militæret den største forureinaren av vassdrag på grunn av alle militærbasane rundt om i landet. Dette har mellom anna ført til fødselsskadar og kreft blant sivile og mannskap.
Militæret skal gjera oss trygge. Då blir det eit paradoks at det er med på å gjera oss utrygge på grunn av skadane det påfører klima og miljø.
I den store NATO-øvinga skal 40.000 soldatar, 70 krigsskip og 140 fly delta, pluss mange store militærkøyretøy. Det skal brukast 40 millionar kroner på ulike installasjonar, som skal rivast etterpå. For Noregs del er det rekna ut at utgiftene blir 1 milliard.
Forsvarsminister Bakke-Jensen burde stå fram saman med NATO-sjef Stoltenberg og fortelja det norske folk kor store CO2-utsleppa frå øvinga vil bli i desse månadane, frå august til november/desember. Militære fly, skip og andre køyretøy er ikkje smålåtne når det gjeld drivstoff. F-16-jagarflyet brukar til dømes 3406 liter i timen, og beltevogna Leopard 2A4 brukar 21 liter på mila. Ein kunne kanskje avslutta utgreiinga med å samanlikna det med bensinbruken til ein gjennomsnittsbilist. Dei ansvarlege bør også gjera greie for spørsmål som: I kva grad vil desse tunge køyretøya gjera skade på norske vegar og på skog og mark? Kven skal stå for og betala for opprydding/reparasjon?
Store problem som forverrar klima og miljø, atomtrussel og store skilnader i levekår blant folk i verda kan ikkje løysast med militær makt. Politikarar som gjerne prioriterer militæret, bør skifta fokus, ta turen ut blant folk som blir direkte ramma av militær maktbruk, eller som lir på grunn av manglande medisin og legehjelp. Då vil dei nok få råd om å bruka ressursane på tiltak som kan førebyggja krig, i staden for på opprusting. Slik prioriteringa er i dag, er eg stygt redd for at politikarar og militære i staden høyrer mest på våpenlobbyen.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Trea vil fortelje meg noko, skriv Ranveig Lovise Bungum.
Foto: Trond Mjøs
Kva ospa og dei andre trea kan fortelje oss
Anders Hovden.
Foto via Wikimedia Commons
Hovdens fredssalme
I 1923 sende Anders Hovden salmen «Joleklokker yver jordi» til bladet Under Kirkehvælv, der han kom på trykk same året.
I kvardagen kan det verte litt stress, til dømes får du ikkje den grøne pynten heilt perfekt. Men her er den herlege tomatsuppa mi med skrei.
Foto: Dagfinn Nordbø
Kvardagen
Det er dei det er flest av, kvardagane.
Teikning: May Linn Clement
Det skulle berre mangla
Det er nok ikkje manglande hjartelag som gjer at folk er interesserte i ord.
Språkrådet har kåra «beredskapsvenn» til årets nyord. Direktør i Språkrådet Åse Wetås seier det var eit openbert val.
Foto: Mariam Butt / NTB
Eit bilete på året som har gått
Språkdirektør Åse Wetås synest årets nyord er godt. At nye ord har stor påverknad, er fjorårets nyord, KI-generert, eit døme på.