«Krig endra Grieg» – krig endrar mange
Ønskjer du å delta i debatten? Då kan du sende innlegget ditt til ordskifte@dagogtid.no
Historie
Det var eit interessant innslag av Håvard Rem i Dag og Tid den 13. januar.
Eg er med i ein lesering som skulle samtale om romanen Huset i mørkret. Tarjei Vesaas skreiv han dei siste månadane under tysk okkupasjon i 1945. Motvillig starta eg på denne «gamle» boka, men ganske snart blei eg gripen av den repeterande rytmen og ordvala som laga ei suggererande og utrygg stemning. Med si store innsikt i menneskesinnet skildrar Vesaas ulike typar som motstandsmannen Stig, den likegyldige, medløparen, presten, og deira dilemma og val. Han tek opp store etiske problem omkring fred og krig. Ukrenkeleg liv og menneskeverd. Retten til forsvar. Plikt.
Boka blei dagsaktuell. Krigen i Ukraina. Diskusjonen i partiet Raudt omkring fredsarbeid og støtte til forsvarskrig.
Så les eg Rems «avsløring», der han meiner Grieg fråseier seg det mektige fredsdiktet «Til ungdommen», 1936, ved å skrive det krasse diktet «Øya i Ishavet», 1942. Ei setning der lyder: Drepe er alt vi skal. Eg hadde ikkje lese dette diktet før. Då eg kom til siste strofe, møtte eg Vesaas – lamslått. Grieg skriv:
Slik at en annen slekt
åpen og varm og fri
kan, mellom løv og korn,
slippe å bli som vi
Vesaas lèt motstandsmannen Stig tenkje framover: «Her vil bli noko anna – men om det blir vi som er skikka til å vera med i det, det er ein annan ting. Det er vi vel helst ikkje. (…) Eg synest vi blir som oppbrukte av dette vi må ta på oss. Så det nye, det vil bli vanskeleg å koma inn i (…) fordi at det blir noko anna som det spørst om sidan. Som vi ikkje får lov å bruke. (…) No er det hardleik som må til. Sidan må godleik til, det er den som er og blir til evig tid.»
Boka avsluttar med «tusenfeldt svevnljod» frå sovande born. Framtida og håpet. Og det håpet ligg også i Griegs siste strofe, «en annen slekt».
Derfor synest eg ikkje at Rem skal ha vond smak av å syngje «Til ungdommen». Nye generasjonar vil ha håp og draumar og vilje til å stå opp for det gode. Optimismen må me ikkje miste.
Åsta Østmoe Kostveit er forfattar og tidlegare høgskulelektor.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Trea vil fortelje meg noko, skriv Ranveig Lovise Bungum.
Foto: Trond Mjøs
Kva ospa og dei andre trea kan fortelje oss
Anders Hovden.
Foto via Wikimedia Commons
Hovdens fredssalme
I 1923 sende Anders Hovden salmen «Joleklokker yver jordi» til bladet Under Kirkehvælv, der han kom på trykk same året.
I kvardagen kan det verte litt stress, til dømes får du ikkje den grøne pynten heilt perfekt. Men her er den herlege tomatsuppa mi med skrei.
Foto: Dagfinn Nordbø
Kvardagen
Det er dei det er flest av, kvardagane.
Teikning: May Linn Clement
Det skulle berre mangla
Det er nok ikkje manglande hjartelag som gjer at folk er interesserte i ord.
Språkrådet har kåra «beredskapsvenn» til årets nyord. Direktør i Språkrådet Åse Wetås seier det var eit openbert val.
Foto: Mariam Butt / NTB
Eit bilete på året som har gått
Språkdirektør Åse Wetås synest årets nyord er godt. At nye ord har stor påverknad, er fjorårets nyord, KI-generert, eit døme på.