Kva gjer vi når nokre få sit med all informasjon om folk i verda?
DATATRYGGLEIK
Kor stor del av livet ditt er tilgjengeleg for andre? Kan kven som helst vita kva du heiter, kva du er redd for eller allergisk mot? Det er fint å snakke med andre og dele hendingar i livet; men må det gjerast på plattformer vi ikkje eig sjølv, der denne informasjonen kan bli lagra og kan hende redigert eller sletta utan at vi har kontroll på det? Burde vi ikkje tenkje på kven som eig alle desse plattformene kor vi stadig meir ukritisk deler personleg informasjon med andre?
Mykje av livet vårt går føre seg i den digitale verda i dag, og tenestene vi nyttar mest er eigd av Google, som Youtube, Gmail, Skype og Yahoo. Det at Google snart har monopol på ein del internettenester, gjer at dei får større makt. Deira verdsbilete, og kva dei vel å vise oss, har mykje å seie for korleis vi trur verda er. Google er også med i PRISM, eit amerikansk overvakingssystem som er omfattande nok til å overvaka og lagre direkte kommunikasjon. Dei kan altså snart vita alt om kva vi gjer og seier. No er det jo slik at dei fleste ikkje blir så grundig overvaka at telefonsamtalane blir avlytta, men vi kan merke at nokon følger med på oss med mellom anna målretta reklame.
Vi bestemmer delvis sjølv kor mykje vi blir overvaka når vi får spørsmål frå nettstader om dei kan hugse passord eller spør etter telefonnummer og e-post. Altfor mange trykkjer ukritisk ja, og bryr seg ikkje om datatryggleik. Kan vi klandre Google for det? Eg tykkjer ikkje dei burde spørje viss vi ikkje burde svara ja. Eg tykkjer også at politikarane våre bør vera interesserte i kven som eig all informasjon om befolkninga deira. Når Google eig det meste på nettet, kan dei velje kven som skal sleppe til i media og kven som skal stengast ute. Men det treng ikkje å vera slik. Vi har enno tid til å endre at nokon få dikterer nyhende og informasjon i verda. Og då tenkjer eg at det kan vera lurt å byrje å tenkje på det no, før det er for seint.
Kaia Brendberg er VG1-elev på ein kristen vidaregåande skule i Trondheim.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Google byggjer nytt datasenter utanfor Skien i Telemark. – Vi kjem til å måtte byggje meir i åra framover, men vi må gjere det med ei anna forståing av at også natur og areal er ein knapp ressurs, seier Mathilde Tybring-Gjedde (H).
Foto: Cornelius Poppe / NTB
Naturplan utan samling
Få opposisjonspolitikarar er nøgde med korleis Noreg skal følgje opp måla i naturavtalen. Mathilde Tybring-Gjedde (H) er ikkje viss på at naturforvaltinga i Noreg kjem til å verte betre.
Øyvind Vågnes var professor ved Institutt for informasjons- og medievitskap ved Universitetet i Bergen og fast musikkmeldar i Dag og Tid.
Foto: Universitetet i Bergen
Øyvind Vågnes (1972–2025)
«Øyvind Vågnes var eit funn for ein avisredaksjon.»
Etter terroråtaket på Charlie Hebdo-redaksjonen 7. januar 2015 var det minnemarkeringar verda over, som her, i Oslo.
Foto: Fredrik Varfjell / AP / NTB
Den livsviktige satiren
Satiren må framleis ha ein heim. Ti år etter attentatet trengst det nytenking i Charlie Hebdo.
Støre og krisa i sosialdemokratiet
Må det ein ny partileiar til for å berga restane av det sosialdemokratiske innslaget i norsk politikk?
Ein politimeister les opp ein rettsordre som stoppar ein protest for veljarregistrering i Selma i Alabama i USA 9. mars 1965, framfor borgarrettsaktivistane Martin Luther King jr. (t.h.) og Andrew Young.
Foto: AP / NTB
Vald, hat, mot
Historia om kampen til dei svarte i USA er soga om ei frigjeringsrørsle som vann – til slutt. Men også om tvisyn og botnlaus menneskeleg fornedring.