Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Ordskifte

Kva skal vi tru?

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
3569
20170908
3569
20170908

POLITIKK

Omreisande representantar frå partiet Høgre kom på døra mi ganske nyleg. Det var trivelege folk som delte ut valbrosjyrar frå partiet.

På framsida av brosjyren står det: «Vi tror på Nord-Norge». Dette er vel meir overtru enn tru. Rett nok er vi oppegåande her nord. Vi leverer, trass i negative tilhøve både frå klima og topografi, og store avstandar – både geografisk og tankemessig – frå dei som fordeler goda her i landet. Men om vi framleis skal vere leveringsdyktige, treng vi infrastruktur på linje med resten av landet. Det har vi ikkje.

Ordet jernbane finst ikkje blant dei om lag 750 orda i brosjyren. Jernbane kopla med Nord-Noreg er ikkje tema, for ikkje å seie anatema i sentrale høgrekretsar. Trass i dette var Høgres stortingsrepresentant fra Troms, Kent Gudmundsen, til stades på jernbanemøtet i Tromsø 10. august i år. Der sa han seg samd i at Tromsbanen – ein del av Nord-Norgebanen (NNB) – måtte gjennomførast innan 2029. Når ei så viktig sak for vårt framtidige Nord-Noreg ikkje er nemnt i Høgres valmateriell, er det vanskeleg å tru på at partiet tek saka på alvor.

Stambanen vil vere det beste enkeltståande tiltaket for vidare utbygging av Nord-Noreg ein kan tenke seg. Han vil bli positiv for alle sektorane i samfunnet – kan hende med unntak av reindrifta. Men sjølv her gjev han ikkje vesentlege skadar med fornuftige byggemetodar, og vil også ha sine positive sider. Jernbane krev dessutan langt mindre areal enn veg.

At manglande jernbane utan tvil er det beste middelet for å halde fram med den uoffisielle kolonistatusen vår på mange område, er nok ein vesentleg del av bildet.

Det er ei skam for Noreg og for norsk samfunnstenking at stambanen gjennom Nord-Noreg ikkje for lenge sidan er på plass.

For oss 80 prosent i Troms som i InFact-undersøkinga i sommar støtta vidareføring av NNB, bør Høgres meining vege tungt i stortingsvalet. Dei var diverre også med – saman med Ap – på blokkeringa av NNB i 1994, etter ei utgreiing (Hovedrapport 1992) som var positiv i favør av banen. I dag ville banen hatt enda større (det vil seie positiv) samfunnsøkonomisk nytte/kostverdi, sidan nedskrivingstida no er auka fra 25 til 40 år, og kalkulasjonsrenta er redusert frå 7 prosent til 4 prosent.

I sør ser ein ikkje skilnad på tiltak som gjev ein liten betra framkomst – men ikkje samfunnsøkonomisk overskot – og på tiltak av ein heilt annan samfunnsmessig verdiauke. Litt spart reisetid er sjølvsagt ein føremon for den einskilde, men gjev – også i milliontal – likevel ingen vinst for samfunnet.

Ser vi på verknaden av NNB, finn vi ein heilt annan dimensjon der vi får:

z All vesentleg intern og miljøvennleg transport samla på norsk jord. Nordnorsk næringsliv er ikkje lenger avhengig av velviljen frå nabolanda våre.

z Noreg vil – sjølvsagt – få innkomsten av denne frakta, noko som no går til Sverige.

z Ei distansesparing på 500–600 km i forhold til noverande godstrafikk gjennom Sverige. (I første kvartal i år gjekk 3,4 godstog dagleg Narvik–Oslo tur/retur).

z Merkbart reduserte klimautslepp.

z Høve til fjernreiser både internt i – og til/frå – Nord-Noreg, etter at internasjonale klimatiltak om ikkje altfor lenge gjer flyreiser uoverkommelege for folk flest.

z Banen opnar for regional pendling.

z Hovudvegnettet vert spart for enorm slitasje.

z Og – alt dette skjer med eit prosjekt som vil betale seg sjølv, og vere i overskotsposisjon etter maksimalt 40 år.

Korfor er dette – sett frå sør – så feil? Skulle vi døype om NNB til Harald Hårfagrebanen – banen som samla Noreg?

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Eit langt utdanningsløp kan by på store utfordringar for dei som har ADHD. Eit aukande antal vaksne oppsøker helsetenesta, inkludert dyre privatklinikkar, for å få ein diagnose.

Foto: Gorm Kallestad / AP / NTB

HelseSamfunn

– ADHD-diagnosen skal henge høgt

Det har vore ein kraftig auke i talet på ADHD-diagnosar og bruken av ADHD-medisin dei siste åra. Blir diagnosen utvatna når kjendisar snakkar han opp?

Marita Liabø

Eit russisk droneåtak råkar ei bustadblokk i Kyiv 10. januar.

Foto: Gleb Garanich / Reuters / NTB

KrigSamfunn

Ingen Uber i Belarus

Å forstyrre GPS-system handlar ikkje berre om å forvirre russiske dronar. Det gjeld å dirigere dei slik at dei forlèt ukrainsk luftrom fullstendig.

Andrej Kurkov

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis