Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Ordskifte

La elevane lære tysk

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
2835
20171020
2835
20171020

TYSKFAGET

Først ein takk til Ronny Spaans for at han på ein grundig måte viste lesarane i Dag og Tid nr. 39 korleis tysk er blitt svekt i norsk skole. Eg vart difor forbausa over korleis Ole Johnny Larsen gjekk til åtak på det grundige journalistiske arbeidet til Spaans i DT nr. 40. Spaans bringa elles ikkje berre eigne synspunkt til torgs, men dokumenterte og hadde referansar.

Larsen argumenterer med at dei fleste av dei 100 millionane med tysk som morsmål, snakkar engelsk, og då kan nordmenn snakke engelsk med dei. Han gløymer at engelsk i mange år var eit heilt perifert språk i DDR-skolen, og at mange tyskarar i dag, og slett ikkje så gamle, difor ikkje kan engelsk i heile tatt.

Larsen argumenterer med at spansk er eit verdsspråk som vi nordmenn bør kunne av di 400 millionar bruker språket. Det går an å argumentere motsett. Norske elevar lærer verdsspråket engelsk, og det held for dei fleste av oss med eitt verdsspråk dersom vi reiser rundt i verda.

Tysk er det største europeiske språket og det største språket i EU. I Dag og Tid-oppslaget om tysk vart det heilt riktig vist til at val av framandspråk i eit land er resultat av ideologiske prosessar. At tysk mot alle odds stod så sterkt i Noreg i åra etter 2. verdskrig, trur eg kom av at Vest-Tyskland var ein så viktig NATO-partnar i den kalde krigen. Særleg utover 80-talet heldt tysk skansen fordi det i mange skulemiljø vart sverma for DDR. Skulane fekk jamleg besøk av reiselektorar frå DDR. Lærebøkene hadde riktig nok skrekkhistorier om flukt over muren. Men bøkene inneheldt også det som eg vil kalle DDR-propaganda. Eg har sjølv sunge FDJ-songar frå tyskboka med elevane så seint som hausten 1989.

Paradoksalt nok førte skipinga av den sameinte nye tyske staten 3. oktober 1990 til at det for alvor gjekk nedover med tyskfaget. Lærarane valfarta riktig nok til Berlin for å sjå korleis det var der, men draumane gjekk over Atlanteren til land som Cuba, Nicaragua og Chile. Norsk venstreside hadde plutseleg ingenting meir å hente i Tyskland.

For meg har Europa-perspektivet alltid vore det viktigaste argumentet for å engasjere meg for tysk saman med synet på tysk som viktig nabospråk. Som lite språksamfunn er det viktig for nordmenn å kjenne språket til dei nærmaste naboane på globusen. Dette har til dømes både danskane og nederlendarane skjønt for lengst.

Larsen argumenterer med at realskolen på 60-talet var ein utvalsskule. I tilfelle var det eit stort utval elevar. Årskulla i realskulen var godt over 30.000 på 60-talet. Framhaldsskulen vart etter kvart eit naturleg populært val der det ikkje var realskule.

Larsen nemner klippfiskeksport som argument for spanskfaget og tek med Portugal på kjøpet i omtalen av aktuelle land. Der snakkar dei faktisk verken spansk eller tysk, men portugisisk.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Kart: Anders Skoglund, Norsk Polarinstitutt

Feature

Arvingane til Amundsen

Om lag 200 menneske vitjar Sørpolen kvart år. Denne sesongen sette fire nordmenn av garde på ski. Ikkje alle kom fram.

Hallgeir Opedal

Google byggjer nytt datasenter utanfor Skien i Telemark. – Vi kjem til å måtte byggje meir i åra framover, men vi må gjere det med ei anna forståing av at også natur og areal er ein knapp ressurs, seier Mathilde Tybring-Gjedde (H).

Foto: Cornelius Poppe / NTB

Samfunn
Eva Aalberg Undheim

Naturplan utan samling

Få opposisjonspolitikarar er nøgde med korleis Noreg skal følgje opp måla i naturavtalen. Mathilde Tybring-Gjedde (H) er ikkje viss på at naturforvaltinga i Noreg kjem til å verte betre.

Øyvind Vågnes var professor ved Institutt for informasjons- og medievitskap ved Universitetet i Bergen og fast musikkmeldar i Dag og Tid.

Foto: Universitetet i Bergen

MinneordSamfunn
Svein Gjerdåker

Øyvind Vågnes (1972–2025)

«Øyvind Vågnes var eit funn for ein avisredaksjon.»

Etter terroråtaket på Charlie Hebdo-redaksjonen 7. januar 2015 var det minnemarkeringar verda over, som her, i Oslo.

Foto: Fredrik Varfjell / AP / NTB

KommentarSamfunn
Bjørn Kvalsvik Nicolaysen

Den livsviktige satiren

Satiren må framleis ha ein heim. Ti år etter attentatet trengst det nytenking i Charlie Hebdo.

Denne hannen av munk vart fotografert i Oslo i desember 2019.

Foto: Sveinung Lindaas

DyrFeature

Vintermunkar

Fuglen munk har vore sentral i utgreiingar om fugletrekket.

Naïd Mubalegh

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis