Lukas og Josefus
Foto via Wikimedia Commons
Ønskjer du å delta i debatten? Då kan du sende innlegget ditt til ordskifte@dagogtid.no
Historie
Takk til Kjartan Myklebust for dei kloke og kritiske spørsmåla han stiller (26. januar 2024) kring teksten «Ei mørkare joleforteljing» (22. desember 2023), der eg samanlikna det evangelisten Lukas og historikaren Josefus skriv om folketeljinga under Kvirinius og tida fram mot den fyrste jødisk-romerske krigen i åra 66–73. I teksten legg eg til grunn at «den fjerde rørsla» hjå Josefus, den minst fredsæle av dei jødiske rørslene han omtalar, har mykje sams med tidlegkristne rørsler. Det finn Myklebust diskutabelt, med rette, for det veit me ikkje. Å argumentera for ein slik likskap ville ha teke all plassen, så det lèt eg vere. Ein del forsking, mellom anna nytta i frigjeringsteologien, peikar på ein slik likskap.
Var «den fjerde rørsla» hjå Josefus ei tidleg utgåve av Johannes- og Jesus-rørsla?
For no å byrja med det Myklebust og eg er samde om: Når tekstane til Lukas og Josefus finn si form kring hundreårsskiftet, vert «den fjerde rørsla» framstilt som fredsæl, ho òg, både av Josefus og av Lukas, slik ho i all tid sidan har vore framstilt, i hovudsak, som fredsæl.
Så til usemja. Kan ei rørsle som vart framstilt som fredsæl kring år 100, etter krigen, ha vore mindre fredsæl før krigen?
Nei, om me skal tru Lukas. I tekstane hans vert rørsla framstilt som fredsæl ikkje berre kring år 100, då tekstane fann si form, men i 30-åra og 40-åra òg, då hendingane fann stad.
Ja, om me skal tru Josefus. I tekstane han skreiv om rørsla kring år 100, er ho framstilt som fredsæl, men i tekstane han skreiv i 70-åra, om rørsla før krigen, er ho framstilt som valdeleg.
Av plassomsyn skal eg avgrensa meg til eit par grunnar til at Josefus kan ha rett, og at Lukas har skrive som han gjorde.
Om rørsla, eller delar av rørsla, endra seg frå valdeleg i 30-åra til fredsæl kring år 100, var ho ikkje åleine om det. Josefus er sjølv eit døme på ein jøde som fyrst kjempa mot romarane før han slutta seg til dei og vart historieskrivaren deira.
Sigerherrane skriv historia, heiter det. Slik kan det ha vore med Jesus-rørsla òg. Den delen av rørsla som «vann», var den vestlege, paulinske, greskspråklege delen av rørsla, som Lukas høyrde til, og som sette Moseloven til sides og tilpassa seg romersk lov.
Men kva for motiv kunne då Lukas ha for å framstilla rørsla som fredsæl, ikkje berre etter krigen, men før krigen òg?
Det kunne han ha mange grunnar til. Etter krigen –?eller rettare sagt: mellom krigane i 66–73 og 132–136 – var motstand mot romarane farleg, slik det òg var farleg å høyra til ei rørsle som ein gong hadde vore motstandar av romarane.
I same lei peikar det fylgjande: All forsking er samd om at avsnitta som Josefus opphavleg skreiv om Jesus-rørsla i 30-åra, sidan vart endra og forvanska, i alle dei handskriftene som har overlevd.
Håvard Rem er
journalist i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Carl Friedrich Abel (1723–1787). Utsnitt av måleri av Thomas Gainsborough frå 1777.
Mellom verder
Carl Friedrich Abel var den siste store viola da gamba-virtuosen.
Trea vil fortelje meg noko, skriv Ranveig Lovise Bungum.
Foto: Trond Mjøs
Kva ospa og dei andre trea kan fortelje oss
Anders Hovden.
Foto via Wikimedia Commons
Hovdens fredssalme
I 1923 sende Anders Hovden salmen «Joleklokker yver jordi» til bladet Under Kirkehvælv, der han kom på trykk same året.
I kvardagen kan det verte litt stress, til dømes får du ikkje den grøne pynten heilt perfekt. Men her er den herlege tomatsuppa mi med skrei.
Foto: Dagfinn Nordbø
Kvardagen
Det er dei det er flest av, kvardagane.
Teikning: May Linn Clement
Det skulle berre mangla
Det er nok ikkje manglande hjartelag som gjer at folk er interesserte i ord.