Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Ordskifte

Må grunnskulen vere som i dag?

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
4794
20171110
4794
20171110

SKULE

Eg les med interesse og undring resultata frå undersøkinga av kor det står til med lesedugleiken til dei unge som i dag går ut av grunnskulen. Aller verst er det med ungdommen nord i landet, går det fram av ein artikkel her i avisa for 27. oktober av Ronny Spaans. Eg skal ikkje repetere elendet, men gå litt attende til mi tid i grunnskulen, like før og under siste verdskrig. Statistikkar for dei som då gjekk ut av skulen som funksjonelle analfabetar, finn ein neppe. Det er altså lenge sidan. Korleis gjekk det med oss?

Dette var på den sokalla landsbygda, nokre mil frå Bodø, i gamle Bodin kommune. Der var grunnskulen delt i tre nivå: småbarnsteg, mellomklasse og storklasse. I dei to–tre åra vi gjekk i lågaste steget, hadde læraren, eller rettare sagt lærarinna, undervisningsplikt på to andre skular. Til desse andre to skulane måtte ho i båt over Saltstraumen. Ho rodde sjølv i ein straumbåt eller spissbåt. Der underviste ho då tilsvarande to veker på kvar av desse stadene også. Vi fekk altså «ferie» i ein heil månad til ho kom attende til oss. Kvart skuleår var eigentleg berre på om lag tre månader.

Så kom vi i mellomklassen, og etter kvart i storklassen, med ein lærar som tok seg av begge. Altså skule annankvar dag. Eitt skuleår var no tilsvarande eit halvt år. Så kom krigen. Wehrmachta okkuperte skulehuset, og vi fekk skule i ei privat lita stove. Dei to klassene måtte delast i tre. Med framleis berre ein lærar vart det berre to skuledagar i veka. Det var fem år som i realiteten berre utgjorde vel eitt og eit halvt skuleår.

Korleis klarte vi oss vi som gjekk ut av grunnskulen i 1945? Artikkelforfattaren undrar seg over at heile 35 prosent av dei som gjekk ut av 8. steget hamna på noko som vert klassifisert som «funksjonelle analfabetar». Då har elevane hatt skule kvar einaste dag i alle åtte åra. Landsgjennomsnittet ligg på 27 prosent. Lenger nord i landet er det verre. Dei elevane som er klassifiserte på denne måten, er ikkje kvalifiserte til å fungere i eit moderne arbeidsliv. På toppen av dette er det i dag heile 30 prosent av elevane i vidaregåande skule som droppar ut.

Bygda var lita. I den delen av bygda som eg sokna til, hadde eg femten medelevar som var på om lag same alder. I alle tilfelle i same klasse, om ikkje alle åra. Vi var jo fleire årssteg saman, og dei som vart karakteriserte som flinke elevar, vart flytta opp tidlegare enn andre. Men med så lite tid på skulen skulle ein måtte rekne med at praktisk talt alle saman var sokalla «funksjonelle analfabetar». Korleis gjekk det med oss?

Ni av oss heldt fram med realskole etter folkeskulen, og fem gjekk vidare på gymnas. Nokre gjekk på toårige realskular på tettstader i Salten. Andre fekk seg husrom i den nedbomba byen Bodø, der også eg hamna. Det fine namnet på byskulen var «Bodø offentlige høyere allmennskole».

Det blei tatt inn heile tre førsteklasser, og eg fikk sete i ein rein guteklasse på 30 elevar. Vi var vel tre eller fire frå «landet» i denne klassen, og vi frå landet hadde nok om lag like lite folkeskule, altså berre ein brøkdel av den undervisninga som byelevane. Dei hadde hatt skule kvar dag i alle sju åra. Vi frå landsfolkeskulen ville truleg i dag kome i kategorien «funksjonelle analfabetar». Men det var vi ikkje. Rett nok måtte vi ta ekstra kveldsundervisning i tysk heilt til jul, for å kome på nivå med byelevane, som hadde hatt tysk i to år i grunnskulen under okkupasjonen. Det eg høyrde frå mine medelevar i folkeskulen som gjekk på toårige realskular i distriktet, vart at det gjekk fagleg heilt fint med alle.

Kor vart det av oss etter denne elendige folkeskulen? Éin vart offiser, éin navigatør/styrmann, éin gardbrukar, éin bankfunksjonær, éin postfunksjonær, to vart lærarar, éin lektor, éin professor, éin teknisk sjef i kommunen, éin rektor i vidaregåande skule, ein ekspeditør i televerket og tre vart i hovudsak husmødrer. Det ser jo ut til at alle har lært seg både å skrive og lese. Nokre få vart altså husmødrer, som var ein nokså vanleg profesjon på den tida. Eg veit at dei kan både lese og skrive, dei òg.

Det store spørsmålet er kor viktig det er med den tida elevane sit under kateteret. Vi hadde mykje tid til alle slags leikar og spanande ekspedisjonar i skog og mark, og ikkje minst i båt i Saltstraumen. Vi fiska og salta til vintermat. Vi hadde god tid til å hjelpe til på gardane med mangt slags arbeid. Vi var med på å sette poteter og andre plantar om våren, og hauste på hausten. Vi var frå barnsbein ein del av ein sosial samanheng. Kor mykje det kan verke inn på læring, får verte forskarane si oppgåve å finne ut av, men vi med denne elendige folkeskulen klarte oss heilt greitt, og bidrog like bra til samfunnsoppgåvene som dei med ei sokalla fullgod grunnskule.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Kart: Anders Skoglund, Norsk Polarinstitutt

Feature

Arvingane til Amundsen

Om lag 200 menneske vitjar Sørpolen kvart år. Denne sesongen sette fire nordmenn av garde på ski. Ikkje alle kom fram.

Hallgeir Opedal

Google byggjer nytt datasenter utanfor Skien i Telemark. – Vi kjem til å måtte byggje meir i åra framover, men vi må gjere det med ei anna forståing av at også natur og areal er ein knapp ressurs, seier Mathilde Tybring-Gjedde (H).

Foto: Cornelius Poppe / NTB

Samfunn
Eva Aalberg Undheim

Naturplan utan samling

Få opposisjonspolitikarar er nøgde med korleis Noreg skal følgje opp måla i naturavtalen. Mathilde Tybring-Gjedde (H) er ikkje viss på at naturforvaltinga i Noreg kjem til å verte betre.

Øyvind Vågnes var professor ved Institutt for informasjons- og medievitskap ved Universitetet i Bergen og fast musikkmeldar i Dag og Tid.

Foto: Universitetet i Bergen

MinneordSamfunn
Svein Gjerdåker

Øyvind Vågnes (1972–2025)

«Øyvind Vågnes var eit funn for ein avisredaksjon.»

Etter terroråtaket på Charlie Hebdo-redaksjonen 7. januar 2015 var det minnemarkeringar verda over, som her, i Oslo.

Foto: Fredrik Varfjell / AP / NTB

KommentarSamfunn
Bjørn Kvalsvik Nicolaysen

Den livsviktige satiren

Satiren må framleis ha ein heim. Ti år etter attentatet trengst det nytenking i Charlie Hebdo.

Denne hannen av munk vart fotografert i Oslo i desember 2019.

Foto: Sveinung Lindaas

DyrFeature

Vintermunkar

Fuglen munk har vore sentral i utgreiingar om fugletrekket.

Naïd Mubalegh

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis